"The Power Broker" av Robert A. Caro |
Ingen har sett større preg på New York, og kanskje amerikanske byplanlegging i det 20. århundre, enn byråkraten Robert Moses. Han styrte utbygginga i New York i 40 år utan nokon gang å ha vorte demokratisk valt til ein posisjon. Han dreiv nemnleg ikkje med politikk..
Monumental biografi
Robert A. Caro sin monumentale, Pulitzer-prislønna, biografi om Robert Moses, "The Power Broker - Robert Moses and the Fall of New York", kom ut i 1974 og er på ikkje mindre enn 1160 sider (pluss fotnotar, stikkord ++). Eg skal ikkje påstå at eg har lese den, men utdrag frå den. Berre innleiinga av boka er uhyre interessant og gir eit bra samandrag av livet til denne mannen og kva det fekk å seia for utviklinga av New York. Som tittelen på Caros bok antyder, var det ikkje berre positivt.
1988-1981
Robert Moses var fødd i 1988 av tysk-jødiske foreldre og døydde i 1981, 92 år gammal. Han vaks opp i ein ganske velståande familie der mora var den dominerande krafta (som tilfellet også var i generasjonen før). Robert var nr. to av tre søsken med ein eldre bror og ei yngre søster. Mora la stor vekt på utdanning og valde både gode skular og i tillegg privatundervisning med topp lærarar.
Britisk modell
Robert gjekk vidare til Yale og tok sluttutdanninga, dagens master-nivå, ved Oxford i England. Han vart raskt fascinert av britisk styresett og var frå før veldig interessert i offentleg styring (public service). Den store vekta engelskmennene la på utdanning gjennom eit meritokratisk system, tiltalte Robert Moses. Men skjult i det meritokratiske systemet var ei sjølvforsterkande klassedeling der berre dei rikaste kunne senda barna til prestisjeuniversiteta, og resultatet vart eit elitestyre. Robert Moses såg dette, og likte det. Tilbake i USA fullførte han doktorgraden sin (PhD) ved Columbia University, og avhandlinga hadde tittelen "The Civil Service of Great Britain". Der fekk han gjort greie for sitt syn på offentleg styring og kva som var den beste modellen.
Feilslått karrierestart
Han fekk jobb i New York sin administrasjon i 1914 og begynte med ein gang å arbeida for grunnleggjande reformer for rekruttering og tilsetjing. Rekrutteringa i New York som i andre delar av USA var den gangen i stor grad prega av kjennskap og vennskap, nepotisme ++. Moses ville få bort dette og leggja størst vekt på utdanning, etter den britiske modellen. Han kjempa i tre år for gjennomslag, men vart avfeid og fekk til slutt sparken.
Det følgde sju år med omflakkande tilvære før han i 1924 igjen fekk seg jobb i administrasjonen i New York. Han hadde då lært det viktigaste frå dei tre føregåande åra i administrasjonen:
"Science, knowledge, logic and brilliance might be useful tools, but they didn't build highways or civil service systems. Power built highways and civil service systems."Først makt, så gjennomføring
Han forstod at utan makt kom han ingen veg, og i den andre perioden i New York-adm. starta han oppbygginga av makt, eit svært vellykka prosjekt som resulterte i at han vart ein stat i staten. Han bygde opp eit imperium der han sjølv var keisar. At det kunne skje i ein offentleg administrasjon, med krav om innsyn og openheit, er ganske uforståeleg. Men det er som kjent vegar rundt det meste.
Med aukande makt sette han i gang omforminga av New York, som var hans store draum og prosjekt. Med den lange pausen mellom første og andre tilsetjing, var han alt 36 år gammal då han begynte på nytt. Men om han starta seint på karrieren sin, avslutta han den seint også: han vart pressa ut av kontoret sitt då han var 80 år gammal! Og då han var 85 år prøvde han på nytt å komma seg inn att!!
Trafikk-årer, parkanlegg, strender, offentlege bygg, damanlegg +++
Lista over byggjeprosjekta hans er imponerande. Han bygde stort sett alt som er av hovud-trafikkårer i New York (expressways), med kryssingar, bruer ++. Han renoverte store område, med hard hand, og bygde opp nye bustadområde. Det er rekna at han flytta eller fordreiv opp mot 500 000 menneske med byggjeprosjekta sine. Trafikkutbygginga med expressways og parkways la til rette for bilen og kom på kostnad av kollektivtilbodet. Det er Robert Moses å takka, eller heller skulda, at New York har så dårleg utbygd kollektivtrafikk i dag. Og ikkje berre New York, Robert Moses var den store inspiratoren for dei fleste arkitektar og byplanleggjarar i hans tid og dermed fekk han stor påverknad også på utforming av andre byar i USA.
Den store ironien i det heile er at Robert Moses aldri fekk førarkort og aldri køyrde bil sjølv!
Sjølv om tittelen på boka til Caro tyder på at Robert Moses var ei ulykke for New York, er biletet meir samansett. Han la til rette for bilen, det er tilfelle, men han bygde også mange parkar og la til rette for at desse kunne brukast langt meir aktivt enn tidlegare planleggjarar hadde gjort. Han var den første som bygde "state parks", store landlege parkar utanfor byen, med tilkomst via "parkways". Han bygde strender på Long Island, han bygde monumentale bygg som Lincoln Center, og han bygde jamvel dammar og kraftstasjonar (St. Lawrence, Niagara).
Rasistiske undertonar?
Men eit godt eksempel på vekslinga mellom gode tiltak og grov urett, er utbygginga av strender på Long Island. Det vart ein ynda utfartstad for mange i byen, men berre dei som hadde bil. Moses sørgde for at trafikk-overgangane vart bygde så låge at bussane ikkje kunne komma fram. Og kven tok buss i New York?
Ikkje politikk
Eksempelet med hindring av kollektivtrafikk, og generell nedprioritering av utbygging av kollektivtilbod i New York, er sjølvsagt politikk så god som nokon. Men det er politikk utført av ein person som ikkje var folkevald, og som heller ikkje underordna seg politisk styresett, men bygde sitt eige sjølvstyrte imperium. Ein viktig del av forteljinga til Robert Moses, og han var nøye med å publisera tankane og meiningane sine i media, var at han ikkje dreiv med politikk:
"Public authorities are outside and above politics"Han kunne ha rett i at han var heva over politikken og det politiske systemet, men han dreiv i høgste grad med politikk og tok politiske avgjerder. Når ein føresetnad for byggjeprosjekta er at 500.000 menneske må flyttast, er det absolutt politikk. Og når du styrer ei utbygging av ein by slik at bilen blir det dominerande framkomstmiddelet, er det også i høgste grad politiske handlingar. Men med den enorme makta Moses klarte å byggja opp, var det ingen politika som torde utfordra han, og han fekk gjennom planane sine utan protestar.
Sanninga var at Moses kontrollerte eit politisk apparat smurt av pengar; pengar han sjølv kontrollerte.
Finansiering
For å forstå korleis Moses kunne byggja imperiet sitt, er det viktig å forstå skilnaden på Public Authorities og Civil Service. Public Authorities var organisasjonar etablerte for spesifikke oppgåver, som konkrete bru- og vegprosjekt, men som var kontrollerte av Civil Services. Dei opererte i grenselandet offentleg/privat, og var nærmare det me i dag kalla eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.
Eit stort spørsmål er korleis han klart å gjennomføra alle desse prosjekta som til saman kosta milliardar av dollar? Ein viktig del av svaret er at han kontrollerte store inntekter gjennom bompenge-finansiering. Desse brukte han igjen til store låneopptak noko som gjorde at han så å seia skapte sin eigen økonomi. På snedig vis fekk han gjennom endringar i lovene som gjorde at han fekk full kontroll med pengeflyten.
Med den enorme makta han etter kvart skapte, var det få eller ingen som kunne utfordra han. Dei sju ordførarane (mayor) han "tente", vart fort sette på plass om dei prøvde seg. Og jamvel president Franklin D. Roosevelt måtte gi tapt då han prøve å avgrensa Robert Moses' maktposisjon. Moses var heva over dei fleste.
Sjølv svarte han på kritikk med følgjande ord:
"Those who can, build. Those who can't, criticize."Til slutt rakna imperiet. Det var særleg uheldig økonomisk utvikling i samband med ei stor utstilling/messe. Det kom til slutt fram at tapet kom opp i mot 100 mill. kr, og då kom også det kritiske søkjelyset frå pressa. Pressa, og opinionen elles, hadde vore på lag med Moses heile tida, mykje på grunn av eit velsmurt PR-apparat frå Robert Moses imperium. Og resultata av byggjeprosessane talte for seg sjølv. Arkiva til byplanleggjaren var heller ikkje tilgjengelege, også ein viktig grunn til at kritikken stort sett var fråverande.
Robert Moses mot Ole Singstad
For nordmenn er den historia om Robert Moses og den geniale tunnel-ingeniøren Ole Singstad spesielt interessant. Han var fødd på Singstad gard i Sør-Trøndelag og studerte til (sivil-)ingeniør i Trondheim. I 1905 flytte han til USA. Singstad arbeida i the Tunnel Authority som ekspert på planlegging og bygging av tunnelar, og i 1950 hadde han bygd fleire undervass-tunnelar enn nokon annan i verda. Han var kort og godt verdas beste tunnel-ingeniør, noko Norge seinare har vidareført sidan me framleis er blant dei beste tunnelbyggjarane.
Men Ole Singstad skulle få oppleva at å komma på kant med Robert Moses, var farleg. Den første trefninga skjedde i samband med bygging av tunnelen Brooklyn-Battery Crossing. Det var ikkje tunnelen som provoserte Moses, sjølv om han gjerne kunne tenkt seg å kontrollera den delen også, men dei to bruene som også var ein del av prosjektet. Det var meir enn han kunne tola! Ole Singstad var arkitekten bak prosjektet og i klinsjen som følgde tapte faktisk Robert Moses.
Men Robert Moses var ikkje ein mann som let slike nederlag skje utan vidare. Viss han først la nokon for hat, og det var ikkje få, gløymde han dei aldri. Slik skulle det også gå med Ole Singstad. Men først tok Moses ei slags barnsleg hevn ved å kunngjera at eit akvarium og eit gammalt fort som låg i Battery Park, skulle rivast. Dette var populære besøksmål og skapte stort oppstyr. Moses' bakgrunn for rivinga var ikkje noko anna enn rein hevn. Han forsvarte seg med at tunnelarbeidet ville skada dei alt dårlege bygningane, noko som vart tilbakevist av the Tunnel Authority. Akvariet vart rive, men fortet vart berga i siste liten.
Men dette var berre starten for Robert Moses i kampen for å eliminera Ole Singstad. Han sette alt inn på å få overtaket i the Tunnel Authority og greidde etter kvart å plassera sine menn inn i styret slik at han til slutt kontrollerte det og fusjonerte det med Triborough Bridge Authority; kjerneverksemda i imperiet. Og Ole Singstad vart sjølvsagt fråteken alle oppgåver. Tunnelsystemet han hadde planlagt vart gjennomført identisk med planane. Moses gjorde nokre endringar på Singstad sine planar, med det resultatet at det vart lekkasjar i tunnelen. Han måtte så gå tilbake til originalteikningane og retta det opp med det Singstad opprinneleg hadde planlagt. I dei neste 30 åra sat Ole Singstad på kontoret sitt og såg ut over området han sjølv hadde planlagt, utan mulegheit til å delta i noko byggjearbeid.
Den gamle løva mot den unge
Etter den fiaskoen med utstillinga og det store underskotet, var Moses open for kritikk også frå politisk hald. For første gang på over 40 år var det muleg å kritisera keisaren, og det vart muleg å utfordra makta hans. Den unge og ambisiøse nye borgarmeisteren John V. Lindsay såg at Moses kontrollerte store verdiar og at han sjølv ikkje fekk gjort stort utan å få kontroll over pengestraumane. Han prøvde difor å føreta ei omorganisering av etatane Moses kontrollerte, og særleg pengekjelda Triborough Bridge. Triborough Bridge var kjernen i Moses' imperium og sørgde åleine for rundt $ 30 mill. i årlege inntekter. Med denne pengestraumen som sikkerheit kunne Moses utferda obligasjonar til bankane og mangedobla beløpet som grunnlag for nye investeringar. På høgda si hadde Moses mange andre inntektskjelder også, og han kontrollerte ikkje mindre enn 12 etatar/styre som kvar genererte inntekter.
Juvelen Triborough Bridge
Mot slutten hadde han berre Triborough Bridge igjen, og Lindsay gjekk til angrep ved å føreslå ei samanslåing av denne etaten med andre transportområde til eitt stort transportselskap i byen. Det var den gamle, såra løva mot den unge løva. Lindsay trudde det ville gå greitt å kvitta seg med ein 78 år gammal mann, men der tok han skammeleg feil. Moses mobiliserte maktapparatet, der ikkje minst bankane og fagforeiningane var viktige støttespelarar, og knuste Lindsay sine planar. Det vart eit ydmykande nederlag for borgarmeisteren.
Den siste kampen
Men han møtte sterkare motstand enn borgarmeisteren. Guvernøren i New York, Nelson Rockefeller, hadde spelt på lag med Moses lenge. Men også han såg at inntektsstraumen frå Triborough Bridge var essensiell for å finansiera nye investeringar i den elles økonomisk svake staten og byen. Han la også planar om samordning av Triborough Bridge med resten av transportområdet. I starten var Moses sjølvsagt mot planane, men let seg overtala til å støtta dei mot ein lovnad om at han skulle få ein sentral plass i den nye organisasjonen; enten som president eller som adm. dir.
Bankane som obligasjonseigarar, både kunne og burde ha stoppa fusjonen fordi det sette deira eigne lån i fare. Men Chase Manhattan var talsperson for obligasjonseigarane og største eigar der var David Rockefeller. Nelson Rockefeller tok eit møte med broder David Rockefeller og dermed var fusjonen klarert. Robert Moses fekk ikkje den leiande rolla han var lova, men fekk tilbod om å bli rådgivar for den nye organisasjonen. Det var ydmykande for han, men han hadde ikkje anna val om han ville halda fram, og takka ja og heldt fram til han var 80 år. Men han kjende seg fallen i ryggen av Nelson Rockefeller, og forsåvidt med god grunn. På ei anna side fekk han smaka eigen medisin; ein medisin han hadde vore ivrig utskrivar av i over 40 år.
Sjølv etter at han hadde fylt 80 år hadde han mykje ugjort, og det seier litt om mannen at han prøvde å gjera comeback i administrasjonen då han var 85!
Openheit og innsyn
Lærdommen av denne historia må vera det grunnleggjande behovet for innsyn og openheit, og at sterke menn (det er oftast menn) blir haldne under oppsikt slik at dei ikkje får misbruka makt. Men det vil også vera feil å underslå alt det som var bra med Robert Moses' innsats. I starten brukte han makta til å gjennomføra visjonane sine om moderne byplanlegging, om lag som Hausmann i Paris og Europa elles. Men makt korrumperer som kjent, og all makt korrumperer fullstendig. Etter kvart vart makt i seg sjølv eit mål, og ikkje berre eit middel. Det er då det for alvor kan gå galt.
Flott at du skriver om denne boka! Den fortjener å bli mye bedre kjent. Vil anbefale å lese hele, for det er ekstremt høyt nivå på teksten. Det er knapt én side av de 1168 som jeg ville foreslått å kutte. Mange fantastiske bihistorier i boka, som f.eks "krigen" mot den norske tunnel-ingeniøren Ole Singstad. Den er en studie i hvordan man kan bedrive byråkratisk knivstikking.
SvarSlettEt annet aspekt som det er mye å lære av er alliansen som Moses inngikk med bankene i New York. De er jo ingen liten maktfaktor i byen, for å si det sånn. Moses gjorde det rett og slett slik at når han utstedte obligasjoner til å finansiere prosjekter så satte han renten på obligasjonene over markedspris, og sørget for at de bankene han var alliert med fikk kjøpe først. Det betydde i praksis at Moses-imperiet (og dermed bompengebetalerne) betalte mer for disse lånene enn nødvendig, og differansen ga god inntekt til bankene. Det sikret at hver gang Moses foreslo et nytt prosjekt, så var bankene 100% for prosjektet, for de visste at de ville tjene gode penger på prosjektet.
Han inngikk en lignende allianse med fagforeningene til bygningsarbeiderne, som selvsagt også var for veiprosjektene, siden de ga arbeid til titusenvis av bygningsarbeidere.
Osv.
Studiet av selve personen Robert Moses er ekstremt verdifullt i seg selv, og når nesten Shakespeare-nivå til tider. Historien om hvordan han behandlet sin egen bror er f.eks sjokkerende lesning.
Det tar litt tid å lese boka, men det er knapt noe man kan lese som gir så mye igjen for innsatsen!
Eg trur eg må takka deg for å ha blitt gjort merksam på mannen. Trur du har nemnt boka enten i ein blogg eller i ei twitter-melding.
SvarSlettEr heilt einig med deg i kvaliteten på boka. Eg vart litt matt då eg fekk den i fanget, og starta med å sjå på bileta (!). Så las eg litt av starten, så slutten, så innleiinga og til meir eg les til vanskelegare er det å leggja den bort.
Poenget ditt med alliansen med bankane er veldig viktig, og når eg no har lese sluttkapitla ser eg at slutten ikkje er heilt slik eg formulerte den. Den må eg retta opp.
Eg har forlenga lånetida på boka, så får eg sjå kor mykje eg klarer å komma gjennom før tida er ute.
Til slutt kan eg ikkje unngå å reflektera over at eg ikkje har høyrt om Robert Moses tidlegare. Han framstår som ein av dei absolutt viktigaste amerikanske personane i det 20. århundre, om ikkje den viktigaste. Og studien i maktbruk og -misbruk burde vera pensum i mange utdanningar.
Jeg tvitret litt om boka, ja, så det er mulig det er der du fant den.
SvarSlettJa, jeg ble også overrasket over at jeg ikke hadde hørt om ham, men jeg har egentlig ikke studert amerikansk historie så nøye. Boka er i hvert fall veldig godt kjent i USA. Jeg mener bestemt jeg har sett at den er pensum flere steder, uten at jeg klarer å finne det igjen nå.
Caro har skrevet en biografi om Lyndon B. Johnson også i tre bind (!). Jeg er egentlig lite opptatt av LBJ, i hvert fall ikke nok til å ville lese tre bind, men i og med at det er Caro som har skrevet den så frister det litt likevel. :-)
Det skal visst vera ein god dokumentar om LBJ på Netflix, i følgje broder Njål.
SvarSlett