tag:blogger.com,1999:blog-19313663.post6972868269558926399..comments2023-09-25T15:53:25.989+02:00Comments on Sveins blogg: Kontantar er personvernSvein Øhttp://www.blogger.com/profile/12597512401374650610noreply@blogger.comBlogger7125tag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-21376129998920031222015-08-12T07:29:40.370+02:002015-08-12T07:29:40.370+02:00Viss valet var så enkelt som du framstiller det, v...Viss valet var så enkelt som du framstiller det, ville det kanskje ikkje vore noko problem. Men det blir nesten som å føreta eit val mellom å vera 1) Rik og frisk, og 2) Sjuk og fattig. Dagens Internett er dominert av krefter som ikkje set personvern eller transparens først, men økonomi - dvs. eiga inntening. Det er ikkje vanskeleg å visa eksempel på at dei er villige til å gå ganske langt for å sikra denne innteninga.

Personvernet må regulerast med lov, men samtidig er det beste personvernet at ein ikkje legg att spor i det heile. Det blir som Jon Bing kalla det retten til ei "sporfri ferdsel" (jf. Steinar sin kommentar over). I handsaminga av personopplysningar må me heller ikkje vera så naive at me ikkje tenkjer tanken om kva som kan skje med slike opplysningar om me skulle få mindre demokrati-innstilte styresmakter ein eller annan gang.Svein Øhttps://www.blogger.com/profile/12597512401374650610noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-18901880653234546082015-08-10T20:19:54.960+02:002015-08-10T20:19:54.960+02:00Internett er ein grei ting å ha, men om du hadde a...Internett er ein grei ting å ha, men om du hadde alternativ mellom:
1) eit Internett som gav ein rimeleg sikkerheit for transparens, samtidig som informasjonen om kva du føretok deg der var beskytta ved lov og
2) eit Internett som garanterte full anonymitet for våpenhandel og leigemordarar

...eg trur eg ville valt den første.Gunnar Hnoreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-44101545786690877362015-07-30T21:51:55.819+02:002015-07-30T21:51:55.819+02:00Takk for innspel, Steinar! Einig med deg i at &quo...Takk for innspel, Steinar! Einig med deg i at "sporfri ferdsel" er viktig, og at dagens pengeutvikling er ein trussel i så måte. Når det gjeld Bitcoin og eventuelle avgrensingar i pengemengd, er det sjølvsagt vanskeleg. Ein av fordelane med Bitcoin (og liknande teknologiar) er at det er like enkelt å overføra 1 øre som 1 mill. kr. Det har ført til at det har vorte nødvendig å stramma inn i den andre enden ved at standard-gebyret for transaksjonar er heva. Det er framleis snakk om desimalar av eit øre, men det har vorte gjort for å hindra spam.

Som med annan Internett-teknologi er Bitcoin eit tveegga sverd. Det kan brukast til nyttige ting, og det kan brukast til kriminelle ting - akkurat som Internett sjølv. Eg går ut frå at du ikkje meiner at Internett bør stengjast fordi det også kan brukast av kriminelle?

Så trur eg me kan få minst like spennande action-scener i framtida med bruk av Bitcoin i staden for ein koffert full av pengar. Eg ser for meg Matrix kopla med Bitcoin-teknologi ;)

Om Bitcoin er EU-grunnleggjarane sin draum er det samtidig deira verste mareritt: Eit finansielt instrument (masseøydeleggingsvåpen?) som i stor grad er utanfor politisk og finansiell kontroll!Svein Øhttps://www.blogger.com/profile/12597512401374650610noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-6906277469638536872015-07-28T13:44:34.875+02:002015-07-28T13:44:34.875+02:00Kult med innlegget ditt i DN! Jeg tror det er vikt...Kult med innlegget ditt i DN! Jeg tror det er viktig å minne om hvordan kontanter gir mulighet for "sporfri ferdsel"; jeg husker Jon Bing brukte nettopp kontanter som eksempel på "personvernøkende teknologi" på et seminar for et drøyt tiår siden.

Selv om Bitcoin gir den samme "sporfriheten" som klassiske kontanter, er det ikke en fare for at Bitcoin også har andre egenskaper som gjør teknologien problematisk? Kontanter lar seg for eksempel ikke overføre i stor skala over store avstander til noen du ikke vet hvem er. En viktig del av mange actionfilmer var tidligere de snedige oppleggene for å sørge for overføring av en koffert med kontanter uten at mottakeren (kidnapperen eller utpresseren) skulle være synlig for avsenderen. Det er et ubetydelig problem at det blir færre bra actionscener i fremtidens filmer, men det er verre hvis det blir enklere og tryggere å drive utpressing. Med andre ord, er du sikker på om Bitcoin er tilstrekkelig likt klassiske kontanter til at du ønsker det tatt i bruk i stor skala?

