Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv i dag som svar på Terje Erikstads artikkel "Bitcoin er en fiasko". I tillegg har Nikolai Johan Heum i Finstart Nordic også eit godt innlegg med tittelen "For hvem er bitcoin en fiasko, DN?".
Her er Erikstads artikkel som sette i gang det heile:
Og her er svaret eg sende til DN:
(usikker på om innlegget er ope og gjengir det difor under)
Her er Erikstads artikkel som sette i gang det heile:
Og her er svaret eg sende til DN:
(usikker på om innlegget er ope og gjengir det difor under)
Bitcoin som fiasko
Lite
provoserer tradisjonelle økonomar meir enn Bitcoin og kryptovaluta. Frå
Erikstad til Krugman og Schiller er dommen eintydig: Bitcoin er ein fiasko og
håpet er ein snarleg død. Eigentleg skulle Bitcoin vore død for lenge sidan,
men kryptovalutaen har vist seg seig og er framleis i live – trass i meir enn
350 nekrologar.
Dersom
Erikstad var sett til å vurdera Internett etter 10 år, ville han konkludert med
at det var ein fiasko som globalt nettverk. Det same ville han gjort etter både
20 og 30 år, faktisk skulle det gå over 35 år før konseptet til slutt tok av og
vart det dominerande globale kommunikasjonsnettverket.
Arkitekten
bak Bitcoin ofra bevisst kapasitet til fordel for sensurfridom og
desentralitet. Godt fungerande betalingsløysingar vil ta tid, og vil ikkje skje
på blokkjeda, men i eit eige lag, med blokkjeda som eit avstemmingslag.
Bitcoin
som valuta har ingen ibuande verdi, skriv Erikstad. Men det same kan for ein
stor del seiast om gull. Prisen på gull kan ikkje forklarast med bruksnytten av
metallet, så kvifor er gull så verdifullt då?
Før
Internett slo gjennom, var det fleire fungerande globale nettverk, til dømes
IBM sitt SNA-nett. Det var langt overlege Internett, men likevel vart Internett
den globale standarden. Mykje av grunnen var at det var ope for alle å delta i
utviklinga og dermed vart innovasjonstakta mykje større. Det same kan seiast om
opne blokkjeder samanlikna med proprietære finanssystem. Det betyr ikkje at
Bitcoin ein dag vil overta som føretrekt betalingssystem, men med innovasjonsfarten
i kryptomiljøet vil det vera farleg å undervurdera potensialet til denne nye
teknologi-infrastrukturen.