tirsdag 27. november 2007

Semantisk begrepsforvirring

Spørsmålet er kva som ligg i begrepet "semantic web"? Det er eigentleg mest ironisk at det herskar såpass begrepsforvirring om dette. Semantisk web skal jo nettopp innføra begrepsharmonisering.

Er f.eks. emnekart (Topic Maps) omfatta av "Semantic Web" og "Semantic Web Technology"? Mange (W3C) vil seia nei, men det blir samtidig nokså rart - i alle fall i mine øyre.

Kollega Robert har gitt meg følgjande definisjonar:

1) Topic Maps: teknologi og rammeverk

2) Semantic Web: rammeverk utviklet i W3C-regi.

3) Semantic Web Technology: teknologien bak W3C rammeverket, stort sett basert på RDF/OWL

4) Semantic Technologies = alt som bruker semantikk til å resonnere. XTM, SW/T, ++

Også Lou Rosenfeld har lurt på dette i bloggen sin.

søndag 25. november 2007

Er det muleg?

Eg sluttar aldri å bli overraska over kor dumme løysingar det går an å laga på nettet. Dropzone.no, som eg elles har eit godt forhold til, tek prisen med denne feilmeldinga. Stakkars dumme kundar som prøver seg på søkeord som er lenger enn 16 teikn..

lørdag 24. november 2007

Albert Åberg - 40 år etter

Johan Harstad har fått den geniale ideen å skriva historia om kva som skjedde med barnebok-figuren Albert Åberg. Dei fleste kjenner Gunilla Bergströms barnebøker med Albert og pappa Bertil som bur åleine.

Romanen har tittelen "Hässelby" og undertittelen "Demonteringen har begynt" meir enn antydar kva veg dette går. Det som fortonar seg som eit idyllisk far/son-forhold i barnebøkene viser seg å vera eit altfor tett og øydeleggjande forhold. Far Bertil er nok ikkje den kjærlege og omsorgsfulle pappaen som vi meiner å hugsa; han øver ei øydeleggjande kraft på Albert ved å gjera forholdet altfor tett så ingen av dei til slutt får pusta. Albert klarer ikkje å lausriva seg frå faren, trass i fleire forsøk, og endar med å gå til grunne i klaustrofobien. Far og son Åberg går til grunne saman med sjølve det svenske idealsamfunnet - folkhemmet.

Trass i den håplause grunntonen og utviklinga er ikkje dette berre ei dyster bok. Det er mange artige situasjonar og sitat/hint for alle som kjenner utgangshistoria. "Du er snill du, Albert, du kunne ha vore ein barnbokfigur". Eller når det for alvor begynner å gå nedoverbakke med Albert etter at han har flytta heimatt til faren og begynt å arbeida på lageret på Clas Ohlson. Han får sparken frå Clas Ohlson og blir beden om å gå, men svarer "skal bare, jeg skal bare.." - eit uttrykk Albert Åberg-kjennarar vil nikka smilande til.

Det er kreativt og det er godt skrive og Johan Harstad brukar musikkreferansar på ein overbevisande måte gjennom romanen. Slutten blir litt "over the top" for min del, men det reduserer ikkje verdien av boka. Les den!

onsdag 21. november 2007

NOKOBIT 2007

Bak det eksotiske (?) namnet skjuler det fulle namnet Norsk konferanse for organisasjoners bruk av informasjonsteknologi seg. Det er den eine av to norske IT-konferansar; den andre er NIK - Norsk informatikk-konferanse. Dei to konferansane har hatt samarbeid på arrangementsida dei siste åra, men er altså to separate konf. Nokobit representerer den samfunnsfaglege IT-sida medan NIK er meir "hardcore" IT, dvs. realfagleg retta.

Årets konferanse/-ar hadde rundt 130 deltakarar og var eit bra arrangement. Sjølv presenterte eg paperet "Accessibility of Norwegian Public Web Sites" med resultat frå Norge.no sine kvalitetsvurderingar 2004 - 2006, og då med hovudvekt på tilgjengelegheit. I tillegg var eg diskutant på paperet "An Instrument for Web Site Evaluation" frå Hanne Sørum og Bendik Bygstad, NITH.

Det fine med NOKOBIT (og NIK) er at det er ein god arena å presentera starten på arbeidet med ein artikkel. For det første er det fagfelle-vurdering av artikkelforslaga i utgangspunktet. I tillegg er det eit godt opplegg med oppnemnt diskutant og førebudde spørsmål for dei artiklane som blir godkjende. Og på toppen er det bra tid til spørsmål og diskusjon etter presentasjon og diskutant. Det fungerer verkeleg bra.

Av den grunn skulle eg gjerne sett ei breiare deltaking og ikkje berre høgskular og universitet. Forskingsinstitutta glimrar stort sett med fråver, og frå anna hald (konsulent- og rådgivingsbransjen) er det nesten ingen.

Årets bidrag er gitt ut som proceedings på Tapir forlag. Presentasjonen min blir lagt ut på vestforsk.no med det første.

fredag 16. november 2007

Sagt om telefonen

I samband med ein artikkel om usability i mobil e-handel (Venkatesh et al.) kom eg over følgjande sitat om telefonen:

"The great advantage [the telephone] possesses over every other form of electrical apparatus consists in the fact that it requires no skill to operate the instrument."
—Alexander Graham Bell, 1878

"My department is in possession of knowledge of the details of the telephone, and the possible use of the telephone is limited."
—Engineer-in-Chief, British Post Office, 1887

"There's an old story about the person who wished his computer were as easy to use as his telephone. That wish has come true, since I no longer know how to use my telephone."
—Attributed to B. Stroustrup, inventor of C++

Eg likar den siste best..

tirsdag 13. november 2007

Bloggsensur

Blogg og sensur er kanskje eit ømtolig tema. Eg synest i utgangspunktet sensur av bloggkommentarar er ein uting. Så må eg leggja til at spam og andre moment kan tvinga bloggarar til å måtta gjera det likevel. Sjølv har eg valt å ikkje ha nokon førehandssensur på bloggkommentarane ut frå prinsippet om først å prøva full openheit, og deretter eventuelt stramma litt inn dersom det skulle bli nødvendig. Heldigvis har det ikkje vore nødvendig til no.

Eg har sjølv sett at kommentarar eg har lagt inn på andre sine bloggar ikkje har vorte publiserte. Det kan vera mange grunnar til det, men at dei skulle vera støytande eller bli rekna som reklame eller spam er i alle fall ikkje tilfelle. Det kan også vera rein forgløymelse frå bloggaren si side. Hovudpoenget er: Full openheit som utgangspunkt. Særleg viktig er dette for bloggarar som nettopp har ei rolle som uavhengige kommentatorar i forhold til den meir regulerte delen av media.

torsdag 8. november 2007

5 på topp i 2007

Det er altså snakk om dei fem verste nettstadene i 2007, slik Times Magazine ser det. På lista er det i alle fall to kjende tenester: Myspace og Second Life. Den siste omtalar Times slik når dei forklarer all merksemda tenestar får særleg frå næringslivet:

The corporate world's embrace of the place as a venue for staff meetings and training sessions does seem to lend Second Life a layer of legitimacy. But maybe it's a case of some CEOs trying too hard to be hip.
Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv. Styr unna!