fredag 26. januar 2018

Blokk-kjede i offentleg sektor

Partnarforum arrangerte måndag 22. januar eit seminar med tittelen "Blockchain-teknologi - mer revolusjonerende enn internett?". Temaet var tydelegvis populært og meir enn 200 deltakarar melde seg på, med venteliste for å komma inn. Etter fire innleiande presentasjonar (sjå notatar under og elles lenke til video og presentasjon), innleia Arild Haraldsen til paneldiskusjon og spørsmål frå salen.

Partnarforum er eit samarbeid mellom Handelshøyskolen BI, Universitetet i Oslo og 19 partnarar frå statleg forvaltning. Forumet arrangerer møte og seminar om aktuelle tema for statsforvaltninga. BI og UiO har sekretariatsfunksjonen.

Innleiingane på seminaret finn du i dette videoopptaket (NB! Krev Flash :(

Notatar frå seminaret (NB! ikkje bearbeida):
Eg innleia først om Bitcoin og blokk-kjede (sjå presentasjon under). Eg tok meg den fridommen å seia at frå og med i dag (22.01.18) er det ikkje lenger lov å seia eller skriva "blockchain". Heretter må alle kalla det "blokk-kjede". Det fungerte bra, for dei andre innleiarane tok seg i å seia "blockchain" og kom plutseleg på at det "ikkje var lov" lenger ;)



Nader Aeinechi, Skatteetaten
Sikker, autentisk informasjon
- motstandsdyktig mot angrep, sabotasje, spionasje, regimeendringar, naturkatastrofar, migrasjonar

Offentleg forvaltning har ofte rolla som tiltrudd tredjepart

"Append-only"
Uforanderleg - ikkje endrast eller slettast
Full transaksjonshistorikk

Kva med retten til å bli gløymd?

Proof of Concept (PoC) i Skatteetaten
- sameina to motstridande krav (auka sikkerheit og uforanderleg og også oppfylla personvernkrava)

Vogge-til-grav blokk-kjedeløysing
- all informasjon blir eigd av innbyggjarane sjølve
- ingen bakdører til blokk-kjeda
- den offentlege etaten må signera informasjonen med sin private nøkkel og personen sin off. nøkkel for seinare

Ei offentleg blokk-kjede
- t.d. Ethereum
- nasjonalt?, nordisk? europeisk?

Smarte kontraktar på toppen av ei vogge-til-grav kjede

Set innbyggjaren i sentrum!

Bruk av avatar som ein representasjon av den spesifikke innbyggjaren ["token-ifisering"?]
- ein fysisk person kan ha eit hierarki av avatarar, der den enkelte avataren berre har så mykje informasjon som er nødvendig for å ei spesifkk oppgåve (t.d. utrekning av skatt)
- sterkt personvern samtidig med god sporing
- rettferdig handsaming, uavh. av personen

Cat. Holten, Br.reg/Altinn
- I Norge har me mange dataregister, og eit godt utvikla system for registerforvaltning
- SERES, Oppgåveregister og no Nasjonal felleskatalog for heilskapleg informasjonsforvaltning
- blokkjede som plattform er eit spennande tema
- har løfta blikket og ser plattformer i eit internasjonalt perspektiv
- korleis kan blokk-kjedeteknologien gi oss ei betre forvaltning av felleskomponentar?
- fullmakter, rollar ++ er eit veldig komplekst område, men det må handterast
- grunndataregister (matrikkelen, folkeregisteret

- Br.reg: 17 reg. som blir behandla i 14 ulike system, dette skal samlast i eitt system
- grunnlag for større grad av automatisering
- i kravspes. står det ikkje veldig mykje om blokk-kjedeteknologi (!)
- 30-30-30-samfunnet: 30 år før arbeid, 30 år i arbeid og 30 år som pensjonist
- "Request for Information": Skal køyra eit blokkjede-prosjekt saman med IBM og ei studentgruppe
- sjølv om det kanskje er å startar i feil ende, er det viktig å bli kjendt med teknologien og starta utprøving
- rolla kan vera integrator, samordnar, sandkasse for testing av blokk-kjede, ressurssenter (?)

Case:
- el. aksjeeigarbok
- sandkasse
- API-handtering
- rollar og rettar
- register som omhandlar fast eigedom
- eigedomsoverdraging

Br.reg/Altinn tek gjerne ei utvida rolle i utprøving av blokk-kjedeteknologi, t.d. gjennom å tilby ei "sandkasse" for eksperimentering.

Christian Thindberg, NAV
- off. sektor er også investor: ikkje investera for tidleg, men heller ikkje for seint
- for tillit er openheit veldig vktig (blokk-kjede er eigentleg full openheit for alle)
- for å komma frå "visjonær"-delen til "pragmatisk"/mainstream må teknologien stiga over ei kløft, og for å klara å stiga over kløfta må teknologien løysa ekte problem
- som TCP/IP-utviklinga, treng også blokkjede tid, og kanskje endå lenger tid
- den tillitsbaserte offentlege forvaltninga me har i dag er ein grunnleggjande sikkerheit og eit gode me må ivareta - kva då med blokk-kjedebaserte løysingar som ikkje treng den tilliten? Går vi mot eit rettslaust, Orwelliansk samfunn styrt av algoritmar?

