Denne svære poppelen måtte gi tapt for jule-orkanen |
Verste sidan 91/92
Det er 20 år sidan sist me opplevde vind av denne styrken og med slike øydeleggingar. Nyttårsstormen i 1991/92 ramma særleg Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane vart den gongen meir skåna. Denne gongen fekk fylket vårt skikkeleg juling.
Også denne uteløa måtte gi tapt for vinden juledag |
Mellom anna som ei følgje av den dårlege beredskapen etter nyttårsstormen for 20 år sidan, men også med ulykker som Alexander Kielland-plattformen, Scandinavian Star-brannen og Sleipner-forliset, og vart det sett ned eit sårbarheitsutval med Kåre Willoch som leiar. Sårbarheitsutvalet la fram rapport "Et sårbart samfunn", NOU 2000:24.
Eit sårbart samfunn
Som tittelen seier, var fann utvalet at beredskapen var for dårleg og at me hadde eit sårbart samfunn på mange område. Rapporten opnar med eit sitat av Aristoteles: "Det er sannsynlig at noe usannsynlig vil skje", som i grunnen er den beste grunngjevinga for arbeidet med beredskap.
Styrking av samarbeid mellom politi og forsvar
I lys av 22. juli-katastrofen er det interessant å sjå at ei styrking av samarbeidet mellom politiet og forsvaret er eit av dei sentrale forslaga. Sommarens katastrofe viser at det neppe kan ha vore gjort. Klimaendringane var ikkje mykje diskutert for 10-15 år sidan, så risiko for flom og dambrot i samband med kraftforsyning var det sentrale punktet.
Manglar overordna IKT-beredskap
IKT-området vart via stor merksemd og det vart mellom anna føreslått å oppretta eit eige senter for informasjonssikring. NorSIS, som senteret heiter, vart etablert på Gjøvik og er fagleg underlagt FAD. Senteret ser ut til å vera veldig opptekne av det nære, som virusangrep, svindel på nettet osv. Dette er viktig, men det er endå viktigare sikkerheits- og beredskapsutfordringar på eit overordna IKT-plan. Det er utfordringar knytt til kommunikasjonsutfall som tydeleg vist både i sommarens Telenor-problem og under ekstreme situasjonar (22. juli, stormen nyleg). Det trengst eit organ til å handtera denne typen problem, og eg kan ikkje sjå at det finst.
Ny vurdering av beredskapen er nødvendig
Både dette, og det faktum at klimatrusselen ikkje var framme i diskusjonen under forrige sårbarheitsarbeid, gjer det nødvendig med eit nytt utval for å sjå på beredskap i full breidde. Og då må me også læra av det som vart påpeikt av forrige utval, men ikkje følgt opp.