tirsdag 11. november 2008

Blogging gammaldags?

Ja, meiner Paul Boutin i ein artikkel i Wired nyleg. Han meiner nye verktøy som Flickr, Twitter og Facebook får bloggen til å sjå sååå 2004 ut. Hans korte oppsummering lyder slik:

"Kill yr blog. 2004 over. Google won't find you. Too much cruft from HuffPo, NYT. Commenters are tards. C u on Facebook?"
Men Eirik Solheim i NRK Beta, der eg fann dette, er ueinig, og eg sluttar meg til Solheim. Eg trur rykta om bloggens død er betydeleg overdrivne og stemmer ikkje. Boutin kan ha rett i at stadig fleire profesjonelle bloggar, gjerne frå store medieverksemder, kan fortrengja dei private bloggane i synlegheit. Men bloggen som medieform har eg likevel stor tru på. Jan Omdahl i Dagbladet skriv også fornuftig om påstanden frå Boutin.

Ei viktig side ved ein blogg er at den er personleg og at den også er eit arkiv. Den er, for å låna uttrykk frå Lauren Feldman i sitt svar til Paul Boutin:

“Paul couldn’t be more wrong. The most important thing in your digital life is your personal blog… …your blog is your little slice of digital heaven. And no one can fuck with you there.”
Ei anna viktig side ved ein blogg samanlikna med t.d. Twitter og Facebook, som for all del dekkjer viktige behov, er at den kan bidra til å motverka ein dårleg trend ved nettet: "web-ens uutholdelige letthet".

Problemet er at vi gradvis mister evna til å lesa lange tekstar og argumentasjon som går over meir enn to setningar. Det er ei utvikling mot ein ekstrem overflatisk kvardag. Ingen skal fortelja meg at ein kan få uttrykt kompliserte og gjennomtenkte tema med 140 teikn i Twitter.

Men eg trur ikkje Twitter og Facebook er konkurrentar til bloggen, heller eit supplement. For eigen del har eg i alle fall ikkje tenkt å slutta å blogga med det første..

4 kommentarer:

  1. Problemet med private Bloggar er å bli funnen! Dersom Bloggen er for deg sjølv og dine venner er det Ok. Vil du få fleire til å lesa om meiningane dine trur eg at verktøy som Flickr, Twitter og Facebook er tingen.

    Når det gjeld NRKBeta, er eg enig i kommentarane at det knappt kan kallast ein Blogg, noko som Eirik Solheim tildels støttar.

    SvarSlett
  2. At bloggen skal være død er bare tull. Så enkelt er det. Det er mange ting som står nærmere stupet enn bloggene, f.eks tradisjonelle nettaviser, men selv de har et godt stykke igjen.

    Faktisk tror jeg både Twitter og Facebook står nærmere stupet enn det bloggene gjør. Facebook er på vei ned, snarere enn opp, etterhvert som folk ser hvor lite Facebook faktisk har å tilby.

    Twitter er nok på vei opp, men er een ny type medium, og som sådan vanskelig å forstå for de fleste, og det er slett ikke sikkert det noensinne vil ta av. Jeg synes Twitter er interessant, og har stor glede av det, men, som du sier, Twitter er ingen erstatning for blogger. Twitter er en helt annen type medium, og må brukes til helt andre ting enn det man gjør med blogger. (Jeg er larsga på Twitter, forresten.)

    Ellers tviler jeg på om Nils Arne har rett i at Twitter er et godt verktøy for å få folk til å lese en blogg. Problemet er at Twitter skalerer ganske dårlig. For å få folk til å følge deg på Twitter må du ofte følge dem, og når antall du følger passerer et visst tall (noen sier ca 50) blir det hele uhåndterlig. Så det virker vanskelig å nå mange på den måten. (Jeg har flere ganger flere abonnenter på bloggen enn jeg har på Twitter.) Ikke kan du gi dem mer enn 140 tegn av gangen, heller...

    Ellers er jeg enig med Nils Arne om at private blogger sjelden får så fryktelig mange lesere. Spørsmålet er hvor viktig det er. Jeg har en blogg fordi det gir meg et utløp for tanker jeg har. Hvor mange som leser det er ikke like viktig.

    SvarSlett
  3. Det siste punktet ditt meiner eg er veldig viktig: Det er lett å overfokusera på besøkstala. Men det viktigaste er faktisk konversasjonen, om den så er berre med seg sjølv.

    Eg meiner også at den kanskje viktigaste sida ved bloggen er at den har gjort ytringsfridommen reell. Det er først med bloggen og bloggverktøy at folk flest kan uttala seg fritt og potensielt nå mange mottakarar.

    Gløym Gutenberg, trykkekunsten og framveksten av aviser, ytringsmulegheitene var framleis for dei få. Sjølv nettet var for dei relativt få med spesiell teknisk innsikt heilt fram til verktøy som Blogger, WordPress o.l. kom.

    No er terskelen for å ytra seg på nettet så låg at det går an å seia at har du internett-tilgang, har du også reell ytringsmulegheit. I eit demokratisk perspektiv kan det knapt overvurderast.

    SvarSlett
  4. Marketing-guru Seth Godin skriv om dette i ein av sine siste postar. Han skil mellom det han kallar "Katten min"-bloggar og bloggar der lesaren er i fokus.

    Dei største bloggane, iflgj. Technorati, er visstnok stort sett samarbeidsprosjekt. Her på berget er jo firmablogging blitt populært, jf. nemnde NRKBeta, og også Iallenkelhet og Kuttisme.

    Seth Godin argumenterer for einevelde i bloggsamanheng, medan
    desse folka argumenterer for kvifor dei har ein blogg som einaste heimeside.

    Så det er vel håp for bloggen..

    SvarSlett