Arild Haraldsen: Når statisk forvaltningskultur møter ei dynamisk teknologiutvikling
- kan tolka den tittelen på to måtar..
- tillit er eit konkurransefortrinn i privat sektor, i offentleg sektor er det heilt nødvendig
- det er ikkje teknologien åleine som utgjer ei mulegheit eller ein trussel
- Datatilsynet sin rapport om blokk-kjed (eller var det GDPR/nye personvernreglar (?)
- Skatteetaten sin endring av skatteopplysningar (sjølvmelding) var ikkje ei teknologisk endring, men endring av forretningslogikken. I staden for å be innbyggjarane opplysa om detaljane, henta Skatteetaten inn alt dei kunne og spurde innbyggjaren om det var rett.
- det som manglar er ein samordna strategi for forvaltningsutvikling (sjå artikkelen "Forvaltningsutvikling og digitalisering")
- her kjem teknologien inn som eit muleg grensesprengjande element
- "Wicked problems" -> "Garnnøste"-problemet (Difi, 2015)
- artikkel i "Stat og styring" (kjem i april) om korleis rekna ut gevinstar av off. teknologi-investeringar
- den digitale grunnmuren: investeringa er ikkje så lett å rekna ut gevinsten av, gevinstane kjem mykje seinare og på andre område enn der invsterina har skjedd

Paneldiskusjon med innspel frå salen.
Paneldiskusjonen og spørsmåla frå salen er ikkje med i videoen og blir heller ikkje referert her. Eg tek berre opp att dei innleiande utfordringane frå Arild H.:

Hvilken rolle kan blokkjede spille for offentlig sektor) Som plattformteknologi? Hvorfor når vi allerede har fungerende plattformer?

Tillit er et sentral element i offentlig sektor. Er ikke dette forskjellig fra privat sektor der tillit er et konkurransefortrinn, mens det i offentlig sektor er en nødvendighet.

Når og hvorfor bør offentlig sektor investere i blokkjede?

Blokkjede vil kortslutte flere mellomledd, og endre maktfordelingen i verdikjedene, jfr. selg bolig-eksempelet. Hvilke konsekvenser vil dette ha? Hvilken betydning vil dette ha for organiseringen av offentlig sektor?

2 kommentarer:

Njål Ølnes sa...

Hei!
Veldig tydeleg og godt føredrag du heldt!
Eg vert litt forvirra av enkelte ting som eg oppfattar som motstridande, men som sikkert har ei elementær forklaring:
Du presiserer at blokk-kjeda ikkje i seg sjølv er sikker, men at det er brukarane/kollektivet som gjer den sikker. Eller misforstod eg heilt her? Eg trudde det nettopp var kjeda i seg sjølv som skulle garantere at ingen kan tukle med den og at den difor egnar seg så godt til å handsame vitnemål, kontraktar osb,?

Eg er samd med deg i at alle samanlikningar mellom tulipan-krakk og til dømes dotcom-bobler ikkje er særleg god. Eit anna spørsmål er om den (dotkom) bobla var naudsynt for å "rydde opp" og komme vidare, og om den var startskotet for opphopinga av økonomisk makt og dei store konsentrasjonane av informasjon me ser no? Og om dette er ei naturlov (den sterkaste sin rett) i slike (i utgangspunktet) opne system?
Njål

Svein Ølnes sa...

Takkar! :)
Det stemmer at det ikkje er blokk-kjeda i seg sjølv som er sikker, men prosessen med "utvinning" av nye bitcoin - det som blir kalla "proof of work". Blokk-kjeda gjer det enkelt å sjå om nokon prøver å juksa, men kan ikkje i seg sjølv hindra at det blir gjort. Det er energi-innsatsen, proof of work, som sikrar blokkjeda. Blokk-kjeda er "tamper evident", medan proof of work-funksjonen gjer den "tamper resistant".

Det siste spørmålet er vanskeleg å svara på. Det kan sjå ut som at teknologi, utan regulering av noko slag, har ein tendens til å verka sentraliserande. Det er vel fordi i denne typen økonomi (nett-økonomi) er det ein tendens til at "vinnaren tek alt". Og til meir ein kan konsentrera ressursane gjennom sentralisering, til større sjanse har ein til å lykkast.

Eg veit ikkje om dot.com-bølgja var naudsynt for utviklinga av nettet, men den fungerte som eit filter der berre dei som hadde reell substans slapp gjennom, og alle luftslotta vart stoppa. Ei ofte undervurdert side ved dot.com er den enorme utbygginga av infrastruktur som skjedde, og som ikkje kunne omgjerast. Det vart bygt ut enorme mengder breiband og det vart fundamentet for den vidare veksten på nettet. Det blir omtrent som fysiske bygg i ein ekspansjonsfase. Sjølv om det blir ein nedgang i eigedomsmarknaden, står bygga der og kan brukast seinare.