torsdag 5. februar 2009

Bloggens makt

Dagbladet har ein interessant historie om det famøse forslaget til innstramming av straffelova for religiøse ytringar, som kompensasjon for bortfallet av blasfemiparagrafen. Her trakka Senterpartiet skikkeleg uti, eg må ope innrømma at eg skjemmest over å ha stått på kommunelista til partiet. Forslaget var ikkje berre hårreisande dårleg, det var direkte farleg og eit stygt angrep på ytringsfridommen.

I følgje DB var det bloggarane som tok saka og skapte debatt, ikkje avisene og det tradisjonelle media. Eg trur distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane har heilt rett: Han sa på web 2.0-seminar for to dagar sidan at aldri har tida vore betre for nye media (web 2.0++) å utfordra det gamle. Han sikta til lokale forhold, men eg trur dette gjeld i endå større grad på nasjonalt plan. Det er vel berre å sjå på opplagstala for avisene..

3 kommentarer:

  1. VamPus er ikke helt sikker på om norske bloggere har så mstor innflytelse.

    http://vampus.blogspot.com/2009/02/ingen-triumf-for-bloggerne.html

    SvarSlett
  2. Interessant diskusjon. Uansett er eg av den oppfatninga at det ikkje er det som avgjer om blogg-fenomenet er viktig eller ikkje.

    Det viktige med blogginga er ytringsfridommen og at det for første gang i historia faktisk er fritt fram for alle å ytra seg skriftleg ("move over, Gutenberg"). Dvs. alle som har pc og nett-tilgang..

    SvarSlett
  3. Ta en kikk på denne lenken (om den virker).

    http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/460620

    Er fra NRK2 sin sending 5.februar, der Heidi Norby Lunde (Vampus) forklarer hva hun mener. Bloggerne holdt saken varm, ja, men det måtte et "kjendisopprør" til før media tok tak i den.

    SvarSlett