mandag 16. mars 2009

Kest e-boki mi?

Amazon har på eiga hand skapt gjennombrot for e-boka med Kindle. Første versjon har selt veldig bra, trass i at distribusjonen er avgrensa (Norge er dessverre ikkje på lista). Med Kindle 2 er det grunn til å tru at det berre vil ta heilt av.

Mykje av grunnen til suksessen er at skjermen er så god at den konkurrerer med tekst på papir når det gjeld kontrast. Ein annan grunn til suksessen er tilgjengelege titlar. Men her er det også mange hindringar att; e-boka har innebygd funksjonalitet for å bli ei lydbok, men forlaga nektar bruken av slik teknologi - førebels.

Jakob Nielsen har ein interessant test av Kindle 2 og overraskande nok er konklusjonen hans at e-boklesaren er best på det same som den fysiske boka: lineær lesing. Den er faktisk dårleg på navigering ved hyperlenker og søk. Dette er jo heilt motsett av det ein skulle tru, og vitnar vel eigentleg om eit stort, unytta potensial.

Skeptikarar vil sikkert innvenda at e-boka aldri kan erstatta den fysiske boka. Men når vi ser utviklinga på musikkfronten, trur eg ikkje behovet for fysiske kjenneteikn skal overvurderast. Det er slikt som går fort over når berre funksjonaliteten blir bra nok. Og for nye, unge lesarar vil ikkje det nostalgiske ved boka ha særleg betydning.

Så står det berre att å håpa at Kindle 2 og e-bøker også kan bli å få her til lands.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar