fredag 23. mars 2018

Revolusjonen blir open og desentral

Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv i dag (23.03) som svar på Naeem Zahids (Telenor) innlegg "Blokkjedebasert helsejournal?" 16.03 i same avis:

Revolusjonen vil bli open og desentral

Naeem Zahid, Telenor, argumenterer i DN 16. mars for ei blokk-kjede utan bitcoin, eller meir generelt ei blokk-kjede utan valuta. Synspunktet «Blokk-kjedeteknologien er spennande berre me bli kvitt bitcoin/valutaen» er ein gjengangar blant større bedrifter. Eg vil utfordra Naeem til å gjera eit søk-og-erstatt av «blokk-kjede» med «distribuert database» i artikkelen, og så argumentera for kvifor utfordringa som skal løysast ikkje like godt kan gjerast med sistnemnde velutprøvde teknologi.

Eg er ikkje i tvil om at også lukka/private blokk-kjeder vil finna bruksområde og vera nyttige, men den store revolusjonen skjer ikkje på dette området. Lukka blokk-kjeder er «blokk-kjeder med støttehjul», sa nyleg Jeff Garzik i podkasten «Let’s Talk Bitcoin». Jeff Garzik er ein av dei som har jobba lengst med blokk-kjedeteknologien og det er også verdt å leggja til at han er omstridd i miljøet fordi han blir skulda for å vera for «enterprise»-vennleg.
Garzik peiker i podkasten på at historia har vist at opne løysingar er dei mest innovative, og i blokk-kjedesamanheng gjeld både på kodenivå som fri programvare (open source), men også som vilkårslaus plattform («permissionless») å byggja vidare på. Det er i dette segmentet dei skarpaste hovuda er, og den største mangelvara i blokk-kjedesamanheng i dag er tilgang til kompetente utviklarar. Den digitale revolusjonen blokk-kjedeteknologien ber bod om, vil difor bli basert både på ein open og desentral arkitektur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar