Foto: Steven Millstein (CC BY 2.0) |
Utviklinga i 2018 viste m.a.:
- Styrking av Bitcoin trass i kraftig kursnedgang
.. og styrkinga kjem på kostnad av altcoins der framtidsutsiktene er dystre - Ethereum har hatt eit trøblete år og fått fleire arge konkurrentar
- ICO og vill vest ser ut til å gå over til meir kontrollerte former for kryptofinansiering
- Det er framleis vanskeleg å sjå gode bruksområde ("use case") utanom valuta
- Datasenter-verksemd basert på kryptovaluta fekk ein kraftig knekk med bortfall av redusert el-avgift her i landet
If it doesn't kill you it just makes you stronger
Trass i nye dødsdommar for Bitcoin og kryptovaluta, er Bitcoin "still alive and kicking".
Andreas M. Antonopoulos har mange gode analogiar. Han samanlikna ein gang uroa og diskusjonen i Bitcoin-miljøet og den tilsynelatande idyllen i altcoin-miljøa slik:
Bitcoin er eit skip ute på det opne havet, i full storm og med "alle mann til pumpene!". Inne i hamna ligg altcoin-båtane i stille og rolege forhold og med mannskapet på øvre dekk med paraply-drinkar. Dei peiker på Bitcoin og ler: "Sjå på Bitcoin, haha, skipet går snart under".Dårleg år for Bitcoin, krise for Altcoins
Og så skulle altcoin-systema ut i den harde, verkelege vinden. Det gjekk ikkje bra, det ser faktisk ut til å gå mykje dårlegare enn det Bitcoin har vore gjennom. La oss difor gravleggja metaforen "Blokkjede 1.0, 2.0 og 3.0" for alltid! Det er ikkje slik at Bitcoin er den første, men primitive blokkjeda, og Ethereum og andre er 2.0 og 3.0 og mykje meir moderne og robuste. Det er heller tvert om; svakheiter både i Ethereum og andre blokkjeder har vist seg for fulle det siste året og gir grunn til å tvila på framtida for mange av dei.
Ethereum i hardt ver
Det er grunn til å håpa at Ethereum vil klara seg gjennom stormen, men akkurat no er systemet ille ute. Fordelen deira er eit stor utviklarmiljø. Ethereum tilbyr eit alternativ til Bitcoin som er både interessant og nødvendig, samtidig som alternativet er veldig sårbart. Både Turing-komplett programmeringsspråk (Solidity), satsinga på smarte kontraktar og planen om overgang til Proof of Stake er interessante som kontrast til Bitcoin.
Ethereum har hatt eit vanskeleg år bak seg. Etter å ha opplevd stor etterspørsel som fundament for dei mange ICO-ane (Initial Coin Offerings), har presset mot ICO-ar og dei mange skandalane knytte til finansieringsmåten, ført til ein flukt frå Ethereum og eit stort press på å selja ether for å redda stumpane. I tillegg har farsotten Crypto-kittens for alvor vist problema med skalering hjå Ethereum. Dette "leiketøyet" tvinga Ethereum i kne og fekk mange til å tvila på "the World Computer".
Overgangen til Proof of Stake vanskeleg
Ethereum har også problem med overgangen til ny konsensusmodell; frå proof-of-work (PoS) til proof-of-stake (PoS). Overgangen har vore annonsert lenge, og det er til og med koda inn ei "bombe" for å tvinga fram overgangen. "Bomba" er kode som vil auka vanskegraden i PoW-metoden eksponensielt som eit middel for å tvinga fram overgangen. Men bomba har måtta deaktiverast og overgangen utsetjast fordi det framleis er stor usikkerheit om PoS vil fungera slik ein håpar på. Eg trur framtida for Ethereum er sterkt avhengig av Bitcoin. Ethereum må rett og slett "kjøpa" seg sikkerheit frå Bitcoin - t.d. ved å lagra tilstanden i blokkjeda ("snapshot") på Bitcoin-blokkjeda med visse mellomrom for å unngå omskriving av historia.
"Move fast & break things"
"Move fast & break things" har vore Ethereum sitt motto heile vegen, i sterk kontrast til Bitcoins konservative policy. Det har ført til ein del kontroversar, ikkje minst The DAO-episoden som resulterte i splitting i to separate Ethrereum-kjeder. Det opna også for tvil om Ethereums uforanderlegheit ("immutability"). Den episoden viste også ein annan viktig skilnad mellom Ethereum og Bitcoin: Der Bitcoin aldri har hatt nokon tydeleg leiar, og meritokrati er det viktigaste, har Ethereum alltid hatt ein sterk, og sentral(istisk), organisasjon i Ethereum Foundation. Ethereum har også hatt sterke og tydelege talspersonar, særleg i Vitalik Buterin.
Arge konkurrentar til Ethereum
Gjennom 2018 har Ethereum fått tydeleg konkurranse, særleg frå blokkjedene EOS, Cardano, NEO og Tron. Fleire av desse kompromissar på desentralitet og oppnår dermed større kapasitet.
EOS
EOS har til dømes 21 utvalde "blokk-produsentar" etter modellen Delegated Proof of Stake (DPoS). Men det er stilt spørsmål ved sentraliseringa av denne kryptovalutaen. Men det er flinke folk bak EOS, mellom anna Daniel Larimer som var sentral bak både BitShares og Steemit, og som har hatt ei sentral rolle i utviklinga av DPoS-systemet. Men med ingen, eller svært små, gebyr, har blokkjeda i EOS vakse eksponensielt til 4 TB i løpet av 8 månader. Slikt verkar ekstremt sentraliserande sidan det ikkje er mange som har mulegheit til å lagra så mykje data.
Cardano
Cardano har også sterke utviklarar i ryggen, først og fremst Charles Hoskinson. Han var sentral i utviklinga av Ethereum, og seinare Ethereum Classic. Cardano brukar konsensus-algoritmen Ouroboros, som er ein PoS-variant. Cardano har interessante koplingar til miljøet bak programmeringsspråket Haskell.
NEO
NEO er ein slags kinesisk variant av Ethereum. Dei har integrert PKI (Public Key Infrastructure) og autentisering av brukarar - kanskje ikkje så rart sidan dei opererer i Kina. Det bryt sjølvsagt med den grunnleggjande blokkjede-modellen Bitcoin introduserte, men gir også større mulegheiter for aksept frå næringsliv og styresmakter.
Tron
Også Tron ønskjer å framstå som eit "betre Ethereum enn Ethereum" og viser mellom anna til større kapasitet (over 2000 trans./sek.). Det mest intressante med Tron er at dei har overteke BitTorrent. Det blir spennande å sjå kva dei kan få ut av det.
Ethereum har altså konkurrentar halsande bak seg, og vil få det tøft framover viss ikkje dei klarer å få bukt med utviklingsproblema og den mislykka framdrifta.