Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
søndag 27. juni 2010
Alfa i 100!
Alfa Romeo feirar 100 år i desse dager. Anonima Lombarda Fabbrica Automobili, betre kjendt under forkortinga ALFA, vart etablert i Milano i 1910. For bilelskarar representerer merket noko av det beste innan sportsbilar. I motsetnad til Ferrari og andre italienske kjende sportsbilar, har Alfa Romeo alltid laga familiebilar, men med eit sterkt sportsleg snitt. I følgje programleiarane av Top Gear kan ingen kalla seg skikkeleg bilidiot (petrolhead) utan å ha eigd ein Alfa.
Men det var først med Giulietta i 1955 at det vart fart over salet. Ikkje rart at Alfa Romeo i jubileumsåret har lansert ein ny Giulietta. Og dei kan trengja ein ny suksess. Dei siste 20-30 åra har det vore glideflukt nedover både i sal og kvalitet for det renommerte merket. FIAT overtok kontrollen i 1986 og redda dei vel frå konkurs. Men elles har ikkje samlivet med Fiat ført så mykje positivt med seg.
For min del er GTV-en (Gran Turismo Veloce) den flottaste, av dei oppnåelege. Den klassiske modellen vart laga frå 1967 - 1976 (1750 fram til 1971 og deretter 2000). Av dei uoppnåelege er sjølvsagt 8C Competizione den ultimate; den vakraste bilen på lange tider. GTV-en har perfekt vektbalanse (50:50 på fram- og bakaksel) mykje på grunn av at girkassen er flytta bak til bakakselen. Her er eit eksempel på ein Alfa Romeo GTV 2000 frå 1974 til sals på Finn.no:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar