Etter svaret mitt til Bjørn Stærks kommentar i Morgenbladet, "Kryptokræsjet er godt nytt for klimaet" (bak betalingsmur), kom Katrine Tjølsen med eit svar til meg der ho påstod at eg grønvaskar Bitcoin. Før eg gjengir svaret mitt til Tjølsen, må eg kort få fram hovudpunkta i innlegget hennar (det er også bak betalingsmur i Morgenbladet):
- Ho meiner genrelt at påstanden om Bitcoin som del av løysinga på balanseringa av framtidas energinett, og dermed også som del av løysinga på klimautfordringa, var å trekkja det for langt
- Eg harsellerte med Bjørn Stærk i innlegget mitt
- Ho meiner følgjande må liggja til grunn for at bitcoingraving skal bli ein del av klimaløysinga:
(1) bitcoingraving brukar overskotsstraum og hjelper slik til med balansering (men må ikkje bruka straum i periodar med lite produksjon)
(2) overskotsstraumen kan ikkje brukast til andre klimavennlege formål som f.eks. lading av batteri
- Er Bitcoin nyttig? "Barneleker er også nyttige, og barnelekefabrikker kan kanskje også være fleksible deltagere i strømnettet, men vi vil da nødig kalle barnelekefabrikker en del av løsningen på klimautfordringen? I stedet vil vi si at ja, de bidrar til energibruk, og likevel vil vi ha barneleker."
- Andre kryptovalutaer som ikkje brukar ein energiintensiv konsensusmetode kan fylla dei behova bitcoin i dag fyller
- Ho avsluttar med ei samanlikning med bilar: Fordi om ein vil forby bensin- eller dieseldrivne bilar, betyr ikkje det at ein vil forby bilar (altså forbod mot kryptovalutaer baserte på Proof of Work, men ikkje f.eks. Proof of Stake)
Grønvasking av Bitcoin?
Svein Ølnes, seniorforskar
ved Vestlandsforsking
[Morgenbladet brukte tittelen "Eg grønvaskar ikkje bitcoin"]
Takk til Katrine Tjølsen for innlegget
06.07 i den viktige og vanskelege diskusjonen om energibruken i Bitcoin. Diskusjonen er viktig for å få fram fleire
nyansar enn det som til vanleg kjem fram i media.
Men først må eg
kommentera påstanden om trakassering av Bjørn Stærk, ein påstand eg er sterkt
ueinig i. Eg meiner tvert om at replikken min 30.06 til Bjørn Stærk var nøktern
og sakleg. Det er muleg Tjølsen siktar til uttalen «den sjølvutnemnde bitcoin-
og kryptoeksperten Bjørn Stærk..», men så langt eg kjenner til, har BS lite å
visa til med tanke på dokumentert kunnskap om emnet. Det betyr ikkje at han
ikkje har rett til å uttala seg om det, men når ein skriv om tema ein har manglande
kunnskap om, meiner eg ein bør vera meir audmjuk. Det gjeld på alle område,
ikkje berre Bitcoin og kryptovaluta.
Så til hovudpåstanden
om grønvasking av Bitcoin. Eg meiner innlegget mitt i hovudsak handlar om
premissane for Bitcoin som ein del av løysinga for framtidas
energiutfordringar, og dermed også ein del av klimaløysinga. Innlegget handla
om kva Bitcoin kan bidra med for å balansera framtidas energinett, ikkje kva
Bitcoin er i dag. Eg blir difor usikker på om Katrine Tjølsen har forstått
innlegget mitt og oppmodar om å lesa det på nytt. Eg må også presisera at den
opphavlege tittelen på innlegget mitt var «Bitcoin som del av løysinga på
klima-utfordringa». Morgenbladet endra den til «Bitcoin er ein del av løysinga
på klima-utfordringa». Ein liten, men viktig skilnad.
Bitcoin-graving kan
bidra til balansering på forbrukssida både ved å nytta overskotsstraum, men endå
viktigare ved å trappa ned eller jamvel stengja aktiviteten når det er liten
produksjon. Batteri vil også måtta bli ein viktig del av balanseringa, men IEA
er klar på at batteri og andre alternativ ikkje er nok. Sjølv med teknologisk
forbetring og auka kapasitet på batteri meiner IEA at batteri berre vil stå for
i underkant av 10 % av fleksibiliteten i energinettet i 2030 i utvikla
økonomiar («advanced economies») og endå mindre i utviklingsøkonomiar.
Etterspørselsfleksibilitet («demand response») må stå for over 20 % av
fleksibiliteten, og det viktige spørsmålet blir då: kva slags forbruk kan sikra
så høg grad av fleksibilitet?
Til slutt spørsmålet om nytteverdien av
Bitcoin. Det er klart at dersom Bitcoin ikkje blir vurdert som nyttig, vil
resonnementet for bitcoin-graving og balansering av energinettet falla saman. Samanlikninga med barneleiker forstår eg
ikkje. Argumentet om at andre kryptovalutaer kan dekkja behovet for folk i
vanskelege situasjonar er eg skeptisk til. Bitcoin står i ei særstilling med
tanke på desentralitet og motstandskraft mot sensur. Alle andre kryptovalutaer har
ofra desentralitet i iveren etter å «overgå» Bitcoin. Dei vil difor vera mykje
enklare å stoppa, og dei har heller ikkje eit omfang (likviditet) som gjer dei brukbare globalt
sett.
Kjelde: IEA – «Demand
Response», 2020 (https://www.iea.org/reports/demand-response)