onsdag 10. juli 2013

Copenhagen Jazz Festival 2013

Banner over Strøget
 Klisjéen "det er deilig å være norsk i Danmark" har mykje for seg, det er faktisk deilig å feriera i Danmark. Særleg gjeld det i København i begynnelsen av juli då det er tid for Copenhagen Jazz Festival (CJF). Årets festival var den fjerde på rad for eigen del, og den 34. for København sin del (starta i 1979).

Tradisjonen tru var det "slow boat to Copenhagen" med danskebåten, og før det ekspressbuss til Oslo. Alt i alt ei reise på 27 timar. Det er vel omtrent som for 100 år sidan.

CJF er ein svær festival, med over 1000 konsertar på meir enn 100 ulike stader. Det er ein veldig desentralisert festival der det er mange "festivalar i festivalen". Det er ulike temaprogram presentert av sponsorar og andre. I år var det t.d. "The Sound of New Orleans" presentert av avisa Politiken, og ein Tribute-serie presentert av Carlsberg/Tuborg.

Mykje godt øl. Her ein
Fransiscaner weiβbier
Festivalen sjølv reknar med at det kjem rundt 250 000 besøkande og at desse legg att rundt 80 mill. kroner. Det tykkjer eg høyrest forsiktig ut, eller så er den gjennomsnittlege festivaldeltakar langt meir sparsommeleg enn vårt følgje! Det er nemleg mykje å bruka pengar på, særleg god mat og drikke. Danskane er langt betre enn oss til å servera lekker mat og eit rikare utval drikke, særleg øl. Sjølv på den minste kaféen får du ein lekker sildetallerken, som alltid blir følgt opp med ein god akevitt.

Ulikt mange andre er ikkje målet flest muleg konsertar. Me vel oss ut ein konsert eller to på førehand og går så innom etter innfall. I år var konserten med Cassandra Wilson (her i "You Don't Know What Love Is") den som var bestilt på førehand, og av andre konsertar var det eit par storband-konsertar og ein kafe-konsert med den dyktige svenske trompetaren Anders Bergcranz (her i eit YouTube-opptak med melodien 'Cochise'). I tillegg til god mat og godt drikke legg me også inn andre kulturbesøk. I år var det omvising på Carlsberg-bryggeriet som stod på programmet. Eit besøk så interessant at det fortener eigen omtale. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar