fredag 22. november 2019

På nattbordet - igjen

"På nattbordet", onsdag 20.11.2019
Eg fekk ein hyggeleg telefon frå Dagens Næringsliv denne veka med spørsmål om kva eg har på nattbordet. Det er andre gangen på relativt kort tid, sidan eg også vart intervjua sommaren 2018.
Men som journalist og ansvarleg for spalta, Bjørn Gabrielsen, sa: du har sikkert lese ein del sidan den gangen. Og det har eg jo.

Eg nemnde også denne gangen at eg hadde lese hans eiga bok, "Veien ut", og me hadde ein interessant samtale om sjølvberging og det å klara seg ut av vanskelege situasjonar ved ikkje å vera rådlaus, men rådsnar. Og han fortalde den imponerande historia om John K. Galbraith i Det Kvite Huset. Boka hans vart ikkje nemnt, kanskje naturleg nok, men han tok med Simen Tveitereids bok "Et fritt liv" som eg også nemnde.

"På nattbordet" har vorte ein slag markør for DN, i alle fall meiner eg det. Det er spalta eg alltid les, om eg ikkje les andre ting i avisa. Spalta har histore heilt tilbake til 1967, i følgje BG. Det er over 50 år med interessante data om lesevanar blant folk. Det er noko som burde vore forska meir på, eller skrive meir om, noko eg også nemnde denne gangen for BG. Og det spørst om ikkje det kjem ei bok om dette snart..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar