tirsdag 22. mai 2018

Digitale sentralbankpengar

Norges Bank har i ein ny rapport (Memo 1/2018) vurdert digitale sentralbankpengar (DSP). Dei er ikkje åleine om å gjera dette, og andre sentralbankar har komme ein god del lenger. Det er uansett positivt, og nødvendig, at Norges Bank tek tak i problemstillinga og informerer om kva dei tenkjer. Endå betre ville det vore om dei opna for ein tovegs-dialog, t.d. ved å oppretta ein blogg.

Problemstillinga er klar nok: Kontantdelen av pengebruken i samfunnet er fallande og utgjer no berre 2,3 % av pengebehaldninga (M1). Den andre gunnen til å vurdera DSP er den teknologiske utviklinga og særleg utviklinga innan kryptovaluta og blokkjede. Samtidig vil etablering av DSP kunna sikra følgjande viktige føremål som kontantar dekkjer i dag:

  • Eit kredittrisikofritt alternativ til kontopengar (bankinnskot)
  • Ei uavhengig betalingsløysing som eit alternativ til bankane si løysing (sårbarheit og beredskap)
  • Eit sporingsfritt betalingsalternativ

I utgreiinga blir det sett fram to alternative modellar for DSP:
  1. Kontobasert
    Lagring av både verdiar og prosessering skjer sentralt. Pengane er på konto i eit felles konto-system og blir flytta mellom konti. Dette blir parallelt med bankane sittt system for konto-pengar, berre med skilnaden at det er Norges Bank fordringa er mot.
  2. Verdibasert
    Denne modellen har desentral lagring og prosessering. Den enkelte brukaren har pengane lokalt hjå seg, sannsynlegvis på mobilen eller på eit kort. Overføring av pengar skjer direkte mellom partane utan å gå vegen om Norges Bank. 
Den verdibaserte modellen liknar mest på dagens kontantar, Denne modellen kan også løysast ved bruk av Distributed Ledger Technology, DLT (me manglar eit godt norsk uttrykk for dette!). Men Norges Bank meiner denne teknologien er for umoden, både på kort og mellomlang sikt (kva er mellomlang sikt?) og avviser med det bruk av blokkjede.

Etablering av DSP vil kunna få store følgjer for bankane, avhengig av korleis eit slikt system blir utforma. Bankane kan få konkurranse om innskot, noko som igjen kan påverka kredittfunksjonen deira.

Det er i det heile mange opne spørsmål kring DSP, og det er også konklusjonen i rapporten frå Norges Bank. Her er det viktige spørsmål som må utgreiast nærmare. Bruken av blokkjede-teknologi er det som får minst merksemd, og det er på ein måte naturleg. Dei vanskelege spørsmåla er først og fremst knytte til andre forhold enn teknologiske. Samtidig ville det ikkje vore unaturleg om Norges Bank gjekk grundigare inn på også denne delen av utfordringa på ein litt grundigare måte enn dei har gjort. Dei har nærmast avfeidd teknologien, i alle fall på "kort og mellomlang sikt". Kva er mellomlang sikt??

torsdag 10. mai 2018

Sturle Sunde mot Nordea

Oslo tinghus
Saka mellom Sturle Sunde i Bitmynt.no og Nordea enda med tap for Sturle i Oslo tingrett. Saka har fått mykje merksemd, både fordi det handlar om Bitcoin og fordi den innheld prinsipielle problemstillingar. Dommen er einsidig i favør av Nordea og har ikkje levna Sturle ein trevl av håp.

Etter å ha lese dommen, er det to forhold som uroar meg:
  • Dommaren har ikkje forstått teknologien og sporingsmulegheitene i Bitcoin og det har påverka dommen
  • Kvitvaskingslova er så omfattande og vid at den trumfar alt anna (personvern, retten til å driva ny næring innan området)
Det siste punktet er det viktigaste og dermed også det vanskelegaste. Lova gir bankane blankofullmakt til å regulera kven som skal få driva næring innan kryptovaluta. Den andre lova som er viktig for dommen, er finansavtalelova.

Sturle Sunde og Bitmynt.no
Sturle Sunde har drive bitcoin-veksling gjennom Bitmynt.no i mange år. Han har drive verksemda som enkeltpersonforetak, med dei ulempene knytt til risiko det har. Han ønskjer å oppretta eit aksjeselskap både for risikoen sin del, men også fordi han vil profesjonalisera og automatisera drifta og tilsetja fleire personar. Problemet er at utan bankkonto får han ikkje oppretta eit aksjeselskap, og det er bakgrunnen for saka. Han meiner Nordea urettvist har avslege søknaden hans om konto for Bitmynt AS.

Ekspertvitne
Eg må leggja til at eg var innkalla som ekspertvitne av Sturle & co. Det var ei interessant oppleving, men har tydelegvis ikkje påverka dommaren eller dommen. Saka gjekk i tingretten 19. og 20. april, og eg vitna 19. april. Eg møtte opp i tingrettsalen kl. 09.00 då saka skulle starta, berre for å få beskjed om at eg ikkje kunne følgja saka før etter at eg sjølv hadde vitna. I ettertid har eg fått vita at dette er feil. Ekspertvitne, eller sakkunnige vitne, både kan og bør følgja heile saka nettopp fordi dei er innkalla som sakkunnige. Skikkeleg tabbe der altså, av ein eller annan av partane (eg veit ikkje kven som tabba seg ut her).

Det vitnet som er tillagt vekt i dommen, er politioverbetjent Erik Sneeggen i Kripos. Det er berre vitneforklaringa hans som er referert og brukt i dommen, utanom partane sine forklaringar.

Manglande teknologiforståing
Kan ein forventa at dommaren skal forstå korleis Bitcoin og blokkjedeteknologien fungerer? Nei, det blir for mykje å forlanga. Men det er likevel svært viktig at dommaren forstår så mykje at ikkje dommen kviler på feil premissar. Dommaren skriv om Bitcoin og sporing:
Overføringer av bitcoins er fullt sporbart i alle ledd, idet alle bokstav- og tallkodene vil vises i en åpen database, men uten den private nøkkelen, finner man bare tallkodene, og ikke navnet på eieren av bitcoin. Den private nøkkelen er anonym og man må ha tilgang til lagringsmediet hvor denne oppbevares for å kunne bruke bitcoin eller avdekke hvem som er eier.
Slik sett er bitcoin omtalt som pseudoanonymt. Man får kjennskap til alle transaksjoner i en handelskjede, i form av tall og bokstavkoder, men ingen navn.  
Dette er ein upresis omtale og utelukkar den vanlegaste sporingsmekanismen: IP-adresser. Koplinga mellom ein bitcoin-transaksjon og ei IP-adresse er ikkje nemnt i dommen; ordet IP er ikkje nemnt i den. Det er bortimot skandale!

Finansavtalelova
Finansavtalelova seier at bankane må ha sakleg grunn for å avslå å ta i mot betalingstenester på vanlege vilkår (Finansavtalelova § 14). Grunnen til at det er formulert slik, er nettopp bankane sin dominerande posisjon i betalingsmarknaden. Dei har i praksis vetorett når det kjem til etablering av aksjeselskap. Utan bankkonto får du ikkje oppretta eit AS. Finansavtalelova seier dette om å avslå kontoforhold:

(1) Institusjonen kan ikke uten saklig grunn avslå å ta imot innskudd eller utføre betalingstjenester
på vanlige vilkår.

(2) Kunden skal underrettes om avslag uten ugrunnet opphold når ikke annet er bestemt i eller i
medhold av lov. Underretningen om avslag skal inneholde opplysning om utenrettslige
tvisteløsningsordninger.

Det springande punktet i saka er kva som er sakleg grunn. I Odelstingsprop. 41 (1998-99) heiter det:

Som Banklovkommisjonen peker på, vil nektelse av å ta imot betalingsoppdrag bare kunne anses som saklig i særlige tilfeller. F eks vil det ikke være saklig grunn til å avvise en kunde at denne er utlending. Enkelte høringsinstanser reiser spørsmål ved forholdet mellom den foreslåtte regelen og regelverket mot hvitvasking av penger, se finansieringsvirksomhetsloven (lov 10 juni 1988 nr 40) § 2-17 og forskrift 7 februar 1994 nr 118 om tiltak mot hvitvasking av penger. Det vises til at hvitvaskingsforskriften § 6 pålegger finansinstitusjoner å avvise kunder ved mistanke om hvitvasking av penger, og at hvitvaskingsreglene pålegger institusjonen ikke å gjøre kunden kjent med at avvisningen skyldes mistanke om hvitvasking av penger.

Banken sin rett til å avvisa eit kundeforhold etter finansavtalelova § 14 blir utfylt av kvitvaskingsregelverket. I kvitvaskingslova § 10 heiter det:
Et etablert kundeforhold skal avvikles hvis fortsettelse av kundeforholdet medfører risiko for transaksjoner med tilknytning til utbytte av straffbare handlinger eller forhold som rammes av straffeloven §§ 131 til 136 a.
Dommaren understrekar at banken såleis har plikt til å avvisa eit kundeforhold dersom det føreligg risiko for transaksjonar med tilknyting til straffbare handlingar eller terrorfinansiering. Nordea sin påstand er at det er stor riskiko for at Sturle Sunde sin aktivitet både bidreg til kvitvasking og til terrorfinansiering.

