onsdag 31. januar 2007

Sabotasje?

Denne annonsen står på Skandiabanken. Eg trudde i min naivitet at alle publikumstenester som ikkje gjeld næringslivet, skal leverast gjennom Miside. Det ser ut som Skatteetaten ikkje er einig i det og at dei vil levera gjennom Altinn.

At det er drakamp mellom dei to portalane, er vel ikkje noko nytt. Men det er ille dersom det blir regelrett konkurranse mellom dei to. I dette tilfellet trur eg ikkje konkurranse er tingen.

Det blir spennande å følgja dette framover. Det er dei tunge etatane som Skatteetaten og NAV som vil avgjera om Miside blir ein suksess eller ikkje. Det som no skjer, lovar ikkje akkurat godt for Miside..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar