Aston Martin er snart den einaste forsvararen av britisk ære innan bilproduksjon. Frå å ha vore leiande på mange område (tenk berre på den erke-britiske roadsteren), køyrde britisk bilindustri i grøfta på 1970-talet og utover.
Alt anna enn engelsk
Mini er eigd av BMW, til liks med Rolls Royce, Bentley er eigd av VW og Jaguar er eigd av indiske Tata (oh, irony!). Heller ikkje Aston Martin er 100 % britisk, eigd som den er av amerikanske, kuwaitiske og nyleg italienske interesser. I tillegg er toppsjefen dr. Ulrich Bez tysk. Men styreformannen David Richards er engelsk og han har leia den finansielle omstruktureringa av selskapet. Ei omstrukturering som har nesten 100 års historie, for økonomisk har Aston Martin balansert på kanten av stupet heile tida.
Bamford Martin?
Aston Martin er likevel britisk tvers gjennom og har halde koken sidan 1913. Bilfabrikken vart starta av Robert Bamford og Lionel Martin og skulle slik sett heitt Bamford Martin. Grunnen til Aston Martin-namnet er Lionel Martin og favorittløpet hans som racer-sjåfør i Aston Hill.
James Bond-bilen
Det britiske er ikkje minst understreka gjennom sterke band til James Bond-filmane. I Ian Flemmings originale bøker køyrde James Bond Bentley, men i filmane er det først og fremst Aston Martin som gjeld. Den første filmen med Aston Martin i "hovudrolla" var Goldfinger, med ein DB5, og den bilen dukka også opp att i den siste filmen, Skyfall.
David Brown: traktor og sportsbil
DB-serien av Aston Martin fekk namnet frå eigaren på den tida, David Brown. Han var mest kjendt for produksjon av traktorar og hadde skapt seg ei formue på det. Han eigde Aston Martin frå 1947 til 1972. I den tida vart det laga mange legendariske DB-modellar, framfor alt DB4 og DB5.
Ein annan sentral person dei siste 20 åra er Ian Cullum. Han har vore ansvarleg for design av alle nye modellar frå og med DB7, som representerte ei stor fornying av Aston Martin.
Jubileumsutgåve av C&SC
I samband med 100-årsjubiléet har tidsskriftet Classic & Sports Car eit eige innstikk om Aston Martin i det siste nummeret. Dette nummeret er forresten å få kjøpt på Narvesen til spesialpris (59,- mot over 100,- til vanleg), så av stad og kjøp!

Aston Martin DB5 (Foto: Olli1800 CC-BY-SA) |

Spesialhefte om Aston Martin i siste C & SC |