Espen Sirnes, UiT, svarte på innlegget vårt i eit nytt lesarinnlegg i DN 13. sept. Guttorm og eg sende inn svar på dette igjen, men det er førebels ikkje publisert av DN og det vart publisert i DN 18. september.
Espen Sirnes ved Universitetet i Tromsø, meiner i DN 13. september at alle betalingar skal vera sporbare, men med unnatak for tungvinne betalingsløysingar. I tråd med denne logikken kunne Bitcoin vore ok dersom valutaen hadde vore meir tungvinn i bruk. Hovudspørsmålet i diskusjonen er om vi framleis skal ha rett til sporfri ferdsel (jf. Jon Bing), også etter at fysiske kontantar er borte. Vi meiner at personvernet også må gjelda for betalingsløysingar.
For å kjøpa bitcoin må du oppgi namn så sant du ikkje kjøper av ein privatperson. Igjen fungerer det akkurat som andre kontantar. Det er dette som er Bitcoins kontaktpunkt mot det ordinære banksystemet, og dermed blir Sirnes’ krav om utestenging merkeleg.
Forslaget om at det Sirnes kallar «bitcoin-børsen» (det finst ingen «bitcoin-børs», men Sirnes meiner kanskje vekslingstenester?) skal ha tilgang til eigarane sine private nøklar, viser til fulle kor lite han har forstått av teknologien. Det er jo nettopp den desentraliserte tryggleiken som er kjernen i Bitcoin og kryptovaluta. Sentraliserte løysingar gir stor risiko for datainnbrot og kompromittering av viktig informasjon. Eksempla er mange og det er nok å nemna den nylege Equifax-skandalen med bortimot 150 mill. kredittopplysningar på avvege og Yahoo med over 1 milliard person¬opplysningar. Lista er dessverre mykje lenger. Bitcoin har vist ein veg ut av dette uføret, og den vegen må ikkje stengjast med krav om ein like dårleg sikkerheitsmodell som elles i finansverda.
Bitcoin og retten til sporfri ferdsel
Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking, 14.09.2017Espen Sirnes ved Universitetet i Tromsø, meiner i DN 13. september at alle betalingar skal vera sporbare, men med unnatak for tungvinne betalingsløysingar. I tråd med denne logikken kunne Bitcoin vore ok dersom valutaen hadde vore meir tungvinn i bruk. Hovudspørsmålet i diskusjonen er om vi framleis skal ha rett til sporfri ferdsel (jf. Jon Bing), også etter at fysiske kontantar er borte. Vi meiner at personvernet også må gjelda for betalingsløysingar.
For å kjøpa bitcoin må du oppgi namn så sant du ikkje kjøper av ein privatperson. Igjen fungerer det akkurat som andre kontantar. Det er dette som er Bitcoins kontaktpunkt mot det ordinære banksystemet, og dermed blir Sirnes’ krav om utestenging merkeleg.
Forslaget om at det Sirnes kallar «bitcoin-børsen» (det finst ingen «bitcoin-børs», men Sirnes meiner kanskje vekslingstenester?) skal ha tilgang til eigarane sine private nøklar, viser til fulle kor lite han har forstått av teknologien. Det er jo nettopp den desentraliserte tryggleiken som er kjernen i Bitcoin og kryptovaluta. Sentraliserte løysingar gir stor risiko for datainnbrot og kompromittering av viktig informasjon. Eksempla er mange og det er nok å nemna den nylege Equifax-skandalen med bortimot 150 mill. kredittopplysningar på avvege og Yahoo med over 1 milliard person¬opplysningar. Lista er dessverre mykje lenger. Bitcoin har vist ein veg ut av dette uføret, og den vegen må ikkje stengjast med krav om ein like dårleg sikkerheitsmodell som elles i finansverda.
En interessant ting er at det er umulig å kjøpe bitcoin. Jeg har sett på det og for å kjøpe bitcoin så må du sende kopier av bankkort, fødselsattester og bestemora di til et firma du ikke vet noe om som holder til i et annet land. Du gir all privat informasjon til folk du ikke vet noe om. Det betyr at det ikke er mulig å kjøpe bicoin. De eneste som kjøper bitcoin, er unge folk som er for dumme til å forstå at man aldri sender private papirer til noen. Dette er fremtidens ID-tyveri ofre. De sender alt man trenger for å stjele ID`en deres til ukjente mennesker i Kina. Lykke til, det kommer dere til å trenge.
SvarSlett