Etter alt oppstyret rundt SOPA passar det med ein omtale av boka "Opphavsrett" av Ole-Andreas Rognstad, professor i rettsvitskap ved inst. for privatrett, Universitetet i Oslo. Han har skrive boka i samarbeid med prof. emer. Birger Stuevold Lassen, nestoren på området og Rognstad sin forgjengar ved instituttet. Birger Stuevold Lassen døydde for kort tid sidan (15. des. 2011).
Boka kom ut i 2009 og eg har hatt den liggjande lenge, og lese litt no og då. Med SOPA var det naturleg å ta den fram att. Den var først tenkt som lærebok i emnet, men ambisjonane vart etter kvart løfta og målgruppa er like mykje juristar og elles folk som er interesserte i dette temaet. Og som Gisle Hannemyr ved UiO seier: "Opphavsrett er for viktig til å overlata til juristane åleine".
Kva er opphavsrett?
Opphavsrett er reglar for vern av litterære og kunstneriske verk. Lov om opphavsrett til åndsverk - Åndsverklova (åvl) - formulerer dei norske reglane for opphavsrett og listar opp nokre eksempel på kva som fell inn under begrepa litterære og kunstneriske verk. Lova er frå 1961, men har fått viktige tillegg seinare, og nye er som nemnt under utarbeiding (jf. tiltak mot ulovleg fildeling).
Copyright
Den angloamerikanske varianten av opphavsrett heiter "copyright". Den skil seg frå vår eigen opphavsrett på mange måtar. Merk namnet, det kjem av at boktrykkjarane kjøpte "copy" av forfattarar og fekk rett ("right") til å framstilla eksemplar. Opphavsretten var først og fremst ein rett for boktrykkjarar til å framstilla eksemplar, opphavsmannen var av sekundær interesser sjølv om han/ho formelt sett hadde opphavsretten.
Kvifor opphavsrett?
Opphavsretten blir dels grunngjeven med rettferds- og rimelegheitssyn (naturrettslege) og del økonomiske , både som belønning for opphavsmannen og frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Den europeiske opphavsretten har bakgrunn i den naturrettslege delen saman med belønningssynet, medan den anglo-amerikanske særleg legg vekt på det samfunnsøkonomiske i tillegg sjølvsagt til belønning.
Ein studie av USAs høgsterettsdommar Stephen Beyer på 1970-talet av alternativ til opphavsrett i bokbransjen, konkluderte med at opphavsretten sin einerett ikkje er nødvendig for å skapa nødvendig motivasjon (incentiv) til produksjon av bøker.
Framveksten av Internett har skapt nye diskusjonar der mange (m.a. Lawrence Lessig) argumenterer for at dagens opphavsrett hindrar heller enn fremjar kulturell produksjon og ikkje minst innovasjon.
Opphavsrett og straffelov
Relevant for SOPA-diskusjonen og dei norske forslaga om tiltak for å hindra ulovleg nedlasting, er spørsmålet om forbod og sanksjonar skal takast inn i åvl, slik det har vore gjort og slik det blir stadig meir av. Rognstad samanliknar det med å ta med reglar for innbrot i hus under lov om privat eigedomsrett. Frå eit rettssystematisk syn er det uheldig å blanda element frå straffelova med andre lover.
Historisk utvikling
Opphavsretten er relativt ny, sjølv om litteratur og kunst har ein lang historie. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten (vel, den vart eigentleg oppfunnen i Kina) var viktig, men ikkje einaste forklaringa. Problemet med ulovleg kopiering har vore kjent lenge før opphavsretten kom i stand.
Først i 1709 kom den første forfattarlova - Statute of Anne (dronning Annes lov) - i England. Det var boktrykkjarane som var i sentrum for lova, sjølv om opphavsretten strengt teke låg hjå forfattaren. Men denne fekk som regel berre ein eingongssum for verket ("copy") og boktrykkjaren fekk rett til å framstilla eksemplar. Lova ga vern i 14 år, og i nye 14 år dersom forfattaren ikkje var død i mellomtida.