Kvitvaskingslova
"Lov om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering mv. (hvitvaskingsloven)" er frå 2009 og er den sentrale lova Nordea viser til, og som også dommaren byggjer dommen på. Føremålet med lova er ".. å forebygge og avdekke transaksjoner med tilknytning til utbytte av straffbare handlinger eller med tilknytning til terrorhandlinger." I § 4 er det lista opp kven som er omfatta av lova. Sidan vekslingstenester for kryptovaluta ikkje er regulerte, og kryptovaluta definert som formuesobjekt, er ikkje vekslingstenestene omfatta av lova. Men Nordea er omfatta og det er deira påstand om risiko for kvitvasking og terrorfinansiering gjennom deira system som er det sentrale.

"Kundekontroll og løpende oppfølgin" er ein sentral del av lova og det er her retten meiner at Sturle Sunde ikkje har gode nok rutinar. Sturle kjenner ikkje alltid identiteten til dei han handlar med, særleg gjeld det utanlandske kundar. Det paradoksale er at med det nye, planlagde Bitmynt.no AS vil Sturle ta i bruk BankID som autentiseringsløysing. Dommaren tek ikkje omsyn til dette fordi det ikkje var klart i søknaden om konto hos Nordea at Bitmynt.no skulle ta i bruk BankID.

Det store problemet med denne lova er at den er så vidtfemnande, og at den set andre viktige omsyn til side, som t.d. retten til personvern også i økonomiske saker. Kvitvaskingslova fungerer som eit "simsalabim" for det etablerte finanssystemet. Dei kan berre peika på den og då er diskusjonen over. Det er også dommaren si haldning. Kvitvaskingslova trumfar alt, og er det den minste tvil om du klarer å spora kvar einaste transaksjon, har du tapt. Og oppi det heile veit me at det meste av kvitvasking likevel skjer gjennom det etablerte finanssystemet.

Endring av kvitvaskingslova
Som ei følgje av EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv, blir kvitvaskingslova endra i desse dagar. EU sitt kvitvaskingsdirektiv er ein minimumsstandard; EØS-landa kan vedta strengare lover, men ikkje mildare. Justiskomitéen har gitt sine merknader til regjeringa.

Av merknadene er det grunn til å merkja seg mellom anna:

Mindretalet i Finanskomitéen (AP, Sp, SV, MDG og R) "vil tydeleg streke under at det er svært viktig at etterlevingskostnadene for bedriftene vert så låge som mogleg. Dette bør vere eit heilt overordna omsyn i departementet si oppfylging av lovframlegget."

Sp, SV, MDG og R er vidare opptekne av at den endra kvitvaskingslova ikkje bli konkurransevridande og favorisera store og etablerte finansføretak. Dei er uroa for at dei nye reglane vil føra til dyrare tenester pga. ytterlegare byråkratisering av samfunnet. Her er AP på linje med regjeringa.

Spørsmålet om rettstryggleik og rett til bankkonto:
"Komitéen er på det reine med at alle borgarar i eit moderne samfunn både har trong til og rett til bankkonto. Bankane sitt høve til å avvise kundeforhold bør vere svært avgrensa og må vere ein utveg som kjem på tale fyrst når andre tiltak er uttømde."

"Komiteen er samd med departementet i at dei rapporteringspliktige snarare enn å avvikle eller avvise kundeforhold bør kunne forventast å handtere risikoen for slike kundar."

Dommen
Trass i at dommaren sjølv skriv at data frå analyseselskapet Chainalysis viser at den illegale delen av bitcoin-transaksjonar (handel på det mørke nettet) har gått kraftig ned, og no sannsynlegvis utgjer berre om lag 1 % av alle transaksjonar, landar ho på at det er betydeleg risiko transaksjonar knytt til kvitvasking og andre straffbare forhold, og Sturle taper saka fullstendig.

Men Sturle Sunde er ikkje den som gir seg lett. Han har alt anka avgjerda til lagmannsretten. All ære til Sturle som vel å kjempa vidare. Saka har stor prinsipiell betydning og han går opp løypa for alle andre som ønskjer å driva næring innan kryptovaluta. Slik sett er det all grunn til å støtta han i forsøket; også økonomisk. Meir informasjon om donasjon finn du her. Sturle tek i mot både bitcoin og gamle pengar ;)