Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, kan seiast om sommaren i år. Den har ført til rekordomsetjing i bokhandlar og utlån på biblioteka. Det er bra. Sjølv har eg også lese fleire bøker enn vanleg og vil gi ein kort omtale av dei eg hugsar.
Til fyret (Virginia Wolf) er ein av dei store klassikarane. Eg skal ikkje gi meg ut som litteraturvitar, men boka markerte starten på den moderne litteraturen (ei av dei, i alle fall). Det er forma som er uvanleg. På overflata er det berre trivielle ting; heile den ytre handlinga er bortimot banal. Men under overflata kokar det! Kvar enkel ytre handling eller replikk blir følgt av lange indre monologar og grublingar. Boka er ikkje lettlesen, det skal ho ha forfattaren, men fascinerande når ein berre greier å konsentrera seg om teksten. Føreordet med ei tolking av boka var til stor hjelp; både før gjennomlesing og etterpå.
Berlinerpoplene og Eremittkrepsene (Anne B. Ragde) har vore det store diskusjonstemaet dei siste vekene, så desse har eg treft bra med. Ved å lesa dei etter 'Til fyret' vart det som å gå ut i total spagat. Anne B. Ragde er lettlesen så det held, men det er ikkje nødvendigvis noko gale i det. Eg vil vel heller seia tvert om, det er det mest positive eg kan seia om bøkene. Men totalinntrykket er likevel skuffande. Her er det enorm fokus på detaljar utan at lesaren (i alle fall eg) får noko betre forståing av karakterane. Dei blir for meg veldig einsidige og flate; nesten som pappfigurar. Eg synest også klisjeane får litt for god plass; ikkje minst gjeld det beskrivelsen av dei homofile.
Hjulskift (Vigids Hjort) er i same lettlesne sjanger som Anne B. Ragde. Det er den første boka eg har lese av Vigdis Hjort og det freistar ikkje meg å lesa fleire. Eg synest boka var tynn og på same måte som Anne B. Ragde sine bøker opplevde eg den som stereotyp i miljøskildringane. Nei, les heller Kyrre Andreassens 'Svendsens catering'. Den er god!
Ut og stjæle hester (Per Petterson) har eg hatt på lista mi lenge. Denne romanen har fått mykje skryt og det er fortent. Ei veldig bra skildring av eit far/son-forhold. Men på slutten tippar det nesten over i nostalgisk western der dei "rir mot åskammen i solnedgangen på kvar sin oppsala hest".. Men berre nesten.
Grand Manila (Kjartan Fløgstad) er Fløgstad på sitt beste og om det han kan best: små industrisamfunn på Vestlandet. Her er det også ein typisk vestlandsk industristad og Verket som er i sentrum, men med mange forgreiningar til fleire land og fleire menneskeskjebnar og det heile fletta imponerande bra saman. Ei veldig bra bok.
Hei!
SvarSlettDette er en nydelig blog. Jeg liker det du skriver også. Jeg driver et lite nettsted som heter www.leserglede.com.
det jeg lurer på er om du kunne tenke deg å skrivel itt for oss også, eventuelt om vi kunne legge ut noen av anmeldeldelsene dine på leserglede (under ditt navn og med link hit). Antakelig ville det være ok for oss begge med litt linke-bytte også, for å drive trafikk.
Hva tror du?
Mvh
Peter
www.leserglede.com
Hei Peter, du må gjerne leggja ut leseomtalane mine. Som du ser er det nokså sporadiske omtalar, men dersom du meiner dei kan vera av interesse for fleire så er det berre å leggja ut og lenka hit.
SvarSlettSjølv har eg stor nytte av diverse bloggar og det er målet med bloggen min også at den skal gi noko og gjerne skapa litt debatt.