Den franske revolusjonen
Gjennombrotet for opphavsretten kom med den franske revolusjonen. Dei gamle privilegia vart sletta med eit pennestrøk, og opphavsretten heva til den mest heilage og ukrenkelege av alle eigedomsrettar. Det er i lys av dette me må forstå at opphavsretten faktisk er ein del av menneskerettane.
Utviklinga i Norge har stort sett følgt den europeiske og byggjer som sagt på den franske modellen, der opphavsmannen står veldig sterkt.
Bern-konvensjonen
Kvar stat fastset innhaldet og handhevinga av sine reglar for opphavsrett. Likevel vil det ofte vera handel og flyt over landegrensene, ikkje minst i dagens nett-dominerte verd. Det gjer rettssamarbeid mellom land nødvendig.
Bern-konvensjonen stammar frå 1886, men er endra fleire gonger seinare. Det er den viktigaste internasjonale avtalen om opphavsrett, og pr. 1. april 2009 hadde 164 land slutta seg til den. Berre San Marino står utanfor av dei europeiske landa. I konvensjonen heiter det at "De land som nærværende konvensjon gjelder for, danner en union [Bern-unionen] til vern av opphavsmenns rettigheter til sine litterære og kunstneriske verk".
EU og norsk opphavsrett
Av andre overnasjonale avtalar er EU sin påverknad gjennom EØS-avtalen den viktigaste. Påverknaden er dels gjennom EØS-avtalen sin hovuddel og dels EU-direktiv på området. Reglane i EØS-avtalens hovuddel kjem frå EF/EUs konvensjon og teksten er uendra gjort til norsk lov og har forrang framfor vår eiga åndsverklov! Dette er interessant i dagens diskusjon om Norge sitt forhold til EU gjennom EØS-avtalen.
Av direktiv om opphavsrett er EDB-direktivet og database-direktivet interessante sett frå ein IT-ståstad.
Databasevernet ("sui generis")
Det starta med innføringa av ein katalogregel i 1960, etter mange års arbeid med formulering av reglar for vern av formular, program, katalogar og liknande arbeid. Med program meinte ein teaterprogram o.l. og ikkje dataprogram. I Norge var særleg Skiforeningens frykt for kopiering av Holmenkollprogrammet ein viktig drivar for innføringa!
Katalogregelen var så å seia undra fram til 1999 då database-direktivet frå EU vart gjort gjeldande i norsk opphavsrett. Direktivet gir eit tosidig vern av databasar:
- opphavsrettsleg vern for databasar som verk
- "sui generis"-vern som "rett av sitt eige slag"
Sui generis-vernet var klart inspirert av dei nordiske katalogreglane. Slik sett kan ein seia at dei neppe skjønte konsekvensane av arbeidet dei gjorde for innføring av katalogvernet på 1950-talet.
Det er tvilsamt om database-direktivet har ført noko godt med seg, det innrømmer også EU i ei eiga undersøking frå 2005. Det blir spennande å sjå kva utviklinga i dataformat som t.d. semantisk web iombinert med opne data vil føra til på opphavsrettsområdet. Er rdf-triplettar omfatta av databasedirektivet?
Eit anna problem med databasedirektivet, enn at det er for mykje knytt til ein bestemt teknologi, er at sjølv om det berre er bearbeidinga og formatteringa som er verna, vil i praksis også data bli utilgjengelege som følgje av databasevernet.
Oppsummering
Eg er ikkje i stand til å seia noko om kvaliteten på denne boka. Eg har lese delar av den med stor interesse, og eg vil bli overraska om dette verket ikkje blir sett på som eit referanseverk på området.
