fredag 10. juli 2009

Store Norske Liksom

Store norske leksikon (SNL) kom på nett for snart eit år sidan og har fått ein del kritikk. Kritikken ser ut til å vera på sin plass. Når du skal ut og slåss mot feiaren (Wikipedia), er det ikkje smart å ha kvit dress, som SNL tydelegvis kler seg i.

Det konkrete eksempelet mitt er informasjon om Norsk Lysingsblad. Her finn eg ein kvalitetssikra artikkel i SNL. Kva betyr "kvalitetssikret"? I følgje SNL betyr det at fagansvarlege har gått god for artikkelen. Men dette er nok i praksis berre retorisk pynt, artikkelen er full av feil og manglande oppdatering, og det tyder på at kvalitetssikringa er slett. Alvorleg nok, men det blir verre.

Når eg prøver å varsla SNL om feila, blir eg effektivt hindra. Eg prøver først å gi redaksjonen melding, men det som heiter "Send melding til redaksjonen" betyr at du må gjennom ei registrering, venta på passord +++, altså uaktuelt. Så prøver eg å senda melding til fagansvarleg, som positivt nok er nemnt med namn. Men igjen same runddansen med registrering +++.

SNL har effektivt hermetisert seg sjølv. Eg føreslår at dei tek inn følgjande tekst på slutten av alle artiklar: "Dersom du har kommentar til artikkelen, møt opp i redaksjonen med ein handskriven lapp. Vi tek også mot steintavler."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar