Eg skreiv om Facebooks Libra-prosjekt i sommar og om den spennande utviklinga me har i vente. I mellomtida har reaksjonane vore mange, og harde. Frontfigur David Marcus vart kalla inn til høyring i Kongressen og vart grilla i mange timar av aggressive politikarar. Den som kom best ut av høyringane var nok Meltem Demirors frå CoinShares. Innkalla som ekspert på kryptovaluta leverte ho leverte eit strålande innlegg der ho var krystallklar på at Libra ikkje er kryptovaluta, og kva som skil Libra og Bitcoin. Om du ikkje har sett innlegget hennar, bør du gjera det:
Utviklarane av Libra er fascinerte av både Bitcoin og Ethereum, det er det ikkje tvil om. Slik sett er Libra ein slags hyllest til desse systema. Men styringa av Libra gjennom Libra Association, og dei tette banda til Facebook, gjer at dette er noko heilt anna enn opne, vilkårslause blokkjedesystem.
Det beste uttrykket for skilnaden mellom Libra og Bitcin kjem fram når ein stiller spørsmålet: Kven skal Kongressen kalla inn for ei høyring om Bitcoin? Her skil Bitcoin seg også frå Ethereum, for i Ethereum er det lettare å peika ut sentrale organisasjonar med makt, som Ethereum Foundation.
Libra som desentral kryptovaluta?
Eit overraskande punkt i Libra-dokumentasjonen var planane om full desentralisering av valutaen. Det starta med 28 investorar/nodar i Libra Association som så vart redusert til 21 då organisasjonen formelt vart etablert. Det var 7 amerikanske firma innan betalingsformidling, m.a. Visa, Mastercard og PayPal. Det skjedde etter sterkt press frå styresmaktene.
Det har så langt gått motsett veg av det som var lova i prosjektomtalen. I staden for å utvida med fleire medlemmer, har det altså vorte færre.
Målet om eit desentralt Libra verka urealistisk alt frå starten, og eit halv år etter og med dei reaksjonane som har komme frå politsik hald, er det heilt utenkjeleg. Facebook vil ha store problem med å bli realisera Libra i det heile
Sterke reaksjonar
Libra vart møtte med stor skepsis, og Kongressen kalla inn Libra-sjef David Marcus ganske kort tid etter at planane vart kjende. Etterpå at det komme mange reaksjonar frå andre land, og dei har ikkje vore mindre skeptiske. Delar av reaksjonane handlar om den tynnslitne tilliten til Facebook generelt, og at politikarane ikkje let seg lura av at Libra blir styrt av eit konsortium på 28 (vel, i skrivande stund 21 medl.),. Dei trur, som dei fleste andre, at Facebook er i hovudsete. Det er trass alt dei som har brukt store ressursar på utvikling av konseptet, og det er dei som kjenner teknologien til botns.
Facebook-sjef Mark Zuckerberg vart så kalla inn til høyring i the House Financial Services Committee. Zuckerberg brukte høvet til å skyva dei fattigaste i verda framfor seg då han sa at Libra skal hjelpa alle som i dag ikkje har tilgang til finansielle tenester i heimlandet sitt. Men komité-medl. let seg ikkje lura av retorikken. Som repr. Brad Sherman sa:
Politikarane let seg likevel ikkje imponera og Zuckerberg fekk gjennomgå for alle skandalane Facebook har hatt dei dei siste åra.
Kva no?
Mark Zuckerberg har sagt at Libra vil bli lansert, uansett kor lang tid det vil ta, og at dei også vil følgja reguleringane som vert pålagde. Då er det klart at ein desentral Libra er heilt uaktuell, og denne delen av Libra-prosjektet framstår meir og meir merkeleg. Er det fascinasjonen for Bitcoin som har fått dei til å skriva dette? Det kan umuleg vera for å komma styresmaktene i møte.
Då Libra vart lansert, siterte eg Caitlin Long, ein viktig person i kryptomiljøet som arbeider tett med delstatspolitikarar i Wyoming og har klart å gjera staten til den mest kryptovennlege i USA. Ho meinte Libra var bra for Bitcoin av følgjande grunnar:

"For the richest man in the world to come here and hide behind the poorest people in the world and say that's who you're really trying to help. You're trying to help those for whom the dollar is not a good currency: drug dealers, terrorists, tax evader,"Det andre argumentet til Zuckerberg var at Kina har ei leiing på dette området (kryptovaluta, og særleg digitale sentralbankpengar). Han mana fram at dersom USA ikkje satsar på dette området, vil vegen vera open for Kina som har synt seg ganske aggressive og er komne ganske langt med planane om ein digital yuan. MZ peikte på at dollaren kan bli svekka når Kina lanserer den digitale valutaen sin.
Politikarane let seg likevel ikkje imponera og Zuckerberg fekk gjennomgå for alle skandalane Facebook har hatt dei dei siste åra.
Kva no?
Mark Zuckerberg har sagt at Libra vil bli lansert, uansett kor lang tid det vil ta, og at dei også vil følgja reguleringane som vert pålagde. Då er det klart at ein desentral Libra er heilt uaktuell, og denne delen av Libra-prosjektet framstår meir og meir merkeleg. Er det fascinasjonen for Bitcoin som har fått dei til å skriva dette? Det kan umuleg vera for å komma styresmaktene i møte.
Då Libra vart lansert, siterte eg Caitlin Long, ein viktig person i kryptomiljøet som arbeider tett med delstatspolitikarar i Wyoming og har klart å gjera staten til den mest kryptovennlege i USA. Ho meinte Libra var bra for Bitcoin av følgjande grunnar:
- Berre ved å bruka ordet "kryptovaluta" vil Facebook alminneleggjera det og ufarleggjera det
- Libra blir eit gigantisk opplæringsprogram for kryptovaluta
- Dei som skaffar seg Libra-lommebok (t.d. Facebooks Calibra) vil sjå at libra står i ro kursmessig medan bitcoin aukar (?) i verdi. Det blir freistande å veksla libra inn i bitcoin.
- Kjøp av bitcoin og andre kryptovalutaer blir mykje enklare ved bruk av libra
Stort sett positive utsikter sett frå Bitcoin si side, altså. Men med reaksjonane som har komme det halve året etter at Facebook offentleggjorde Libra-planane, er eg usikker. Styresmaktene rundt om i verda fekk ein alvorleg vekkjar og har mobilisert. Der Bitcoin stort sett har fått utvikla seg i fred, blir det no eit stadig sterkare søkjelys på kryptovaluta og regulering av den.
Liberalistar sin påstand om at Bitcoin ikkje kan regulerast, stemmer ikkje. Det er heller ikkje ønskjeleg, for regulering har både gode og mindre gode sider, og også kryptovaluta treng regulering.
Styresmaktene er vekte, og det vil også Bitcoin få merka i aukande grad.