søndag 31. juli 2022

Infrastruktur og nettverkseffekt

Foto: Zengame (CC BY 2.0)
Dagens Næringsliv intervjua kjendis-investor Arne Fredly 22. juli og var sjølvsagt også innom Bitcoin og kryptovaluta. Fredly har vist at han forstår aksjemarknaden, men uttalelsen om kryptovaluta viser at han ikkje forstår den. Uttalelsen er ganske typisk for investorar, så eg skreiv eit lesarinnlegg til DN om det. Men dei tykkjer tydelegvis det er nok no frå mi side, så det vart ikkje trygt. Her er innlegget:



Infrastruktur og nettverkseffekt

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

 I intervjuet med Arne Fredly vart investoren også spurt om synet på Bitcoin og kryptovaluta. Han meinte kryptovaluta ikkje har nokon verdi sidan det ikkje genererer nokon kontantstraum og fordi det er fritt fram å laga nye valutaer. Dei to påstandane går ofte igjen blant tradisjonelle investorar og er difor verdt å sjå fr på. Det ser ut som manglande forståing for Bitcoin som infrastruktur, og Bitcoins nettverkseffektar ligg til grunn for påstandane.

  1. Infrastruktur. Eit enkelt kontrollspørsmål er: Har Internett som infrastruktur nokon verdi? Dei fleste vil svara ja, men det er vanskeleg å fastslå verdien for Internett har ingen kontantstraum. Bitcoin er også infrastruktur og som Internett er det vanskeleg å fastslå verdien av den.

  2. Nettverkseffekt. Internett er eit ope system med opne protokollar. Kven som helst kan laga ein kopi av Internett og prøva å tena pengar på det. Lykke til! Nettverkseffektane gjer at Internett er totalt dominerande, og andre typar globale nettverk vil ha små sjansar til å lykkast. Bitcoin har dominerande nettverkseffektar samanlikna med resten av kryptoverda. Sjølv om det finst meir enn 20 000 kryptovalutaer, og nye kjem til dagleg, spelar det liten rolle. Det er berre ei handfull av dei som kan seiast å ha nokon verdi, og som har visse nettverkseffektar. Resten er berre støy, og det er viktig å skilja signal og støy.

Det som kompliserer forståinga av Bitcoin samanlikna med Internett, er den integrerte valutaen. Men den som ikkje ser Bitcoin som infrastruktur, og som ikkje forstår nettverkseffektane, vil aldri kunna forstå verdien av valutaen og systemet.


torsdag 21. juli 2022

Sikkerheit og kompleksitet

Katrine Tjølsen skreiv kronikken "Det finnes grønnere kryptoalternativer" i Dagens Næringsliv 19. juli der ho tok opp konsensus-mekanismen bevis-på-arbeid ("Proof of Work") og tok til orde for at overgang til bevis-på-innsats ("Proof of Stake") kunne redusera straumforbruket med over 99 %. 

Her er det opphavlege svaret eg sende til Dagens Næringsliv. Eg måtte dessverre kutta ned til 2000 teikn for å få innlegget publisert på DN, og med det forsvann ein del av argumenta.



Sikkerheit og kompleksitet

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

 Takk til Katrine Tjølsen for kronikken 19.07 om Bitcoins energibruk og grønare alternativ. Tjølsen har ein god beskrivelse av bakgrunnen for energibruken i Bitcoin og tilsvarande blokkjedesystem som er baserte på konsensusmekanismen bevis-på-arbeid («Proof of Work»). Ho får godt fram det viktige poenget at energi­bruken handlar om sikkerheit. Men ho hoppar litt for raskt frå beskrivelse til konklusjon, og utelet med det viktige spørsmål som må stillast til alternative konsensus­mekanismar. Lesaren får dermed inntrykk av at det berre er å skifta konsensusmekanisme, så er alt ok og energi­bruken redusert med over 99 %. Men så enkelt er det ikkje. Det er nok å sjå på utviklinga av Ethereum som har streva med dette i 5-6 år og enno ikkje har innført ny konsensusmekanisme basert på bevis-på-innsats («Proof of Stake»).

Ethereum-utviklar Ben Edgington har uttrykt det på denne måten (mi omsetjing og mi utheving):

«Proof-of-work er grunnleggjande sett veldig enkelt, er enkelt å analysera, er enkelt å implementera og setja i drift, og proof-of-stake har ei rekkje bevegelege deler. Du kan programmera ein proof-of-work-algoritme med rundt hundre linjer programkode. Dei noverande løysingane i proof-of-stake er på eit hundre tusen linjer

Det er altså ein enorm skilnad i kompleksitet, og kompleksitet er som kjent den største faren for sikkerheitsløysingar.

Den viktigaste læresetninga i Bitcoin er «Ikkje stol (på nokon). Verifiser!» («Don’t trust. Verify!»). Bevis-på-arbeid er ein mekanisme som gjer det veldig lett å verifisera at blokkjeda, eller blokkene, du blir presentert for, er korrekt. Tilsvarande finst det eigentleg ingen god måte å gjera dette på i bevis-på-innsats. Der må du stola på nokon andre.

Eit anna problem er at det i utgangspunktet ikkje kostar noko å satsa på to greiner av ei blokkjede  som har vorte splitta («nothing at stake»). Igjen er dette umuleg i bevis-på-arbeid der energien berre kan brukast ein gang, og ein må velja kva grein ein vil satsa på. Det finst måtar å komma rundt «nothing at stake»-problemet, men igjen er kostnaden auka kompleksitet.

Til slutt er det eit stort problem at bevis-på-innsats fører til at dei som har mykje, får meir («dei rike blir rikare»). Som Tjølsen skriv, treng du ein god del ether får å få lov til å delta i valideringa av nye transaksjonar og blokker. Dei fleste ether finst på vekslingstenester, og utviklinga vil truleg gå i retning av at desse blir dominerande i valideringa og dermed også vil kunna få stor innflytelse på utviklinga i Ethereum. I Bitcoin eller andre kryptovalutaer baserte på bevis-på-arbeid, spelar det ingen rolle kor mykje av valutaen du eig; du har same innflytelse på systemet som alle andre.

Tjølsen peiker til slutt på alternativa Cardano og Solana. Men det er først og fremst gode eksempel på korleis alternative konsensusmekanismar fører til meir sentralisering.

.

 


tirsdag 19. juli 2022

Grønvasking av Bitcoin?

Foto: Money Bright (CC-BY-2.0)
Etter svaret mitt til Bjørn Stærks kommentar i Morgenbladet, "Kryptokræsjet er godt nytt for klimaet" (bak betalingsmur), kom Katrine Tjølsen med eit svar til meg der ho påstod at eg grønvaskar Bitcoin. Før eg gjengir svaret mitt til Tjølsen, må eg kort få fram hovudpunkta i innlegget hennar (det er også bak betalingsmur i Morgenbladet):

- Ho meiner genrelt at påstanden om Bitcoin som del av løysinga på balanseringa av framtidas energinett, og dermed også som del av løysinga på klimautfordringa, var å trekkja det for langt

- Eg harsellerte med Bjørn Stærk i innlegget mitt

- Ho meiner følgjande må liggja til grunn for at bitcoingraving skal bli ein del av klimaløysinga:
  (1) bitcoingraving brukar overskotsstraum og hjelper slik til med balansering (men må ikkje bruka straum i periodar med lite produksjon)
  (2) overskotsstraumen kan ikkje brukast til andre klimavennlege formål som f.eks. lading av batteri

- Er Bitcoin nyttig? "Barneleker er også nyttige, og barnelekefabrikker kan kanskje også være fleksible deltagere i strømnettet, men vi vil da nødig kalle barnelekefabrikker en del av løsningen på klimautfordringen? I stedet vil vi si at ja, de bidrar til energibruk, og likevel vil vi ha barneleker."

- Andre kryptovalutaer som ikkje brukar ein energiintensiv konsensusmetode kan fylla dei behova bitcoin i dag fyller

- Ho avsluttar med ei samanlikning med bilar: Fordi om ein vil forby bensin- eller dieseldrivne bilar, betyr ikkje det at ein vil forby bilar (altså forbod mot kryptovalutaer baserte på Proof of Work, men ikkje f.eks. Proof of Stake)


Grønvasking av Bitcoin?

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

 [Morgenbladet brukte tittelen "Eg grønvaskar ikkje bitcoin"]

Takk til Katrine Tjølsen for innlegget 06.07 i den viktige og vanskelege diskusjonen om energibruken i Bitcoin. Diskusjonen er viktig for å få fram fleire nyansar enn det som til vanleg kjem fram i media.

Men først må eg kommentera påstanden om trakassering av Bjørn Stærk, ein påstand eg er sterkt ueinig i. Eg meiner tvert om at replikken min 30.06 til Bjørn Stærk var nøktern og sakleg. Det er muleg Tjølsen siktar til uttalen «den sjølvutnemnde bitcoin- og kryptoeksperten Bjørn Stærk..», men så langt eg kjenner til, har BS lite å visa til med tanke på dokumentert kunnskap om emnet. Det betyr ikkje at han ikkje har rett til å uttala seg om det, men når ein skriv om tema ein har manglande kunnskap om, meiner eg ein bør vera meir audmjuk. Det gjeld på alle område, ikkje berre Bitcoin og kryptovaluta.

Så til hovudpåstanden om grønvasking av Bitcoin. Eg meiner innlegget mitt i hovudsak handlar om premissane for Bitcoin som ein del av løysinga for framtidas energiutfordringar, og dermed også ein del av klimaløysinga. Innlegget handla om kva Bitcoin kan bidra med for å balansera framtidas energinett, ikkje kva Bitcoin er i dag. Eg blir difor usikker på om Katrine Tjølsen har forstått innlegget mitt og oppmodar om å lesa det på nytt. Eg må også presisera at den opphavlege tittelen på innlegget mitt var «Bitcoin som del av løysinga på klima-utfordringa». Morgenbladet endra den til «Bitcoin er ein del av løysinga på klima-utfordringa». Ein liten, men viktig skilnad.