Eg tek med ei kapittel-liste til slutt (boka er på i alt 459 sider):
Del I Innledning
1. Hva er opphavsrett
2. Historikk. Hensyn bak opphavsrettsbeskyttelsen
3. Rettighetsstruktur og rettighetshåndtering
4. Opphavsrettens internasjonale dimensjon
5. Forholdet mellom opphavsretten og andre rettsområder
Del II Åndsverksbeskyttelsen
6. Hva er et åndsverk?
7. Opphavsrettens subjekter
8. Rekkevidden av åndsverksbeskyttelsen
9. Opphavsmannens rådighetsrett
10. Opphavsmannens ideelle rettigheter
11. Rettighetenes grenser - utgangspunkter
12. Nærmere om de enkelte "låneregler"
Del III De nærstående rettigheter
13. Nærstående rettigheter - oversikt
14. Retten til fotografisk bilde
15. Databasevernet ("sui generis")
16. Utøvende kunstneres rettigheter
17. Film- og tonogramprodusenters rettigheter
18. Andre rettigheter og bestemmelser
Del IV Vernetiden
19. Vernetiden for åndsverk
20. Vernetiden for nærstående rettigheter
Del V Rettighetsovergang
21. Generelt om rettighetsovergang - terminologi
22. Rettighetsoverdragelser og lisenser - særlige bestemmelser og prinispper
23. Annen rettighetsovergang
Del VI Vern av private håndhevingssystemer
24. Oversikt og rettslig plassering
25. Vern av tekniske beskyttelsessystemer
26. Vern av elektronisk rettighetsinformasjon
Del VII Sanksjoner mot opphavsrettskrenkelser
27. Straff og inndragning mv.
28. Sivilrettslige sanksjoner
29. Særlig om medvirkere og mellomledd
Del VIII Åndsverklovens virkeområde
30. Generelt - territorialitetsprinsippet
31. Hvilke verk og prestasjoner har vern etter åndsverkloven
32. Internasjonal privatrett
Sitert litteratur
Forkortelsesliste
Rettspraksis
Stikkordregister
Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
torsdag 19. januar 2012
onsdag 18. januar 2012
Stopp SOPA!
18. januar har vore ein spesiell dag med frivillig stenging av mange nettsider i protest mot det føreslåtte SOPA-lovforslaget (Stop Online Piracy Act) i kongressen i USA. Også lovforslaget PIPA (Protect IP Act) frå Senatet er i same retning som SOPA.
Alvorleg for YouTube o.l.
Blir lova vedteken vil mange nettstader får eit mykje større ansvar for eventuelt materiale som bryt opphavsretten. Det kan få store verknader også for tredjepart som lenker til slikt materiale (t.d. søkemotorar og internett-tilbydarar). Tenester som YouTube, Flickr, Vimeo osv. vil bli spesielt utsette fordi det er ekstremt krevjande å kontrollera alt innhaldet som blir lasta opp og alle lenker til eksterne nettstader. Ordlyden i lovforslaget kan få vidtrekkjande konsekvensar viss det blir vedteke. Denne videoen på Khan Academy gir ein god illustrasjon av lovforslaget og rekkevidda av det.
Utan lov og dom også i Norge?
Det store problemet med SOPA er rekkevidda av forslaget, den er potensielt veldig omfattande. Det er også eit problem at stenging av nettstader utan lov og dom. Ein klage frå ein rettigheits-forvaltar kan vera nok til at domstolen krev stenging, før ei evt. dom har falle. Vi har sett den same utviklinga her til lands også, seinast i det nye forslaget til endringar i Åndsverklova frå Kulturdepartementet (høyring fram til slutten av september i fjor). Her går departementet langt i tiltak for å stoppa ulovleg nedlasting. Her frå oppsummeringa av alternative tiltak slik det er formulert i høyringsnotatet:
Vekk med WikiLeaks
Det er liten tvil om at nettstader som WikiLeaks har framskunda dette lovforslaget. Og nettopp slike nettstader vil bli lettare å råka med den nye lova. Det er ein fare for ytringsfridommen og varslings-aktivitet. Varsling er ofte i grenseland juridisk sett fordi varslaren ofte må ty til drastiske metodar for å nå fram. Det vil vera alvoreleg viss slik aktivitet blir gjort vanskelegare.
