På innsida av Kryptovaults datasenter i Dale (2018) |
Mange i harnisk
Redaktør Arne O. Holm
i High North News var kraftig motstandar av at datatenester knytte til
kryptovaluta skulle få redusert el-avgift, og han er på ny ute i media og kallar
omgjeringa absurd. Problemet med energibruken er i følgje Holm at det skaper få
arbeidsplassar og går til ein spekulativ industri.
Sikring, ikkje utvinning!
Eit av hovudproblema
i denne saka er framstillinga. Aktiviteten blir konsekvent kalla «utvinning av
kryptovaluta», men det er feil. Energibruken er for å sikra ei open blokkjede,
og bør kallast «blokkjede-sikring». Kryptovalutaen som blir tildelt vinnaren av
det kontinuerlege lotteriet, er lønn for strevet. Det er i all hovudsak Bitcoin
me snakkar om, og 11 år etter oppfinninga er dette systemet verdas sikraste ope
IT-system. Det er ope i den forstand at alle kan bruka det og delta i alle
delar av det.
Definsjon av Bitcoin
Den beste
definisjonen på Bitcoin eg har høyrt, kom frå Silicon Valley-entreprenøren
Naval Ravikant. Han karakteriserte fenomenet slik:
«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.»
Det er det siste som provoserer Arne O. Holm & co., men dei gløymer den første delen som er den viktigaste.
Bitcoin som radikal endring
Bitcoin er ein
radikal idé som truar den etablerte finansverda ved å bryta ned monopol og
oligarki og gi alle folk i verda tilgang til eit finansielt system utan å måtta
spørja nokon. Slik eg kjenner Arne O. Holm, trur eg han ville lika den idéen.
Eg kan vanskeleg sjå for meg at han er ein varm forsvarar for finansindustrien
slik den har utvikla seg.
Meir energi = meir sikkerheit
Sikringa av Bitcoin
brukar store mengder energi, det let seg ikkje nekta. Til meir energi som blir
brukt, til sikrare blir systemet. Men kan me ikkje seia at nok er nok, og la
vera å bruka meir energi? Problemet med det er at systemet er laga for å vera
mest muleg sjølvstyrt. Aktørane som deltek i blokkjede-sikringa gjer det med
mål om å tena pengar. Så lenge kursen på bitcoin aukar, blir det meir
interessant å delta i det store lotteriet for å få ein del av gevinsten. Men
gevinsten blir redusert sakte, men sikkert. 11. mai gjekk belønninga for
blokkjedesikringa ned frå 12,5 bitcoin kvart 10. minutt, til 6,25 bitcoin. Om
fire år blir det ei ny halvering av belønning og slik held det fram heilt til
alle 21 millionar bitcoin er frigjorde. Med redusert belønning blir lønsemda
også svekka, og mange vil trekkja seg frå sikringsarbeidet om ikkje kursen
stig.
Bitcoin er ein
radikal idé som kan få stor betydning også ut over det økonomiske. Teknologien
den var opphav til, peiker mot ei desentralisering av Internettet og ei
svekking av dei store oligarkia Google, Amazon, Facebook og co. Det er difor
gode grunnar for at norsk fornybar energi skal bidra til ei slik utvikling, til
beste for den globale, digitale utviklinga.