onsdag 31. januar 2018

Eplekjekke Bitcoin-"ekspertar"

Intervju i DN 18. januar av sjølvoppnemnde Bitcoin-ekspertar
Torsdag 18. januar fekk finansaktørane Thomas Eitzen og Bjarne Shieldrop to heilsider til å rakka ned på Bitcoin. Eg skreiv følgjande innlegg som stod på trykk i DN laurdag 27. januar.

[Kai A. Olsen, professor ved Høgskolen i Molde, svarte på innlegget mitt igjen i DN 30. januar - eg kjem tilbake til det seinare]


Bråkjekke Bitcoin-kritikarar
 Terskelen for å ytra seg, gjerne kritisk, om Bitcoin og kryptovaluta er låg i DN – svært låg. Torsdag 18. januar får dei to bråkjekke finanstypane Schieldrop og Eitzen to heilsider til å rakka ned på Bitcoin. Dei er «ganske interessert i data og teknologi generelt» og med det som ballast kjenner dei seg godt rusta til skråsikre uttalar om Bitcoin.

Trass i «interesse for data og teknologi generelt» er det mykje dei ikkje har skjønt. Dei har ikkje skjønt at det ikkje er nokon samanheng mellom størrelse på bitcoin-belønning og energibruk. Dei har heller ikkje skjønt at «21 millionar myntar» er ganske misvisande. Den minste eininga i Bitcoin er satoshi, og dei vil det finnast maksimalt 21 * 10**14 (2,1 billiardar) av når alle bitcoin er gravde fram. Det burde halda ei stund.


Men ein ting har dei to forstått: Denne teknologien har potensial til å fjerna unødvendige og overbetalte mellomledd.

3 kommentarer:

  1. "Dei har ikkje skjønt at det ikkje er nokon samanheng mellom størrelse på bitcoin-belønning og energibruk"

    Hmm. Det har ikke jeg skjønt heller. Hvis vi antar at konkurransen mellom minerne er knallhard vil vel transaksjonsprisen stige slik at kostnaden for en transaksjon nærmer seg kostnaden på energien man trenger for å utvinne en blokk? Om vi antar at energi er hovedkostnaden, da. Eller er det noe jeg ikke har skjønt?

    SvarSlett
  2. Eg var kanskje litt utydeleg i den kommentaren. Eg kommenterte eigentleg påstanden til Schieldrop og Eitzen om at den stadig minkande Bitcoin-belønninga, pga. halveringsfunksjonen, ville føra til stadig stigande energibruk. Men slik eg forstår det, er det ikkje nokon samanheng mellom Bitcoin-belønninga og energibruken. Energibruken er direkte relatert til kursen og lønnsemda i Bitcoin-utvinninga. Det er heller ingen klar samanheng i fallande Bitcoin-belønning og auka kurs. Det såg me i 2016 der kursen stort sett var uendra i tida etter halveringa.

    Energibruken er heller ikkje knytt til talet på transaksjonar, anna enn at aukande tal transaksjonar fører til større konkurranse om å få plass i blokkene, og dermed aukande gebyr.

    SvarSlett
  3. Nå skjønner jeg hva du mener. Ja, helt enig i dette.

    SvarSlett