Bitcoin-graving kan bidra til balansering på forbrukssida både ved å nytta overskotsstraum, men endå viktigare ved å trappa ned eller jamvel stengja aktiviteten når det er liten produksjon. Batteri vil også måtta bli ein viktig del av balanseringa, men IEA er klar på at batteri og andre alternativ ikkje er nok. Sjølv med teknologisk forbetring og auka kapasitet på batteri meiner IEA at batteri berre vil stå for i underkant av 10 % av fleksibiliteten i energinettet i 2030 i utvikla økonomiar («advanced economies») og endå mindre i utviklingsøkonomiar. Etterspørselsfleksibilitet («demand response») må stå for over 20 % av fleksibiliteten, og det viktige spørsmålet blir då: kva slags forbruk kan sikra så høg grad av fleksibilitet?

Til slutt spørsmålet om nytteverdien av Bitcoin. Det er klart at dersom Bitcoin ikkje blir vurdert som nyttig, vil resonnementet for bitcoin-graving og balansering av energinettet falla saman. Saman­likninga med barneleiker forstår eg ikkje. Argumentet om at andre kryptovalutaer kan dekkja behovet for folk i vanskelege situasjonar er eg skeptisk til. Bitcoin står i ei særstilling med tanke på desentralitet og motstandskraft mot sensur. Alle andre kryptovalutaer har ofra desentralitet i iveren etter å «overgå» Bitcoin. Dei vil difor vera mykje enklare å stoppa, og dei har heller ikkje eit omfang  (likviditet) som gjer dei brukbare globalt sett.

Kjelde: IEA – «Demand Response», 2020 (https://www.iea.org/reports/demand-response)

søndag 17. juli 2022

Money in One Lesson

"Money in One Lesson" av Gavin Jackson, journalist i Financial Times, er ei god innføring i korleis pengar fungerer i vår tid. Boka kan trygt tilrådast til alle som er interessert i økonomi og særleg den monetære delen av faget. Jackson har mange interessante historiar og anektodar som gjer boka lett å lesa. 

Hovudkapitla i boka gir ein god peikepinn på innhaldet:

  1. What is money?
  2. How do banks work?
  3. Why do we pay interest?
  4. Where does inflation come from?
  5. What is the power of money?
  6. Why don't government just print money?
  7. Why do countries use different money?
  8. Can more money make us rich?
  9. What is the future of money?
  10. Can money save the world?
  11. Has money made us unequal?
Trass i litt "barnslege" overskrifter, går GJ grundig gjennom dei ulike tema og har solid med referansar. Dessverre dekkjer boka berre tilstanden fram til starten av 2021, altså framleis midt i pandemien, og enkelte spørsmål, særeleg om inflasjon, får ei litt mangelfull behandling i lys av utviklinga det siste halvåret. Fram til berre for eit år sidan var problemet for lite inflasjon, trass i null-renter eller jamvel negative renter. Men det har endra seg drastisk, og høg og aukande inflasjon har no vorte det største problemet for sentralbankane. Det mangla ikkje på advarslar om dette tidlegare, særleg i Bitcoin-kretsar. Men likevel ser det ut til å ha komme som julekvelden på kjeringa for dei fleste sentralbankane, merkeleg nok.

Av tema som kunne fått meir plass, saknar eg særleg den kredittbaserte (gjeldsbaserte) økonomien som ligg til grunn for dagens samfunn. Den har store konsekvensar, ikkje minst for miljøet ved måten den stimulerer auka forbruk på. Dette er eit av dei viktigaste økonomiske spørsmåla, og eit spørsmål dei fleste Bitcoin-entusiastar er opptekne av. I Bitcoin-universet er låg tidspreferanse, altså sparing og utsett forbruk, løfta fram som ein dyd, i skarp motsetnad til dagens høge tidspreferanse der det meste handlar om å bruka pengar så fort råd er. Det kortsiktige kontra det langsiktige, og korleis ulike pengesystem stimulerer det ein eller det andre, burde vore drøfta i ei slik bok.

Seksjonen om Bitcoin og kryptovaluta er som forventa svak, og kan med fordel hoppast over. Innleiinga til tema er bra, men så fell forfattaren fort ned i den vanlege FUD-retorikken med kriminalitet, spekulasjon, energisløsing ++. Det var kanskje ikkje anna å venta frå ein FT-journalist, gitt måten FT og media generelt omtalar Bitcoin, men når standarden på boka elles er så bra, vart eg skuffa likevel. 

Som nemnt, er boka fyldig med referansar, og det er både vitskaplege referansar og til medieoppslag (mange FT-artiklar, naturleg nok). Unnataket er igjen Bitcoin-seksjonen der referansane er svake. 

Alt i alt ei god bok som trygt kan tilrådast.