Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
tirsdag 9. november 2010
Produktiv jogging eller turgåing
Eg har ikkje særleg sans for jogging må eg innrømma. Trur det slit meir på kroppen enn det gjer godt. Men kollega Guttorm Flatabø viser på bloggen sin korleis ein joggetur med ein medbrakt GPS-loggar kan gjera om ein slik tur til ei nyttig øving. Med dette utstyret er det bokstaveleg talt moro å gå opp nye løyper. Og du treng sjølvsagt ikkje springa, GPS-loggaren fungerer i alle aktuelle hastigheiter. GPS-data lastar du opp til OpenStreetMap.
OpenStreetMap er eit dugnadsprosjekt for å kartleggja Jorda. Det er eit klart alternativ til Google Maps, som i motsetning til OSM er eit proprietært system. Det er lett å tru at Google er den fremste eksponenten for fri programvare, men sjølv om dei gjer mykje bra, held dei også mykje lukka. OSM er lisensiert med Creative Commons Share Alike (CC-BY-SA 2.0).
Open StreetMap er organisert som ein stiftelse gjennom OSM Foundation. Det vart grunnlagt av Steve Coast i 2004 etter modell av Wikipedia.
Med GPS stadig oftare som del av mobiltelefonar er det berre å gå i gang. Kanskje må du først lasta ned eit GPS-sporingsprogram (tracking/logging).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar