tirsdag 12. november 2019

Pengar på gata

"Pengar på gata" er eit (finans-)uttrykk for at du kan plukka opp gratis pengar frå gata i visse investerings- eller skattesituasjonar. I dette tilfellet er det oppføring av kryptovaluta i skattemeldinga som kan gi deg fordel om du gjer det på rette måten. Stikkordet er "sist inn, først ut".

Kryptovaluta (bitcoin, ether ++) blir definert som formuesobjekt av Skatteetaten og skal skattleggjast meir eller mindre på same måten som verdipapir. Du må betala skatt av gevinst, og kan trekkja frå tap. Formuen må førast opp pr. 31.12 det aktuelle året for skattemeldinga.

Dersom du, som eg, trudde at det er "først inn - først ut" (FIFO - First In First Out) som gjeld for utrekning av gevinst, ev. tap, er det feil. Skatteetaten set ikkje krav til bestemde prinsipp, så du kan velja det som er mest gunstig. Over lang tid blir resultatet det same, du utset på ein måte berre skatten om du vel "sist inn - først ut" i staden for "først inn - først ut"), men fordi skattesatsen for kapitalinntekt har vorte redusert frå 25 % i 2016 til 22 % for skatteåret 2019 (24 % i for skatteåret 2017, 23 % for 2018 og 22 % for 2019). Om skattesatsen skal vidare ned, er uklart. Grunnen til reduksjonen er å komma på linje med andre land sine satsar, sidan kapital lettare kan flyttast over landegrensene enn arbeid.

"Pengane på gata" er i denne samanhengen å bruka den mest gunstige utrekningsmåten og slik sett spara skatt på grunn av den reduserte skatteprosenten på kapitalinntekt. Det er ein gevinst du uansett kan putta i lomma, og som gjer at det lønner seg å bruka den utrekningsmåten som gir lågast gevinst.

Her er eit skjermbilete frå programmet https://bitcoin.tax som viser ulike utrekningsmåtar:


Ingen kommentarer: