Eg har lenge tenkt å skriva om stortingsmeldinga om IT som kom frå Heidi Grande Røys før jul. Men først må den jo lesast gjennom - grundig. Det første eg vil seia er at dette er bra.
Det er bra det blir laga ei slik melding; ikkje minst pga. vaksenopplæring av regjering, Storting og andre viktige organ. Som ein statusrapport og med viktige utfordringar er det grunn til å vera fornøyd med dette. Eit stort spørsmål er sjølvsagt om meldinga klarer å skapa diskusjon og merksemd; det har vore illevarslande stille etter lanseringa.
Slappe tiltak?
Det vil sjølvsagt vera lett å kritisera at tiltaka ikkje står i stil med dei visjonane som blir lagde til grunn, og at det fell litt saman når det kjem til utføring. Det var likevel venta, så eg vil ikkje leggja altfor mykje vekt på det, trass i at det heilt klart er viktig å følgja opp ei slik melding.
Det som manglar
Eg er meir oppteken av det som ikkje blir teke opp i meldinga og som ikkje blir drøfta eller problematisert tilstrekkeleg. For det første meiner eg ein i ei slik melding burde ha løfta blikket ikkje berre framover, men også sett seg litt tilbake og gjort ei vurdering av tidlegare IT-planar. Kva har dei bidrege med og kvifor har dei kanskje ikkje hatt den verknaden dei var tiltenkte? Her kunne departementet godt starta med å setja seg inn i Trond Bulands (Sintef) dr.gradsavhandling "Den store planen" der han analyserer "Nasjonal handlingsplan for informasjonsteknologi". Trond tek opp problemstillingar som er like gyldige i dag.
Det andre eg saknar, er ei djupare forståing og forsvar av det grunnleggjande fundamentet ved Internett. Nettet og dei prinsippa det byggjer på, blir teke altfor sjølvsagt, og det blir nærmast teke for gitt at dette skal halda fram. Slik er det jo ikkje, berre lytt på Lawrence Lessigs advarslar om utviklinga - det er skremmande nok. Her er programvare-patentar eit viktig område. Men kva seier meldinga om patentar? Jau, "forbetre norsk patentpolitikk slik at vi kan sikre patentrettar på høgd med våre konkurrentland". Det er neppe ein slik politikk som sikrar oss eit fritt Internett. Kva om grunnleggjarane hadde teke patent på dei ulike grunnsteinane i nettet? Det er nyttig og nødvendig å leika med den tanken.
Slepp offentlege data fri!
Offentleg informasjon fritt tilgjengeleg, gjerne gjennom nettet, er veldig viktig. Her er meldinga igjen diffus, den peikar på utfordringa, men det verkar å vera lite kraft i gjennomføringsevne. Det er ei skam at offentlege grunndata som kartdata, eigedomsdata m.m. ikkje er fritt tilgjengelege. Det verkar som haldninga er at nokon kan komma til å tena pengar på at slike data blir sleppte fri - og det er skummelt! Det må jo tvert om vera det som er poenget.
I det vidare kommenterer eg dei fleste kapitla berre stikkordsmessig (det blir langt nok likevel!).
Generelt
- det er brukt brei pensel og spent opp eit vidt lerret
- døgnopen forvaltning er gjeninnført som slagord (slik det var i Stoltenberg I)
- layout, lesverdig med bruk av ”fakta-boksar”
- stort sett god kjeldebruk, men gjengir enkelte mytar (m.a. om Amazon og "long tail")
- relativt godt språk med ei nynorskform som ikkje er for arkaisk og der ord som 'behov' og 'behandling' blir brukte. Men den siste språklege finpussen ser det ut til at dei har hoppa over for det er ein del slurvefeil ('visar', 'femnar') og enkelte horrible setningar som t.d. ”Riksrevisjonens undersøking av myndigheitenes arbeid med å sikre IKT-infrastruktur og Stortingets behandling av rapporten”. Her er det tydeleg oversett direkte frå bokmål
- 'IKT' kan eg styra meg for, hadde håpa dei ville valt 'IT'
2. Status og utviklingslinjer
- OK beskrivelse av utviklinga, men analysane manglar: Kvifor vaks ulike teknologiar og teknologibruk fram, og ikkje andre? Kva har forskinga hatt å seia for utviklinga, og kva slags forsking?
- det som ikkje står: kontrollen med nettet, utviklinga me no ser mot sterkare kontroll. Ein diskusjon av det opne (end-to-end-nettet) og dei grunnleggjande prinsippa for Internett, manglar. Det verkar som om det opne nettet blir teke som sjølvsagt - les og høyr på Lawrence Lessig!
- eksempelet om Amazon og ”the long tail” er feil, omsetninga frå ”the long tail” er ca. 25-30% av total omsetning - men her er det sjølvsagt også eit spørsmål om kvar halen startar!
- EU-forsking: IT-industrien står står for 5% av EUs GDP, men IT står for 25% av total vekst og 40% av produktivitets-veksten
- interessant også at ein stor IT-sektor ikkje er nødvendig for å oppnå høg produktivitetsvekst; her er Norge med høg grad av tekonologiopptak i ein god posisjon. Nyleg artikkel i Dagens næringsliv viser også at Norge kjem best ut av dei nordiske landa (sjølv når oljen blir halden utanfor) når det gjeld bytteforhold mellom råvarer; Finland med si sterke satsing på IT kjem dårlegast ut.. (får ein jo til å lura litt)
- via stor merksemd og ut frå tittelen på st.mld. er jo det naturleg
- Høykom blir utnytta for det det er verdt, og endå ein del meir!
- kvalitetsvurderingane skal utvidast – kva med indikatorsettet?
- LivsIT (som no skal heita Los) er nemnt som semantisk standard for tematisk tenestestruktur, men det blir jo i feil kapittel. Det handlar om interoperabilitet, ikkje digital inkludering! Men departementet har aldri skjønt noko av dette prosjektet..
- på enkelte punkt blir meldinga veldig teknisk (t.d. aktuelle breibandsteknologiar), saknar ein analyse og ut frå den litt om kva krav me bør stilla framover
- i diskusjonen om digitale rettar og digital allmenning, saknar eg omtale av creative commons som eit alternativ
- meldinga slår fast at IT-forskinga har sakka akterut; det gjenstår å sjå om det blir gjort noko med det
- argumenta blir presenterte, den vidare kampen skjer i regjeringa og Forskingsrådet
- ehandel halde fram som viktig, men den offentlege marknadsplassen er så langt ein fiasko
- Norsk helsenett: Infrastrukturen er på plass, men blir likevel ikkje teken i bruk i den målestokken som var føresett. Kvifor er det slik? Kva er gevinstane for den enkelte fastlegen?? Her er ein situasjon der den eine parten (dei regionale helseføretaka) har stor nytte av at helsenettet blir teke i bruk, medan primærhelsetenesta har i langt mindre grad nytte av det. Korleis komma rundt ei slik skeivfordeling av potensiell gevinst?
- saknar litt kritisk diskusjon rundt tenestetrappa: elektronisk sjølvbetjening er målet, spelar mindre rolle om det skjer på trinn 3 eller 4 så lenge det er ressurseffektivt for forvaltninga
- Miside/Altinn: Det skal bli ei vanskeleg oppgåve å forklara brukarane at t.d. sjølvmeldinga må fyllast ut via Altinn, medan andre personlege skjema er å finna på Miside. Skal ikkje Miside samla alt som gjeld den enkelte innbyggjar som vanleg innbyggjar (jfr. meldinga mi om Skatteetaten som reklamerer med bruk av Altinn for flyttemelding)?
- ”Miside blir lansert primo 2007” – ikkje rart dei var engstelege over formuleringa etter all utsetjinga...
- Tenestebegrepet: Dette er verdt ein eigen omtale, og den vil komma. Vil berre peika på problemet med ordbruken når alt blir kalla tenester. Er søknad om barnehage ei tenester? Eller er det det som skjer i barnehagen som er tenesta? Kan synast som flisespikking, men i ei semantisk (nett-)verd blir dette fort viktige spørsmål.
- Tiltak 7.2 Etablering av publiseringsteneste for off. el. postjournalar – kva er det? Dette har jo kommunane i dag (stort sett), det er dei statlege som søv her. Men det trengst vel ikkje noka eiga publiseringsteneste? Det er eit fåtal arkivsystem i bruk i offentleg sektor og alle tilbyr funksjonalitet for å presentera postjournal på nett. Sjå på kommunane; ikkje gjer det vanskelegare enn det er!
- Felles IKT-arkitektur for det offentlege: Er redd den viktige semantiske delen blir klemt inne og oversett. Ein annan ting er at interoperabilitet er langt meir enn ei liste med tilrådde standardar!
Ambisjonane er det elles ikkje noko i vegen med her, men gjennomføringsevne? Tja. Eit par enkle kontrollspørsmål: Kva standard-komponentar byggjer Altinn og Miside på? Det kunne vore interessant å få vita. - Opne standardar: GSM brukt som eksempel – ja, opne standardar er viktig, men ikkje nok! Eit godt eksempel er trådlaus nett-aksess i forhold til mobilkomm. Det er bortimot umuleg å gå saumlaust frå eitt trådlaust aksesspunkt til eit anna fordi det ikkje eksisterer avtalar om samtrafikk (roaming). Det forretningsmessige må også på plass.
- Referansekatalog for (forvaltnings-)standardar: Er redd det er for overdriven tru på denne, kva kan ei slik liste gjera?
- haldninga til opne standardar er litt passiv, jfr. Lars Marius’ spørsmål til Jørund Leknes på emnekartseminaret i Leikanger: Bør me ikkje også ha ambisjonar om å delta i utforminga av desse og bør ikkje det offentlege støtta slike tiltak (generøst)?
- Skjema: Det burde vore rydda betre i kommunal sektor; litt for tett blanding av standardisering og forretningsverksemd.
- open kjeldekode (OSS) – det ser ut som dep. verkeleg ønskjer å gjera noko her; igjen gjenstår det å sjå konkrete tiltak
- paradoks at dette kapitlet, som understrekar at folk flest har for dårleg kjennskap til personvern, er det minst tilgjenglege og tyngste kapitlet!
- viktig understreking av den innsynsdelen av Miside; det er etter mi meining kanskje det aller viktigaste med heile Miside
- litt tungt dette kapitlet også..
Mange takk for dette sammendraget. Det er svært verdifullt for meg som aldri ville prioritert å lese dette dokumentet, og som uansett ville manglet mye av bakgrunnskunnskapen for å forstå det.
SvarSlettTakk! "It's a dirty job but someone's gotta do it!" :-)
SvarSlettI'm hongcgi and I am a Chinese.I loved reading your blog.
SvarSlettFlott sammendrag.
SvarSlett