Libra "white paper": https://libra.org/en-US/white-paper/ |
Valutaen skal styrast frå ei stifting oppretta i Sveits; Libra Association. Facebook ser sjølvsagt at dei ikkje kan stå som direkte eigarar av valutaen og at den må styrast med ei armlengdes avstand. Men "make no mistake": Dette er Facebooks initiativ og vil bli styrt av dei.
Desentralitet
Den første overraskinga er kanskje at prosjektet framstår såpass desentralisert som det gjer, i alle fall planane for utviklinga. I første omgang er det eit kontrollert system med inntil 28 utvalde firma som validatorar. Dei har kjøpt seg inn i prosjektet med $ 10 mill. kvar og blir kalla "Founding Members". Målewt er at talet på medlemmer skal aukast til 100 i løpet av lanseringa i første halvår 2020. Vidare er planen at Libra skal desentraliserast ved at alle kan delta i godkjenning og validering. Det skal skje med innføring av Proof of Stake-konsensusmodell, etter modell av Ethereum. I starten brukar Libra konsensusmodellen Practical Byzantine Fault Tolerance (PBFT), ein modell som fungerer i lukka/kontrollerte miljø, men ikkje i opne blokkjedesystem.
Som Bitcoin og Ethereum, har ikkje Libra innebygd identitetshandtering. Men igjen: tru ikkje at Libra blir eit anonymt betalingssystem! Tvert om er det grunn til å tru at overvakingssamfunnet blir utvida endå meir og vil også omfatta kryptobetalingar. Facebook veit alt om eigne brukarar, og dette vil også følgja med når FB-brukarar nyttar Libra.
Blokkjede? Kryptovaluta?
Både 'blockchain' og 'cryptocurrency' er begrep som blir flittig brukte av Facebook for å karakterisera det nye valutasystemet. Men strengt teke er ikkje dette ein blokkjedebasert kryptovaluta som t.d. Bitcoin og Ethereum. Den er heller å rekna som ein stabil-valuta ('stablecoin') og bør heller samanliknast med Tether og liknande system, kontrollerte av enkeltorganisasjonar.
Libra sin verdi skal knytast til eit knippe valutaer ('basket') og ikkje direkte til US Dollar. Det blir på same måte som Det internasjonale pengefondet (IMF) sin SDR - Special Drawing Rights - som også er knytt til dei største valutaene globalt.
Valuta for utviklingsland
Målgruppa for valutaen er først og fremst dei som ikkje har banktenester i dag, såkalla "unbanked". Det er nok like mykje eit retorisk grep som ein realitet, sjølv om det også gir meining forretningsmessig å tilby store massar i utviklingsland høvet til å delta i den globale økonomien.
Teknologien bak Libra minner mest om Ethereum
Libra er bygd på blokkjedeteknologi tilgjengeleg som fri programvare i Libra Core. Det er utvikla eit eige programmeringsspråk, Move, for utvikling av smartkontraktar og elles programmering av blokkjeda.
Teknologien bak Libra ser ut til i stor grad å vera henta frå Ethereum, med bruk av gass ('gas') som drivstoff for utføring av transaksjonar, inkl. smarte kontraktar. Men i Libra-blokkjeda er det eigentleg ikkje blokker, anna enn for optimaliseringsføremål, og problem med blokkstørrelse osv. eksisterer slik sett ikkje.
Som Ethereum, og ulikt Bitcoin, lagrar Libra berre noverande saldo ("state) for kvar kontohavar (Libra-brukar). I Bitcoin er det sentrale prinsippet ubrukte transaksjonar (Unspent Transaction Output - UTXO) og saldoen til kvar brukar (dvs. kvar nøkkel) må genererast ved å setja saman alle ubrukte transaksjonar i denne databasen. UTXO-prinisppet kan synast veldig tungvint samanlikna med saldo-prinsippet i Ethereum og Libra, men har store fordelar. Meir om det i eit eige blogginnlegg.
Nytt PayPal, slik PayPal opprinneleg var tenkt
Libra verkar på mange måtar å ta opp att den originale idéen for PayPal. Det var utvikla som eit desentralisert betalingssystem, men vart tvinga til å sentralisera for å kunna tilfredsstilla reguleringskrav. Libra ser ut til å ta opp att denne idéen, og spørsmålet er sjølvsagt om også dette systemet blir tvinga til meir sentralisering. Dei første kommentarane frå styremakter rundt om, kan tyda på det. Det er ei stor frykt, både hjå styresmakter og i finansverda, for at Facebook/Libra blir eit nytt skyggebank-system ("shadow banking") - altså banktenester på sida av det regulatoriske systemet. Den tyske politikaren Markus Ferber, som også sit i Europaparlamentet, uttalte m.a.:
"Multinational corporations such as Facebook must not be allowed to operate in a regulatory nirvana when introducing virtual currencies,”Også i USA er politikarar urolege for kva dette kan utvikla seg til.
Trussel for PayPal, stabil-valuta og eksisterande betalingssystem
Libra blir i starten truleg først og fremst ein konkurrent til til PayPal og andre alternative betalingssystem. Med alternative betalingssystem meiner eg system utanfor den tradisjonelle banksektoren.
Også stabil-valuta, 'stablecoin', vil få sterk konkurranse. Libra blir i realiteten ein ny stabil-valuta, og for denne typen valuta er hovudspørsmålet: Stolar du på dei som står bak valutaen? Alle stabil-valuta er sentraliserte og den største utfordringa er om dei har reservar nok til å halda stabil kurs. Dette har heile tida vore det sentrale spørsmålet for Tether, den mest kjende og mest brukte stabil-valutaen. Revisjonsopplegget for Tether har vore, og er, under diskusjon, og det blir framleis stilt spørsmål om oppgitte reservar er reelle. Det hjelper heller ikkje at vekslingstenesta Bitfinex, som er skilt frå valutaen, har "forsynt" seg av reservane. Statsadvokaten i New York har stilt ein del spørsmål til transaksjonane mellom Bitfinex og Tether og saka er ikkje avgjort.
Kva med Bitcoin?
Ein første tanke er kanskje at dette vil slå ut Bitcoin. Men det kan fort visa seg at effekten blir den motsette. Mest truleg vil Facebooks oppstart av Libra bli eit løft for Bitcoin og ordinære kryptovalutaer. Her er nokre av grunnane til det:
- Facebook vil med Libra læra store mengder nye brukarar om kryptovaluta - det vil bli verdas største opplæringsprogram for kryptovaluta!
- Begrepa 'kryptovaluta' og 'blokkjede' får eit "godkjent"-stempel når ein aktør som Facebook står bak
- Dei som skaffar seg ei Calibra-lommebok med Libra-myntar, vil fort sjå at andre kryptovalutaer (som bitcoin) stig i verdi medan Libra står i ro. Det vil freista mange til å kjøpa bitcoin for libra
- Det vil bli mykje enklare å kjøpa bitcoin og andre kryptovalutaer når ein først har ei kryptolommebok med libra
Det som er heilt sikkert, er at dette blir spennande å følgja framover!