Omfanget av ulovleg nedlasting
Det er lite tvil om at opphavsretten blir kraftig utfordra på nettet. Men samstundes har utviklinga vist at dersom det blir lagt til rette for enkle betalingsordningar, med ein rimeleg pris, er brukarane villige til å betala. Apple's suksess med iTunes og framveksande musikktenester som Spotify, Wimp, Beat m.fl. viser det. I 2011 var online-sal av musikk for første gang større i omfang enn sal av cd-ar og andre fysiske produkt. Det burde vera bevis godt nok på at ulovleg nedlasting ikkje er så stort problem som bransjen hevdar, og at problemet er avtakande.
Opphavsrett tilpassa det 21. århundre
Eg trur også det må gjerast eit arbeid for å tilpassa opphavsretten til ei ny tid slik at lovgivinga blir meir i takt med samfunnsutviklinga. Det betyr ikkje at ein skal lempa på krava berre fordi teknologien har gjort det så mykje enklare å kopiera og distribuera digitalt innhald, men fordi dei nye generasjonane brukar særleg musikk på andre måtar og at det å byggja på anna materiale (remix-kulturen) har vorte veldig vanleg og framstår som ein ny kultur.

Departementet foreslår at rettighetshaveres adgang til å kreve at internettilbydere pålegges å hindre tilgang til nettsted som krenker opphavsretten i grove tilfeller, klargjøres gjennom egne regler i åndsverkloven. Departementet foreslår to alternativer for hvem som skal kunne gi slike pålegg. I alternativ 1 legges kompetansen til Medietilsynet (med klageadgang til en egen klagenemnd og full domstolsprøvelse), i alternativ 2 legges den i stedet til domstolene (ved at domstolenes adgang til å fastsette slike pålegg utvides og klargjøres i en ny lovbestemmelse).
Etter departementets syn oppfyller begge alternativene kravene i opphavsrettsdirektivet artikkel 8.3, og begge alternativene klargjør gjennomføringen. Siden det her ligger en direktivforpliktelse til grunn for forslagene, er ikke spørsmålet om en myndighet skal ha kompetanse til å gi pålegg, men hvilken myndighet som skal ha kompetansen og hvordan den skal utformes.
Vekk med WikiLeaks
Det er liten tvil om at nettstader som WikiLeaks har framskunda dette lovforslaget. Og nettopp slike nettstader vil bli lettare å råka med den nye lova. Det er ein fare for ytringsfridommen og varslings-aktivitet. Varsling er ofte i grenseland juridisk sett fordi varslaren ofte må ty til drastiske metodar for å nå fram. Det vil vera alvoreleg viss slik aktivitet blir gjort vanskelegare.
Omfanget av ulovleg nedlasting
Det er lite tvil om at opphavsretten blir kraftig utfordra på nettet. Men samstundes har utviklinga vist at dersom det blir lagt til rette for enkle betalingsordningar, med ein rimeleg pris, er brukarane villige til å betala. Apple's suksess med iTunes og framveksande musikktenester som Spotify, Wimp, Beat m.fl. viser det. I 2011 var online-sal av musikk for første gang større i omfang enn sal av cd-ar og andre fysiske produkt. Det burde vera bevis godt nok på at ulovleg nedlasting ikkje er så stort problem som bransjen hevdar, og at problemet er avtakande.
Opphavsrett tilpassa det 21. århundre
Eg trur også det må gjerast eit arbeid for å tilpassa opphavsretten til ei ny tid slik at lovgivinga blir meir i takt med samfunnsutviklinga. Det betyr ikkje at ein skal lempa på krava berre fordi teknologien har gjort det så mykje enklare å kopiera og distribuera digitalt innhald, men fordi dei nye generasjonane brukar særleg musikk på andre måtar og at det å byggja på anna materiale (remix-kulturen) har vorte veldig vanleg og framstår som ein ny kultur.
fredag 13. januar 2012
Bitcoin - digitale pengar
Pengane våre er så godt som digitale i den forstand at det aller meste av transaksjonar skjer elektronisk utan at fysiske pengar er inne i biletet. Men Bitcoin er likevel noko heilt anna. Det er pengar som er tvers gjennom digitale: fødde digitalt og aldri knytte til fysiske gjenstandar. Det mest spesielle med systemet er at det er heilt distribuert og ikkje avhengig av sentral kontroll. Det er eit ekte peer-to-peer-system, og det er sjølvsagt fri programvare. Systemet vart fødd i tida rundt finanskrisa og må forståast i lys av den: Tilliten til finansnæringa og bankvesenet var på eit lågmål, og det var veldig viktig å konstruera eit system som kunne fungera heilt utan sentral kontroll.
Omtale i Wired og DN
Wired har ein omtale av pengesystemet i desember-nummeret, og Dagens Næringsliv ser ut til å henta mykje frå denne artikkelen i sin omtale av pengesystemet i laurdags-DN 07.01.12, rett nok utan å visa til kjelder (hmm..). Tittelen på Wireds omtale seier også ein god del: "The rise and fall of Bitcoin. The story of the virtual currency you can actually spend - if it doesn't get stolen first."
Mystisk opphav
Bitcoin er som sagt eit heildigitalt pengesystem designa på ekte hacker-vis utan kontroll av myndigheiter. Her er ingen sentralbank eller sentralbanksjef, det måtte i så fall vera personen som fann opp systemet: Satoshi Nakamoto. Om det verkeleg er ein person, er framleis eit mysterium. Ingen kjenner identiteten til Nakamoto, og han gjekk under jorda ein gong i 2010. I alle fall slutta han/dei å posta meldingar under psevdonymet.Boka Artikkelen "Bitcoin: A Peer-to-Peer Electronic Cash System" av Nakamoto dokumenterer systemet. Her er starten av samandraget:
Ope, distribuert og ikkje sporbart
Bitcoin er løysinga på ei utfordring som har oppteke mange kryptografar i lange tider: Korleis konstruera eit digitalt pengesystem som er brukarvennleg (?), sikkert, ikkje sporbart og likevel heilt ope? Alle Bitcoin-transaksjonar blir logga og er slik sett heilt ope, men transaksjonane kan ikkje sporast til betalar og mottakar, ulikt dagens kortsystem.
Bitcoin er e-kontantar og det har vore mange forsøk på å laga slike system før, enten fordi dei har vore for dårleg teknologisk fundert eller fordi dei har måtta støtta seg på eksisterande infrastrukturar. Bitcoin er heilt frikopla frå dagens pengesystem og er i tillegg teknologisk meistarleg konstruert. Det vart offisielt lansert i januar 2009.
Digitale signaturar og proof-of-work
Teknologisk baserer systemet seg på digitale signaturar og proof-of-work som hindrar at pengar kan brukast fleire gonger av same personen. Sidan transaksjonar ikkje involverer sentralisert behandling, men føregår mellom brukarar/maskiner (peer-to-peer), er systemet effektivt og kan brukast også til ørsmå betalingar (mikro-betaling).Av den grunnen er Bitcoin designa med 8 desimalar Ein bitcoin blir delt i 100 mill. satoshi, den minste eininga i systemet.
Digital halveringstid
Bitcoin er konstruert slik at nye kontant-blokker blir delt ut med visse mellomrom, etter eit halveringssystem som kan minna om radioaktiv halveringstid. Systemet er slik at i løpet av år 2140 skal det vera produsert 21milliardar millionar Bitcoins. Dette er eit endeleg tal som er mykje av grunnlaget for verdifastsetjinga. Det er ein effektiv måte å regulera pengemengda på, for å unngå (hyper-)inflasjon.
Digitale lommetjuvar
Som Wired-artikkelen antydar i tittelen, er det også lommetjuvar på ferde i Bitcoin-systemet. Trojanske hestar som Infostealer.Coinbit prøver å stela den digitale lommeboka di, som PC Mag omtalar i denne artikkelen.
Bitcoin for dummies
Omtalen over gjer kanskje ikkje Bitcoin lett å skjønna. Betre då med denne introduksjonsvideoen ("Bitcoin for dummies"), henta frå weusecoins.com. Fleire videoar på www.squidoo.com/bitcoins. Også Wikipedia har ein omtale av Bitcoins. Den er noko meir teknisk enn dei før nemnde. Og Bitcoin.org må sjølvsagt nemnast som den offisielle nettstaden for Bitcoin.
Bitcoin i Norge
Transaksjonar blir "validerte" av peer-to-peer.nettverket gjennom utføring av kompliserte kryptografiske utrekningar. I desse prosessane blir det også tildelt nye digitale kontantar til deltakarane. Dagens Næringsliv har ein interessant omtale av Florø-baserte Sturle Sunde, ein av dei fremste Bitcoin-brukarane her i landet. Sturle "grev etter Bitcoin-gull" (Bitcoin mining) ved å bruka den avanserte maskinparken sin til løysing av kryptografiske Bitcoin-utfordringar.
Kva er ein Bitcoin verdt?
Kva er så ein Bitcoin (BRC) verdt? Den er ikkje knytt til noko fysisk, og verdien blir fastsett eine og åleine av tilbod og etterspørsel. Det gjer valutaen også til eit opplagt spekulasjonsobjekt, og det er nettopp det som har skjedd. Frå å ha ein verdi på ca. 0,3 cent i april 2010, starta verdien å auka med den aukande merksemda utover i året slik at verdien nærma seg ein US dollar ved inngangen til 2011. Då tok det skikkeleg av og verdien på ein Bitcoin nådde toppen på $29,57 i juni i fjor. Deretter har det gått raka vegen nedover, til i dag å liggja på mellom 6 og 7 US dollar (kurve over utviklinga på mtgox.com).
Pengar = tillit
Kan me ha tillit til eit slikt system? Tilliten til finansnæringa har i alle fall vorte kraftig redusert, og det vil ta langt tid å byggja opp att, om det er muleg. Men korleis kan ein ha tillit til Bitcoin, eit system så komplisert at berre eit fåtal "geeks" skjønnar korleis det fungerer? Vel er dagens pengesystem komplisert om ein tenkjer gjennom heile kjedene av tillit, verdi osv., men folk flest har eit forhold til pengar som noko konkret.
Bitcoin er ikkje konkret, og vanskeleg å forhalda seg til for folk flest. Her ligg også hovudproblemet etter mitt syn. Paradoksalt nok er Bitcoins største fordel, mangel på ein sentral tillits-infrastruktur, samtidig det største problemet. Der dagens pengesystem har ein omfattande infrastruktur av tillit (som nok er misbrukt og difor redusert dei siste åra), har Bitcoin-brukarar ikkje anna tillit å støtta seg på enn elegante algoritmar, som rett nok er ope tilgjengelege gjennom fri programvare.
Mest for nerdar?
Dei som har "forelska" seg i systemet, er nerdar som har forelska seg i algoritmane, kombinert med ein utprega mistillit til det offisielle pengesystemet. Begge delar er råd å forstå, men eg tvilar på om Bitcoin kan bli noko meir enn eit system for spesielt interesserte. Det må i så fall vera på området mikrobetalingar, der det ikkje finst gode alternativ.
For eit breiare gjennomslag må det i alle fall eit heilt anna grensesnitt til, og ei heilt anna forklaring på systemet. Det er litt slik som denne kommentaren:
"[Bitcoin] is about geeks releasing something powerful into the world without quite recognizing the consequences".
Omtale i Wired og DN
Wired har ein omtale av pengesystemet i desember-nummeret, og Dagens Næringsliv ser ut til å henta mykje frå denne artikkelen i sin omtale av pengesystemet i laurdags-DN 07.01.12, rett nok utan å visa til kjelder (hmm..). Tittelen på Wireds omtale seier også ein god del: "The rise and fall of Bitcoin. The story of the virtual currency you can actually spend - if it doesn't get stolen first."
Mystisk opphav
Bitcoin er som sagt eit heildigitalt pengesystem designa på ekte hacker-vis utan kontroll av myndigheiter. Her er ingen sentralbank eller sentralbanksjef, det måtte i så fall vera personen som fann opp systemet: Satoshi Nakamoto. Om det verkeleg er ein person, er framleis eit mysterium. Ingen kjenner identiteten til Nakamoto, og han gjekk under jorda ein gong i 2010. I alle fall slutta han/dei å posta meldingar under psevdonymet.
Ope, distribuert og ikkje sporbart
Bitcoin er løysinga på ei utfordring som har oppteke mange kryptografar i lange tider: Korleis konstruera eit digitalt pengesystem som er brukarvennleg (?), sikkert, ikkje sporbart og likevel heilt ope? Alle Bitcoin-transaksjonar blir logga og er slik sett heilt ope, men transaksjonane kan ikkje sporast til betalar og mottakar, ulikt dagens kortsystem.
Bitcoin er e-kontantar og det har vore mange forsøk på å laga slike system før, enten fordi dei har vore for dårleg teknologisk fundert eller fordi dei har måtta støtta seg på eksisterande infrastrukturar. Bitcoin er heilt frikopla frå dagens pengesystem og er i tillegg teknologisk meistarleg konstruert. Det vart offisielt lansert i januar 2009.
Digitale signaturar og proof-of-work
Teknologisk baserer systemet seg på digitale signaturar og proof-of-work som hindrar at pengar kan brukast fleire gonger av same personen. Sidan transaksjonar ikkje involverer sentralisert behandling, men føregår mellom brukarar/maskiner (peer-to-peer), er systemet effektivt og kan brukast også til ørsmå betalingar (mikro-betaling).
Digital halveringstid
Bitcoin er konstruert slik at nye kontant-blokker blir delt ut med visse mellomrom, etter eit halveringssystem som kan minna om radioaktiv halveringstid. Systemet er slik at i løpet av år 2140 skal det vera produsert 21
Digitale lommetjuvar
Som Wired-artikkelen antydar i tittelen, er det også lommetjuvar på ferde i Bitcoin-systemet. Trojanske hestar som Infostealer.Coinbit prøver å stela den digitale lommeboka di, som PC Mag omtalar i denne artikkelen.
Bitcoin for dummies
Omtalen over gjer kanskje ikkje Bitcoin lett å skjønna. Betre då med denne introduksjonsvideoen ("Bitcoin for dummies"), henta frå weusecoins.com. Fleire videoar på www.squidoo.com/bitcoins. Også Wikipedia har ein omtale av Bitcoins. Den er noko meir teknisk enn dei før nemnde. Og Bitcoin.org må sjølvsagt nemnast som den offisielle nettstaden for Bitcoin.
Bitcoin i Norge
Transaksjonar blir "validerte" av peer-to-peer.nettverket gjennom utføring av kompliserte kryptografiske utrekningar. I desse prosessane blir det også tildelt nye digitale kontantar til deltakarane. Dagens Næringsliv har ein interessant omtale av Florø-baserte Sturle Sunde, ein av dei fremste Bitcoin-brukarane her i landet. Sturle "grev etter Bitcoin-gull" (Bitcoin mining) ved å bruka den avanserte maskinparken sin til løysing av kryptografiske Bitcoin-utfordringar.
Kva er ein Bitcoin verdt?
Kva er så ein Bitcoin (BRC) verdt? Den er ikkje knytt til noko fysisk, og verdien blir fastsett eine og åleine av tilbod og etterspørsel. Det gjer valutaen også til eit opplagt spekulasjonsobjekt, og det er nettopp det som har skjedd. Frå å ha ein verdi på ca. 0,3 cent i april 2010, starta verdien å auka med den aukande merksemda utover i året slik at verdien nærma seg ein US dollar ved inngangen til 2011. Då tok det skikkeleg av og verdien på ein Bitcoin nådde toppen på $29,57 i juni i fjor. Deretter har det gått raka vegen nedover, til i dag å liggja på mellom 6 og 7 US dollar (kurve over utviklinga på mtgox.com).
Pengar = tillit
Kan me ha tillit til eit slikt system? Tilliten til finansnæringa har i alle fall vorte kraftig redusert, og det vil ta langt tid å byggja opp att, om det er muleg. Men korleis kan ein ha tillit til Bitcoin, eit system så komplisert at berre eit fåtal "geeks" skjønnar korleis det fungerer? Vel er dagens pengesystem komplisert om ein tenkjer gjennom heile kjedene av tillit, verdi osv., men folk flest har eit forhold til pengar som noko konkret.
Bitcoin er ikkje konkret, og vanskeleg å forhalda seg til for folk flest. Her ligg også hovudproblemet etter mitt syn. Paradoksalt nok er Bitcoins største fordel, mangel på ein sentral tillits-infrastruktur, samtidig det største problemet. Der dagens pengesystem har ein omfattande infrastruktur av tillit (som nok er misbrukt og difor redusert dei siste åra), har Bitcoin-brukarar ikkje anna tillit å støtta seg på enn elegante algoritmar, som rett nok er ope tilgjengelege gjennom fri programvare.
Mest for nerdar?
Dei som har "forelska" seg i systemet, er nerdar som har forelska seg i algoritmane, kombinert med ein utprega mistillit til det offisielle pengesystemet. Begge delar er råd å forstå, men eg tvilar på om Bitcoin kan bli noko meir enn eit system for spesielt interesserte. Det må i så fall vera på området mikrobetalingar, der det ikkje finst gode alternativ.
For eit breiare gjennomslag må det i alle fall eit heilt anna grensesnitt til, og ei heilt anna forklaring på systemet. Det er litt slik som denne kommentaren:
"[Bitcoin] is about geeks releasing something powerful into the world without quite recognizing the consequences".
mandag 9. januar 2012
Yast - når timeføring blir moro!
Kan timeføring, som av dei fleste blir oppfatta som eit nødvendig onde, gjerast til noko som nesten blir moro? Sogndals-bedrifta Yast har med sitt nettbaserte timeføringssystem prøvt nettopp det. Yast er eit "døds-enkelt" system som du berre startar å bruka utan vidare opplæring. Dagleg leiar Halvor Gregusson fortel til Bergens Tidende at dei får mellom 500 og 1000 nye brukarar kvar veke og at dei i dag har over 50 000 brukarar verda over.
Bratt moro
Gregusson starta bedrifta saman med fire andre NTNU-studentar i 2008, då dei bestemde seg for å flytta til Sogndal og Fosshaugane Campus. Det var ein ting som lokka dei: fantastiske snøforhold og bratt moro. Dei står på ski så ofte dei kan, men brukar tydelegvis tida også på Yast med tanke på utviklinga.
Freemium
Yast er basert på ein såkalla Freemium-modell der inngangsbilletten er gratis, men meir avansert bruk kostar. Modellen har tre nivå: Personleg (gratis), Business (US $6 pr. brukar og månad) og Enterprise som er ein spesialtilpassa modell for dei som har meir enn 100 brukarar. For ei lita bedrift med 5 - 10 tilsette vil systemet altså kosta mellom 2000 og 4000 kr i året. Det er med andre ord ikkje prisen som bør stå i vegen for å ta i bruk systemet.
Sosiale medium
Dei marknadsfører seg på god web 2.0-måte; gjennom omtalar på sosiale medium (Twitter, Facebook og bloggar) og gjennom kjøp av annonsering via Google AdWords.
Integrasjon?
Den største utfordringa er nok at timeføring er noko som vanlegvis er integrert med økonomisystem i bedrifta. Min eigen arbeidsplass Vestlandsforsking er ganske typisk i så måte: Me har eit timeføringssystem som er ein del av eit prosjektstyrings- og økonomisystem. Dette systemet har ikkje noko grensesnitt mot omverda, så ein integrasjon ville bli vanskeleg. Dermed er me så å seia utelukka frå å bruka eit system som Yast. Mange andre er nok i same situasjonen. Med opnare system rundt om ville Yast hatt eit endå større potensiale. No er det dei aller minste utan integrerte timeføringssystem som er målgruppa.