"The Cyptopians - Idealism, Greed, Lies, and the Making of the First Bit Cryptocurrency Craze" av Laura Shin er ei veldig interessant bok. Men litterært sett er den ganske dårleg. Meir om denne tilsynelatande motstridande oppfatninga seinare. Den er ei slags "den gode, den onde og den grusomme"-karakterisering av dei viktigaste personane i Ethereum-historia.
Eg vil tilrå boka til alle som er interesserte i Bitcoin, Ethereum og kryptovaluta generelt, sjølv om den handlar så å seia utelukkande om Ethereum. Sjølv Bitcoin-maksimalistar vil ha glede av denne boka, om ikkje anna så for å få bekrefta mistankane om Ethereum som eit ganske så sentralisert system.
"Journalist turning podcaster"
Laura Shin var tidlegare journalist i Forbes og skryter sjølv av at ho var den første finansjournalisten som starta å dekka Bitcoin og kryptovaluta. Dei siste åra har ho drive podkasten Unchained på heiltid. Ho har flytta seg frå Bitcoin til hovudsakeleg Ethereum, og er heller ikkje framand for å ta opp shitcoins, i alle fall tek ho villig i mot sponsorinntekter frå slike. Sjølv har eg høyrt på Lauras podkast lenge, men etter eit famøst intervju med Ethereum Foundation-utviklar Justin Drake, som påstår at Ethereum er "ultra-sound money", vart det nok for meg. Ho fungerte som eit mikrofonstativ og sa berre "Wow!", "Amazing", "Super interesting" til dei mange ville påstandane frå JD. Det får vera grenser for frekkheit, tenkte eg, og har ikkje brukt mykje tid på Unchained etter det.
Likevel kjøpte eg boka og fann den som sagt svært interessant. Den understrekar til fulle kor sentraliserte mange viktige avgjerder i Ethereum er, og den store makta særleg Vitalik Buterin har, både formelt og uformelt.
"Den gode, den onde og den grusomme"
Boka har heltar og skurkar, og det manglar ikkje på drama. På den kritiske sida framstår Laura Shin som litt av ei "drama queen", og skaper drama av det meste. På den andre sida har det jo vore mykje drama i Ethereum si historie.
Den gode
Vitalik er den store helten i denne forteljinga. Alt han gjer og seier er utelukkande positivt, sjølv om LS også trekkjer fram problema han har med sosial omgang, særleg i starten, og vegringa mot konfliktar.
Dei onde og grusomme
kurkane er framfor alt Charles Hoskinson og til dels Gavin Wood og Joe Lubin. Charles Hoskinson får det glatte laget, og viss berre ein liten del av det ho skriv stemmer, er det meir enn eit mysterium at nokon vil ta i Cardano i det heile. Hoskinson blir omtalt som sosiopat og løgnar. Han vart kasta ut av den inste kretsen, Ethereum Founders, i det som har vorte kalla "The Red Wedding" (jf. Game of Thrones).
Gavin Wood var også ein av "the founders" og var særleg viktig i den tekniske utviklinga av Ethereum. Han forfatta Ethereum Yellow Paper som er eit teknologisk supplement til Ethereum White Paper. GW var ansvarleg for utviklinga av den eine av dei to mest brukte Ethereum-klientane, Parity. Parity er utvikla i C++ og Geth, den andre Ethereum-klienten og den som er mest brukt, er utvikla i programmeringsspråket Go.
GW fall etter kvart i unåde blant dei andre i gruppa og vart etter kvart pressa ut. Mykje av grunnen var at han oppførte seg ganske arrogant overfor dei andre, og særleg alle som ikkje var på same tekniske nivå som han sjølv, dvs. dei fleste. Han var også lite samarbeidsvillig overfor utviklings-teamet bak Geth, leia av nederlandske Jeff Wilcke.
"Premine" - oppskrift på korrumpering
Boka viser til fulle problema med "premine", altså førehandsdefinerte pengar. Det er med og sikrar eit oppstartsprosjekt, i alle fall om det er nok interesse for kjøp av token (ether i dette tilfellet), men skaper nesten alltid problem i etterkant. Problema er ofte knytt til ueinigheit om fordeling, forfordeling m.m. Slik også i Ethereum, der 12 mill. ether av dei ialt 72 mill. ether "premined" vart delt mellom Ethereum Foundation og Ethereum Devs (utviklarar).
I tillegg til den trøblete straten for Ethereum brukar LS naturleg nok mykje tid på The DAO-skandalen. Den kom relativt kort tid etter oppstarten av Ethereum (Ethereum starta 30. juli 2015, utviklinga av The DAO skjedde vinteren og våren 2016). LS har lagt ned mykje arbeid i å undersøkja kva som faktisk skjedde, og her er det journalisten LS som har vore i sving. Ho meiner ho har identifisert hackeren bak The DAO-skandalen og har også namngitt han, ikkje i boka, men i ein artikkel i Forbes som må sjåast på som ei smart marknadsføring av boka.
Litterært svak
Når eg skriv at boka er svært interessant, men samtidig litterært svak, har det samanheng med måten boka er skriven på. Den er nærmast ei dagbok full av detaljerte nedteikningar. Alle personane omtalte i boka, og det er mange!, blir først karakteriserte utsjånadsmessig ("... Taylor Gerring, a compact, outgoing Chicago-based developer with an easy, boyish smile and laugh lines around his eyes, as well as a tattoo of the word "love" with a row of hearts under it on his arm").
Stilen er også ganske sladder-prega med mange hentydningar og påstandar om personar som ofte blir benekta i ein parentes. Eksempel: "All that counted was that the project had a good connection with Joe; if it did, it would get what it wanted. If it didn't, it wouldn't". (Joe says this is "100 % wrong).