Eg har skrive om Den lange halen tidlegare, ut frå Chris Andersons gode og innsiktsfulle artikkel i Wired. Men Chris kunne dessverre ikkje motstå freistinga til å laga ei bok, noko han gjorde. Der artikkelen er "to the point" og får med seg det viktigaste, er boka mykje drøvtygging. Igjen ser me det same: Ein god ide er nok for ein artikkel, men ofte er det ikkje noko å fylla ei heil bok med.
Sjølv med 226 sider til disposisjon kjem ikkje Chris Anderson noko nærmare ei forklaring og oppdeling av den lange halen. Som Lou Rosenfeld så rett spør: Kva med torso'en, kor stor er den? Og kvar startar eigentleg halen? Les heller hans fabuleringar.
Det er derimot interessant å sjå den nye måten å skriva bok på, som CA er ein av eksponentane for (John Battelle med The Search er ein annan). Han startar med ein ide som etter kvart blir forma til ein artikkel. Artikkelen får stor merksemd og han opprettar ein blogg med same namn (thelongtail.com). Bloggen blir brukt til å massera ideen vidare og som ei viktig kjelde for boka han skriv parallelt.
Skjønner ikke at du trenger ei bok for å forklare den lange halen enkelt - bortsett fra at Anderson selvsagt liker å tjene noen dollars ekstra... Takke meg til din kortfattede forklaring fra i fjor!
SvarSlettTakk.
SvarSlettTrur nok det ligg i det med dollars; amerikanarane er rå når det kjem til dette.