søndag 8. april 2007

Typografi

Typografi er interessant; eg trur det er grenselandet mellom tekst og design som gjer det fascinerande. Ellen Lupton har skrive ei lesevennleg bok om typografi - Thinking with Type (med undertittel A Critical Guide for Designers, Writers, Editors, & Students). Den er lesevennleg fordi den legg vekt på eksempel, mange og gode eksempel, og held det tekstlege omfanget på eit minimum. Lupton let eksempla i stor grad tala for seg sjølve, men kjem også med mange gode råd på vegen.

Den svakaste delen av boka er, ikkje overraskande, den som omhandlar web'en. Her er Lupton på litt tynn is innimellom med omsyn til universell utforming, tilgang for alle osv.

Eit par utdrag frå boka: Kjenner du bakgrunnen for begrepa Uppercase og Lowercase? Dei har sitt opphav frå den fysiske organiseringa av trykkeri-romma (print shops). Uppercase var fontane for store bokstavar i den øvre kassen, og Lowercase var fontar for små bokstavar i den nedre kassen. Logisk!

3 kommentarer:

Egil sa...

Typografi er en interessant, men ofte undervurdert ressurs for meningsskaping. I Norge er det stort sett folk fra typografifaget som har kommet med interessante bidrag. En av de som har skrevet innsiktsfullt om utviklingen av typografi er Torbjørn Eng. Se hans nettsted: http://home.no.net/toeng/

Svein Ø sa...

Interessant nettstad! Norge har jo ikkje nokon stolt tradisjon innanfor dette faget, men så har me heller ingen design-tradisjon å skryta av. Skulle kanskje tru at finnane og danskane hadde vore meir representerte her?

Det er Tyskland som har dominert, og overraskande nok Nederland og Sveits. Me har jo ein kjent sveitsisk designer i Norge; Bruno Oldani. Om han ikkje akkurat har markert seg innanfor dette faget, er han ein stilsikker designer som veit å bruka typografi på ein god måte. Han har m.a. laga logo/profil for Fosshaugane Campus, og frå den har me fått den "nye" logoen for Vestlandsforsking (sjå nettsidene våre).

Anonym sa...

Typgrafi og skriftbruk er interresant ja. Forskning viser jo at tekst på skjerm og papir er ganske forskjellig i lesbarhet. Fonter uten seriffer er å anbefale på nett...
kanskje du burde ta det til etterretning på bloggen? Verdana er vel den som er mest lesevennlig.