onsdag 3. juni 2009

Kommentar-kontroll og spam

Eg har tidlegare teke opp spørsmålet om kontroll av kommentarar på blogg og er av same meining som før: Vent med å innføra slikt til det eventuelt blir eit problem. Det største problemet for dei fleste bloggarar, er opplevelsen av å ropa i skogen og ikkje få svar. Difor blir det meiningslaust å innføra kontroll i tillegg på dei få svara som kjem.

Nei, ønsk kommentarar velkomne ved å senka lista og godta heller litt smårusk. Akkurat no heng det att delar av ein spam-kommentar eg var inne og sletta. Men etter snart 4 års blogging har eg ikkje fjerna meir enn toppen 5 spam-kommentarar. Det kan eg godt leva med. Så inntil vidare er det framleis fritt fram for kommentarar.

3 kommentarer:

  1. Heldiggrisen. Jeg får ganske mye spam, men etter at jeg satte innstillingene sånn at man må få første kommentar godkjent av meg, går det fint.

    Jeg er helt enig i prinsippet ditt: ingen vits i å innføre strenge kontrollrutiner før man faktisk har et problem.

    SvarSlett
  2. Ein viktig skilnad er at du skriv på engelsk og eg på norsk. Du blir dermed mykje meir utsett, men har også eit heilt anna lesarpotensiale.

    SvarSlett
  3. Du har et poeng der, ja. Uten å ha tall på det, vil jeg nok tru at forholdet mellom mengden spam og genuine kommentarer er vesentlig bedre om man skriver på et relativt lite språk som norsk enn når man skriver på engelsk.

    SvarSlett