fredag 15. mai 2009

Ei positiv oppleving frå Helse-Norge

Det er nok av historiar om eit håplaust helsevesen, og eg tvilar ikkje på at det er store strukturelle problem. Men det er viktig å løfta fram ting som går bra også.

I dag hadde eg noko som kan kallast eit "drop in"-besøk på Lærdal sjukehus (ligg under Helse Førde som igjen er ein del av Helseregion Vest). Eg skulle til Lærdal i eit anna ærend (sjekk av tannregulering for nest eldste dottera) og tenkte at det var verdt eit forsøk om det gjekk an å få teke eit røntgenbilete av handa mi. Eg har hatt problem med ein finger på høgrehanda etter ein "slåsskamp" med ein sau (!).

Legen ved Helsesenteret i Sogndal ville gjera eit forsøk og ordna ein rekvisisjon i dag tidleg, og ringde deretter sjukehuset. Med rekvisisjonen i handa var røntgenbiletet unnagjort på under halvtimen.

På den eine sida kan ein seia at det skulle berre mangla, det kan ikkje vera så vanskeleg og tidkrevjande å ta eit røntgenbilete av ei hand. Men på den andre sida trudde eg eigentleg ikkje det ville vera muleg å ordna det så raskt og effektivt. Så velfortente plusspoeng til helsevesenet her, særleg kombinasjonen primær-helsetenesta i Sogndal og Lærdal sjukehus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar