Yalis spørsmål
Det er eit godt spørsmål, som det heiter, og også eit enkelt eit. Diamond formulerer det retorisk som eit spørsmål frå personen Yali frå New Guinea, ein person han har vorte kjend med som følgje av mange års feltstudie der. Yali spør: ”Why is it that you white people developed so much cargo and brought it to New Guinea, but we black people had little cargo on our own?”. "Cargo" dei innfødde sitt samlenamn på alle vestlege produkt.
Fødd slik, eller blitt slik?
Jared Diamond sitt eigentlege mål med boka er å motbevisa den enkle, ja farleg enkle, forklaringa at kvite (euroasia) er genetisk overlegne andre folkeslag og difor dominerer verda. Det er ein variant av ”fødd slik, eller blitt slik?” og slike enkle påstandar er vanskelege å motbevisa, men gjennom godt 400 sider sit lesaren att med eit inntrykk av at den rasistiske forklaringa er avfeidd og avkledd på ein svært overtydande måte.
Historia om alle dei siste 13 000 åra
Det er ikkje ei lita oppgåve Diamond har gitt seg i kast med, og undertittelen på boka seier det meste om omfang og ambisjonar: ”A short history of everybody for the last 13 000 years”. Ikkje noko mindre! Men Jared Diamond er godt skodd for oppgåva; han har drive vitskapleg arbeid innan både molekylær fysiologi og evolusjonsbiologi. Han kallar seg sjølv både økolog og etno-biolog, og han har forska på områda dei siste 50 åra.
Diamond kokar historia dei siste 13 000 åra ned på 400 sider, og eg kokar igjen forteljinga ned til eit par sider. Det seier seg sjølv at det då blir med overskrifter. Men som eg nemnde innleiingsvis, gir Diamond svaret alt i tittelen: Europearane (inkl. asiatar) utrydda dei innfødde på dei andre kontinenta ved hjelp av smittsame sjukdommar og overlegne våpen samt overlegen organisering. Spørsmålet vidare er kvifor det vart slik.
Busetnad i dei ulike verdsdelane
Han startar med å visa når dei ulike verdsdelane vart busette med menneske. Me veit frå før at Homo sapiens stammar frå Afrika, der forfedrane våre hoppa ned frå trea for rundt 7 millionar år sidan. I Eurasia (Europa frå Irland i vest pluss Asia med Japan heilt i aust) vart folkesett for rundt 1 mill. år sidan (røffe tal). Til Amerika kom ikkje mennesket før ca 12 000 år før Kristus (f. Kr.) og Australia vart busett ca. 40 000 år f. Kr. Eit spørsmål som då raskt melder seg er kvifor ikkje Afrika vart det suverene kontinentet og la under seg alle dei andre? Med eit forsprang på 6 millionar års utvikling skulle alt liggja til rett for det.
Bøndene rular!
Det viser seg at kor lenge mennesket har levd på dei ulike kontinenta, ikkje er den avgjerande faktoren for hegemoni. Den avgjerande faktoren er plantedyrking og husdyrhald, altså då mennesket begynte å bli bønder [det er jo svært tilfredsstillande for ein bonde å lesa dette :)]. Dei første menneska begynte å dyrka planter rundt 9 500 år f. Kr., og det skjedde i det som blir kalla den grøderike halvmånen (”the fertile crescent”). Denne strekte seg frå dagens Israel + Jordan vidare til Syria og over til Irak og Iran. Det er alts Midt-Austen som er arnestaden for jordbruket.
Den grøderike halvmånen sentral
Husdyrhaldet starta litt seinare og rundt 8 000 f. Kr. vart dei første dyra sau, geit og gris ”domestisert”. Kua kom litt seinare, rundt 6 000 år f. Kr. og hesten 2 000 år deretter. Menneskets beste venn, hunden, var forresten det første dyret som vart domestisert, men hunden er litt spesiell sidan den i liten grad har vorte brukt som mat. Alle desse dyra vart domestisert i Sør-vest Asia (den grøderike halvmånen) eller Sør-aust Asia (Kina). Av større dyr var det berre eselet (Egypt) og lamaen (Andes) som vart domestisert på andre kontinent.
Rikeleg tilfang av ville artar
Grunnen til at dei viktigaste plante- og dyreslaga vart domestisert i Sør-Vest og Sør-Aust Asia var den rike økologien med dei rette ville planteslaga og dei rette større pattedyra. EurAsia hadde vidare den fordelen at kontinentet strekte seg langt i breidda, og hadde mykje dei same klimatiske forholda frå Portugal i vest til Korea og Japan i aust. Skilnaden langs breiddegradene er mykje mindre enn skilnadene langs lengdegradene. Både Amerika og Afrika har den dominerande utstrekninga i lengda, ikkje breidda, og særleg gjeld det Amerika. Australia på si side var det mest isolerte kontinentet og også kontinentet fattigast på økologi på grunn av vanskeleg klima.
Fatale bakteriar
Med husdyrhald kom også sjukdommar overført frå husdyra til mennesket. Det var sjukdommar som koppar, influensa, meslingar, kik-hoste og mange av dei andre vanlege (barne-)sjukdommane. Gjennom fleire tusen år tilpassa menneska i EurAsia seg desse sjukdommane. Men folkeslag frå andre kontinent fekk eit fatalt møte med dei same bakteriane.
Politisk organisering og skrivekunst
Med fastbuande folk og større folketal kom også organiseringa i landsbyar og byar. Alle trengde ikkje lenger brukar all si tid på å samla mat, enkelte kunne spesialisera seg på andre oppgåver, som soldatar, byråkratar osv. Denne organiseringa var langt meir effektiv enn den lause organiseringa i familieklanar eller stammar som jeger- og samlarfolket gjerne hadde.
Ein annan viktig faktor var utviklinga av skrivekunsten. Den vart nødvendig for å få ei effektiv organisering. Skrivekunsten utvikla seg uavhengig på fleire stader. Noko av den eldste kulturen er den sumeriske (Irak/Iran) som utvikla kunsten ca. 3 000 år f. Kr. Det er truleg at også Egyptarane utvikla skrivekunsten uavhengig av den sumeriske, også dei rundt 3 000 år f. Kr. Kinesarane utvikla kunsten ca 1 300 år f. Kr. og innfødde i Mexico ca. 600 år f. Kr. Men det var i EurAsia skrivekunsten spreidde seg raskast og fekk størst betydning.
Kvifor den kvite mannen?
Denne tabellen (eige oppsett) gir svaret på kvifor den kvite mannen fekk verdshegemoni:
Lang historie Økol. føresetnader Geografi/diffusjon
EurAsia x xx xx
Afrika xx - -
Amerika - - -
Australia - - -
Som vi ser er EurAsia den klare vinnaren og Amerika og Australia dei klare taparane. Afrika har fordelen av den lange historia for mennesket, men ulemper med økologi (få tilgjengelege ville planter og større pattedyr som var muleg å domestisera) og geografi ved at kontinentet strekkjer seg nord-sør og har ein barriere i Sahara.
Blitt slik, ikkje fødd slik
Tilbake til Diamonds hovudoppgåve: tilbakevising av genetikk som forklaring på den kvite mannen sin suverene stilling. Han avsluttar boka slik:
”In short, Europe’s colonization of Africa [og dette gjeld også Amerika og Australia, min kommentar] had nothing to do with differences between European and African peoples themselves, as white racists assume. Rather it was due to accidents of geography and biogeography – in particular, to the continents’different areas, axes, and suites of wild plant and animal species. That is, the different historical trajectories of Africa and Europe stem ultimately from differences in real estate."
Boka kan absolutt tilrådast. Den er særleg interessant i diskusjonen om busetnad, utvikling av jordbruket og etno-biologi generelt. Jared Diamond er litt meir på tynn is når han drøftar innovasjon m.m., utan at det eigentleg trekkjer særleg ned.
GGS er en veldig interessant bok, ja, og jeg ble ganske overbevist om den første delen av teorien, om hvorfor jordbrukssamfunn utvikler seg noen steder og ikke andre.
SvarSlettMen i likhet med deg er jeg ikke like imponert over hvordan boken dekker innovasjon, og hvordan teorien tar for seg samfunnsutviklingen i mer moderne tid.
En bok som imponerte meg dypt på det siste punktet var Acemoglu og Robinsons Why Nations Fail, som på en måte fortsetter der GGS stopper. Anbefales varmt.
Takk for tipset,. Etter denne boka verkar det som ei naturleg neste.
SvarSlettTakk for tipset,. Etter denne boka verkar det som ei naturleg neste.
SvarSlett