(Jeg har ikke satt meg ordentlig inn i Bitcoin og har sikkert misforstått vesentlige elementer av det, men det slo meg at det må være EU-grunnleggernes drøm; en teknologi som endelig kan sikre fri flyt av valuta!)Steinar S.https://www.blogger.com/profile/05124251530149404860noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-34777132396412053332015-07-18T18:23:51.710+02:002015-07-18T18:23:51.710+02:00Og medan eg er i gang; eitt eksempel til som viser...Og medan eg er i gang; eitt eksempel til som viser kor vanskeleg begrepet økonomisk kriminalitet er: Fem av dei største bankane i verda fekk nyleg ei bot på bortimot 6 mrd. dollar (50 mrd. NOK etter dagens kurs) etter at dei innrømde å ha juksa med vekslingskursar (knytt til den såkalla Libor-skandalen). Dei fem bankane er Citigroup, JPMorgan Chase, Barclays, UBS og Royal Bank of Scotland (UBS har ikkje innrømt svindel).

Også denne økonomiske kriminaliteten er gjort innafor dagens finanssystem, men igjen blir ingen stilte til ansvar personleg, berre selskapa blir økonomisk straffa. For meg framstår dette som like alvorleg kriminalitet som svart arbeid, og den kan tydelegvis godt gjennomførast utan bruk av Bitcoin eller annan delvis anonymisert valuta.Svein Øhttps://www.blogger.com/profile/12597512401374650610noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-59514589120894217862015-07-18T13:49:24.863+02:002015-07-18T13:49:24.863+02:00Overgang til digitale betalingssystem, krypto-valu...Overgang til digitale betalingssystem, krypto-valuta unnateke, vil nok gjera det vanskelegare å oppretthalda ein svart økonomi og økonomisk kriminalitet generelt. Det er også hovudargumentet til styresmaktene og finansnæringa. Men eg meiner det er ein farleg veg å gå å la målet heilage middelet. Benjamin Franklin uttrykte det ganske treffande: "Those who would give up essential Liberty, to purchase a little temporary Safety, deserve neither Liberty nor Safety". Personvernet er for viktig til å vekslast inn i påstått redusert økonomisk kriminalitet.

Med tanke på finanskrisa og handlingane til dei største aktørane i finansnæringa, kan ein verkeleg spørja kven som utfører den største økonomiske kriminaliteten. Den store skilnaden er at slike aktørar utfører svært tvilsame handlingar godt tilpassa gjeldande lover og reglar. Så vidt eg kjenner til, er ingen dømde for å ha selt rotne lån, innpakka i glansa papir, til uvitande/dumme slutt-kundar.Svein Øhttps://www.blogger.com/profile/12597512401374650610noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-19313663.post-48781287402701848852015-07-17T12:25:17.668+02:002015-07-17T12:25:17.668+02:00Tankevekkande og viktig innlegg! Eg kjenner likeve...Tankevekkande og viktig innlegg! Eg kjenner likevel ein viss ambivalens:

Om ein legg NSA sine aktivitetar til grunn kan ein vere freista til å seie at George Orwell ikkje bomma med meir enn tre tiår då han i 1949 valde tittelen "Nineteen Eighty-Four" på si dystopiske framtidsskildring. Det burde vere eit overordna prinsipp at vi tar omsyn til personvern og menneskerettar når vi etablerer dei infrastrukturane som samfunnet skal byggast på, men slik er det ikkje i dag. Her kan digitale kontantar vere eit viktig korrektiv.

På den andre sida: I mange land er den svarte økonomien eit onde som får heile samfunnet til å knele. Eg las nyleg at i Hellas blir berre ei av ti skattekroner faktisk innkravd. Det kan ikkje vere særleg tvil om at den digitale revolusjonen har gjort det vanskelegare å arbeide/kjøpe svart (her bygger eg delvis på min eigen omgang med norske handverkarar!). Eg er ikkje så sikker på at eit gjennomslag for Bitcoin vil vere ei velsigning for dei økonomiane som held på å knekke ryggen på grunn av korrupsjon og skatteunndraging.

Kyrre GrovenKyrre Grovennoreply@blogger.com