Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
tirsdag 1. mars 2011
Brevet
Kirsti Coward, jurist og tidlegare dommar i Høgste-rett, har skrive blogg-innlegg på Klarspråk-bloggen med tittelen "Savnet av brevet". Det er interessante, og litt vemodige, refleksjonar over ei tid og eit fenomen som snart er borte.
Eg kom til å tenkja på eit brev eg fann frå bestefar min. Han skreiv til syskenbarnet sitt i Amerika, og brevet kom tilbake i samband med eit dødsbu. Brevet er skrive i 1948 og gir eit interessant bilete av tida rett etter siste verdskrigen. Legg også merke til den flotte i-formi som den nye nynorsk-norma vil ha bort.
Kjære syskinbarn!
Takk for brevet som eg fekk i sumar. Eg vart svert glad og få høyra ifrå slekti mi i frå Amerika. Det vart so lenge for eg kunde skriva att, for eg laut venta so lenge på bileti. Sogndalsboki er utseld, men skulde det koma att fleire av det slaget skal eg senda deg ei.
Me hadde det godt med mat under krigen, me som hadde gard, me måtte hjelpa byfolki for dei svalt. So var det på bytehandel med klæ, for det var svert vanskeleg, det var og byta atti kjøt og smør, so me hjelpte kvarandre det beste me kunde. Tyskarane øydelagde ikkje noko i Sogndal, men me hev no ein hard paakjenning av krigen, ein verte mest øylagd av dei store skattar.
Eg fora på garden min ein 7-8 kyr, 1 hest og ein 25 sauer og so griser og høns. Eg hev no havt garden i 25 år. Det er 21 år sidan eg gifte meg. Kona mi er frå Fimreite og heiter Sunniva. Eg hev tre gjenter den eldste heiter Aashild og er 20 år. Ho er på ein stor foretning i Bergen, ho er forlova. Den andre er 17 år og heiter Gunvor. Ho er på eit kontor på ein fabrik her i Sogndal. Den tridje heiter Astrid og er 12 år. Bror min er gift til ein liten gard ca. 2 mil herifrå, han hev 2 gjenter.
Eg sende ei par bilete av gjentungarne mine. På det eine er dei alle 3 og det andre dei 2 elsta. So sende eg bilete av heimen min, og so eit so du ser heila Barsnes. Eg set ein x over der som husi mine står.
Du får hava takk for pengane som du sende. Hopar du forstår det eg skriv, for eg skriv på nynorsk og det som du skriv det kallar me riksmål. Hev du ikkje tenkt deg ein Norgestur, du er velkomi vel du koma. Norge er vorte eit turistland her er ein masse utlendingar um sumaren, og dei lika seg godt her.
Bilete av besteforeldri mine hev eg ikkje. Den hagen du ser rundt husi er hagen som bestefar hev planta, so mor di hev sikkert mange gonger plukka frukt av desse trei.
Me er alle friske og hev det godt, men det er mange ting her er lite av. Det er iser 3 ting det er lite av og det er sukker, kaffi og bumbulstøy, so dei tingi er ikkje betre med no eller under krigen.
Eg lika og høyra ifrå deg att um bileti er komne vel fram. So er du hjarteleg helsa ifrå oss alle i huset.
Helsing
Skak Barsnes, Sogndal i Sogn, Norge.
Det var interessant lesning, det brevet, ja. Det blir kanskje ekstra interessant av at han skriver til en person langt borte, slik at det blir en fortelling om hvordan han har det.
SvarSlettEt fint lite glimt inn i en tid som nå er borte.
Jeg ser ikke helt for meg at barnebarnet mitt vil publisere eposten min på nett på samme måten. Den kan godt komme til å overleve lenge nok, men veldig, veldig mye av den er lite interessant allerede uka etter.