Etter å ha "dissa" Jakob må eg skunda meg å leggja til at han er ein svært viktig person for eit meir brukarvennleg Internett og at han har stor gjennomslagskraft. Den faste spalta hans, Alertbox, har mange abonnentar og er ein inspirasjon for mange.
Trass i ein del (og tiltakande) avsporing på statistikk og økonomi, har Jakob Nielsen ofte interessante poeng. I den siste artikkelen tek han opp kva barna bør læra om IT på skulen. Og her er Jakob på sporet igjen. Han understrekar behovet for basiskunnskapar og advarer mot "produkt"-læring. Her er dei viktigaste IT-tema han meiner barn bør tilegna seg:
1. Søkestrategiar
2. Informasjonstruverd (Information credibility)
3. Informasjonsoverflod
4. Skriving på/for nettet
5. Presentasjonsteknikkar på pc
6. Ergonomi på arbeidsplassen (i eit digitalt miljø)
7. Debugging (!)
8. Brukartesting og grunnleggjande retningslinjer for brukarvennlegheit
Du kan lesa heile artikkelen på www.useit.com/alertbox/computer-skills.html
Ikkje revolusjonerande, men rett og slett sunn fornuft sett i system.
Jeg er definitivt enig i at barn bør lære IT på skolen, og at dette bør være noe mer enn å lære å bruke bestemte produkter. Men det kan se ut som det er alt jeg og Jakob er enige om. :)
SvarSlettDet aller viktigste er jo å lære noe grunnleggende om hva en datamaskin er, hvordan den fungerer og litt prinsipper for databehandling (som f.eks at du ikke kan få noe ut av en database som du ikke allerede har puttet inn, forståelse for dataformater etc).
Jeg kunne sikkert laget en bedre liste hvis jeg hadde tid, men jeg var lite fornøyd med Jakobs.
Tja, eg er faktisk einig med Jakob som legg vekta på nettverket og ikkje maskina. Eg trur datamaskina som sådan blir mindre og mindre viktig, og at hovudfokuset må liggja på informasjon og informasjonskvalitet.
SvarSlettMen det er vel det du seier også..
Enig med Nielsen og Ølnes. Datamaskiners virkemåte bør være uinteressant for andre enn dem som jobber direkte med IT, fokuset bør være på informasjon og kommunikasjon. Det som betyr noe er hva vi gjør med maskinene, og hva de gjør med oss. 90-tallets maskinorientering ("du må lære deg å kode dersom du skal si noe på nett") bør holde seg sju fot under.
SvarSlettInformasjon og kommunikasjon er svært viktige disiplinar men eg er fundamentalt usamd i at datamaskiner sin virkemåte ikkje er interessant for andre enn dei som arbeider direkte med IT. Det at alle ikkje skal programmere betyr ikkje at dei er fritekne frå å lære seg kva ein datamaskin kan gjere - og kanskje viktigare - kva den ikkje kan gjere.
SvarSlettInformasjon og kommunikasjon er ikkje nye fag i skulen. Dei mykje forhatte språkfaga er informasjons- og kommunikasjonsfag og bør utvikle seg til å ta opp i seg nye medie og teknologiar. Oftare enn at folk ikkje kan å skrive for nett er problemet at dei ikkje kan å skrive i det heile.
Den generelle IT-opplæringa må gjere oss i stand til å forstå samanhengar mellom årsak/virkning og problem/løysing, ikkje berre lære spesifikke produkt. Samstundes må opplæringa ta omsyn til den kvardagen vi lever i. Eg har hatt studentar som er dyktige på kommunikasjon og nettbruk og som handterar store informasjonsmengder i mange parallelle kanalar lynraskt - men som samstundes ikkje er i stand til å finne igjen ei fil dei har lagra på harddisken om sjølve livet stod på spel. Sjølv om vi kanskje slepp å tenkje på filer om nokre år så er filbehandling ein del av realiteten vi må forhalde oss til no.