mandag 22. mars 2010

Studietur til San Francisco











IT-forum Sogn og Fjordane arrangerer studietur til San Francisco i desse dagar og eg er ein av i alt 16 i reisefølgjet. No er det rettare å seia at det er Innovasjon Norge ved Ekportrådet sitt kontor i SF som arrangerer dette, men det er IT-forum som tilbyr dette til medlemsorganisasjonane.

Dei fleste reiste til SF laurdag 20.3 og for eigen del kom eg fram via Frankfurt. Det er ein tur på bortimot 12 timar og det er langt på økonomiklasse! Akklimatiseringa denne vegen går greitt, sjølv med ein tidsdifferanse på 8 timar. Det blir verre når me kjem tilbake.











I dag (søndag) har det vore felles utflukt til vindistrikta Sonoma og Napa valley litt sør for SF. Me besøkte to vingardar; Gloria Ferrer og Sebastiani. Prøvesmaking var ein viktig del av opplegget og som godt oppdregne nordmenn var det ikkje snakk om å spytta ut vinen.

Gloria Ferrer er ein del av det spanske familiefirmaet Freixenet - ein av verdas største produsentar av "sprudlevin" (som dei tidlegare kalla sjampanje, men som dei ikkje får lov til lenger). I Spania produserer dei cava, medan dei i California kallar den berre "sparkling wine".

Sebastiani er også ei familiebedrift, men den opprinnelege familien selde vingarden til ei ny familiebedrift for eit år sidan.

Felles for begge vingardane var eit profesjonelt opplegg for besøkande, og denne typen omvisingar pluss sal til vinklubbar har etter kvart vorte den viktigaste inntekta. Sebastiani hadde redusert produksjonen til 1/10 samanlikna med 10 år tidlegare, men satsa på høgre kvalitet og sal gjennom andre kanalar.

4 kommentarer:

  1. Som ølentusiast blir jeg sjokkert over at man reiser til selve sentrum av ølverdenen for så å reise på ølsmaking. Dette er tvilsom bruk av offentlige midler! :-)

    SvarSlett
  2. He-he, veldig bra! Treng gode tips til å retta opp denne stygge feilen. Eg tek på meg dannelses-oppdraget - kvar skal me starta, og kva bør me smaka?

    SvarSlett
  3. Hvor skal man starte? Nei, si det. Det er så mye å velge mellom at man blir nesten motløs bare ved tanken. Jeg ville definitivt prøvd meg på IPA-er. Russian River, Stone og Alesmith er jo gode navn.

    Jeg har ikke vært in San Francisco selv, så å anbefale steder er ikke så lett, men her er en liste: http://www.ratebeer.com/places/regions/san-francisco/7360/5/

    Toronado ser ut til å være den lokale favoritten.

    SvarSlett
  4. Takkar. Har gitt klar beskjed til Innovasjon Norge at neste gang dei set opp program, må vinsmakinga bytast ut med ein pubrunde og ølsmaking.

    Og så må eg skunda meg å retta opp evt. misforståelsar om offentleg pengebruk: Fleirtalet (10 av 16) i denne gruppa er private bedrifter slik at dei fleste betalar denne turen av eiga lomme.

    SvarSlett