torsdag 15. mai 2014

Bønder til kamp!

Jerntriangelet Erna, Siv og Sylvi!
Bøndene er forbanna over tilbodet dei har motteke frå regjeringa. Det var ikkje uventa at dette kom til å bli vanskeleg. Først ei blå-blå regjering, så ein landbruksministar frå Frp og som om ikkje det var nok: Sylvi Listhaug. For bøndene kunne dei knapt funne nokon verre. Dama er totalt upåverkeleg og styrer blindt etter eigen ideologi. Den ideologien er enkel: Billegast muleg mat!

Aksjonar
Bondelaget og Småbrukarlaget braut forhandlingane med regjeringa då det vart klart at gapet mellom krav og tilbod var for stort og at det ikkje var vilje frå regjeringa til å auka ramma. Etter brotet har det vore ulike aksjonar, og fleire vil det bli. I går (onsdag 14.05) var det traktor-paradar i mange byar og tettstader. Sjølv deltok eg i Sogndal. Det er første gangen eg har aksjonert på denne måten, men eg tenkjer at dersom me ikkje står opp for norsk landbruk no, kan me like godt avvikla først som sist.

Kan ikkje eta pengar!
For meg handlar det om å ha eit landbruk over heile landet, å halda kulturlandskapet i hevd og å sikra matforsyning i landet. Og ikkje berre forsyna innbyggjarane med mat, men med tryggast muleg mat. Beredskapssida av dette er kanskje det viktigaste, og symptomatisk nok også fråverande i regjeringa sin argumentasjon. Det hjelper veldig lite med mange tusen milliardar oljekroner på bok den dagen ein global matkatastrofe rammar. Me har alt sett små drypp av dette i situasjonar der store korneksportørar stengjer for eksport på grunn av problem med å sikra eige folk nok mat.



Lang rekkje med traktorar i Sogndal sentrum 14.05

Ulv, ulv!
Bondeorganisasjonane har gjort det vanskeleg for seg sjølve ved å ropa ulv nesten kvart år jordbruksforhandlingane startar. Når ulven Sylvi no er sleppt laus i saueflokken, er folk så vande med å høyra klageropa frå landbruket at eg er redd dei tenkjer at dette er som vanleg. Men denne gangen er det faktisk annleis; no er det "extreme makeover" som står for tur: Vestlandslandbruket slik me kjenner det, vil bli radert bort. Om du lurer på betydninga av landbruket rundt om er det berre å ta ein køyretur, t.d. frå Bergen til Trondheim. Det er bygd på bygd med gardsbruk som dominerer biletet på køyreturen. Svært få av desse bruka har ein sjanse til å møta krava til effektivitet som no blir sette fram. Arrondering og størrelse hindrar også eit storskala-jordbruk.

Modent for endring
Eg skal gi Frp og regjeringa rett i ein ting: Jordbruksregiment med forhandlingar ++ er overmodent for endring. Men det er skilnad på å barbera seg og skjera av seg haka! Jordbruksorganisasjonane og regjeringa har på mange måtar målt seg inn i eit hjørne med dagens forhandlingssystem. Eg trur me må sjå til andre land i Europa og korleis dei har klart å ta vare på småskala-landbruket. Østerrike og Sveits er gode eksempel her. Men då må bøndene vera villige til å akseptera at dei i større grad blir landskapsforvaltarar og i mindre grad produsentar. Det sit langt inne for mange bønder. Men tilskota må i større grad vriast bort frå produksjon og over på forvaltning av landskapet.

Dette kvadet kan passa til slutt (henta frå Dag og Tid 09.05.14)

Bonden trudde på godt om året.
Feit var jorda og landet rikt,
dei sa der var sylv i staten.
Det skulle verta kjøt på fenadlåret.
Bonden pløgde, harva, sådde.
Sola skein, men listige var dei som rådde.
Lite vyrde dei på maten. 
Vondt og skrint og skralt vart året.
Bonden fekk til salt i såret.

2 kommentarer:

  1. Hva om bondeorganisasjonene hadde gått sammen og starte ''strilcoin''. Istedenfor å prise den mot fiat-valuta så kunne den hatt reel verdi ut ifra hva som blir produsert av bøndene; f.eks. 1 strilcoin = 1l melk.
    Dermed vil den ha ''intrinsic value'' og en veldig god ''unit of account'' fordi folk vet at de kan få 1l melk for 1 mynt.
    I samme slengen forsvinner volatiliteten som følger de fleste cryptoer fordi den basere seg på hvor mye matvarer en får istedenfor hvor mye kroner en får.

    Om alle bønder hadde hatt en rig hver for å ''grave'' og sikre nettverket så kunne de også hatt noe å si hvordan det ble redistribuert.
    Lat oss si at det ble tatt et standpunkt at all produksjon fra bøndene ble solgt i strilcoin. Fiat-valuta er ikke akseptert, dermed må selskapene (ala Tine, Prior, Gilde) gjøre en av to ting:
    1) Grave etter myntene selv, det vil også hjelpe med å sikre nettverket.
    2) Bytte fiat-valuta mot strilcoin på det frie markedet. Noe som bøndene selv er med på å påvirke pga sine egne grave innsats.

    Så, i et tilfellet hvor bøndene har/trenger 50% av inntektene fra staten og dette blir halvert til 25%, vil verdien av myntene stige med 25% fordi bøndene må innhente inntektene fra en plass (og man ikke følger inflasjonsmodellen; 1l melk er fremdeles 1 mynt).
    Så et kutt i landbruksstøtten vil direkte påvirke selskapene og forbrukerne fordi sluttproduktene vil bli dyrere, ingen bedrift liker det, og dermed vil det bli lagt et større press som kommer fra et mer høyre orientert synspunkt. Men målet til slutt burde være å bli uavhengig av støtten. Et desentralisert valuta som er verdsatt i matvarer vil kanskje gjøre det.

    Nå har jeg ikke listet opp ulempene ved noe slik og det er det sikkert mange av. De store gårdene og småbrukene måtte nok stått sammen for å få det til å fungere, kanskje til og med internasjonalt. Og jeg kjenner ikke til logistikken bak matproduksjon og alle detaljene som er landbruksstøtten.
    Men jo mer jeg tenker på det, jo mer jeg tenker ''hvorfor ikke?''

    SvarSlett
  2. Eg likar den kreative tankegangen din :)
    Og så er det ei heil rekkje problemstillingar som heller får drøftast ein annan gang ;)

    SvarSlett