søndag 15. desember 2019

SPQR - Den romerske republikken

"SPQR - A History of Ancient Rome" er skriven av Mary Beard, professor ved Cambridge (Professor of Classics) og ekspert på romersk historie, mellom anna. Ho er ei dame som ikkje kvir seg for å stå i stormen, og det har storma ein god del rundt ho.

Men først forkortinga SPQR. Det står for Senatus PopulusQue Romanus - "The Senate and People of Rome" og var eit symbol på den romerske republikken. Denne "logoen" fanst over alt i det romerske samfunnet.

Det er viktig å få fram at denne 600-siders boka ikkje er ein introduksjon til Romartida og den romerske republikken. Viss du er blank på førehand, som eg eigentleg var, er det mykje i denne boka som krev tilleggsinformasjon. Beard skriv mest om personar i det millenniet ho dekkjer (ca. 750 før vår tid (f.v.t.) og til keisar Caracalla i åra 212-217).
Ho forklarer lite om den politiske utviklinga og organiseringa og samanhengen mellom ulike grupper (patrisiar og plebeiar) og deira maktorgan (senatet og tribunalet).

I etterordet til denne ganske omfattande boka forklarer ho korleis ho sjølv ser på denne tida og kva me kan læra av den. Ho er ganske nøktern og slår fast at me neppe kan læra så mykje direkte av romarane frå denne tida, men at me kan læra mykje ved å engasjera oss i historia. Romartida har trass alt hatt enorm påverknad på utviklinga av vårt eige samfunn, dvs. utviklinga av den vestlege verda.

Les boka og sjå serien "Rome"!
Eg har som sagt, måtta søkja andre kjelder også for å forstå boka betre. Etter å ha lese boka starta eg med å sjå serien "Rome", ein HBO-serie som vart laga frå 2005-2007. Den var til stor hjelp fordi den visualiserte historia og det var lett å kjenna att dei grunnleggjande hendingane. Vekslinga mellom serien og tilbakeblikk i boka har fungert godt for meg, og eg er imponert over "Rome" og den tilsynelatande korrekte historiske framstillinga.


Republikken oppretta i 509 f.v.t.
Alt i 509 f.v.t vart kongedømmet avløyst av ein republikk. I staden for å samla all makt i hendene på ein herskar, vart makta delt. Men det betyr ikkje at det var folkestyre slik me kjenner det. Makta låg hjå eliten, patrisiarane, og etter kvart vart det oppstand blant vanlege folk, dei såkalla plebeiarane. Senatet var samansett av folk frå eliten, og dei valde to konsular som hadde eit åremål på eitt år. Konsul var den høgste utøvande maktstillinga. Magistrat var samleomgrepet for dei ulike maktposisjonane, og i tillegg til konsul var det i ordna rekkefølgje Praetor, Quaestor og Promagistrate.

Patrisiarane var overklassen, dei som var av dei rette slektene; adelen så og seia. Plebeiarane var vanlege folk. Men endå vanskelegare stilte var sjølvsagt slavane. Ein slave kunne bli sett fri, og slik sett bli ein plebei.

Berre får år etter at republikken var oppretta, i starten av det femte århundre f.v.t., begynte det å bli uro. Plebeiarane vart stadig meir misnøgde med den skeive maktfordelinga og spørsmålet var om dei skulle ty til vald eller markera ueinigheit på annan måte. Heldigvis, kan me seia, valde dei ein ikkje-valdeleg strategi. Dei gjekk i samla flokk til den nærliggjande høgden/åsen Mons Sacer og streika. Aksjonane førte fram og det vart oppretta maktorgan også for plebeiar i form av Tribunal (Tribunus Plebis) og Aedelis Plebis ("folkeforsamling"). Med desse institusjonane vart det meir balanse i maktutvøinga i republikken. Tribunalet hadde vetorett overfor senatet og konsulane, og kunne slik hindra urimeleg lovgiving.

Makta til plebeiarane var avgrensa til Roma by, og alt som skjedde utanfor Roma, og det var på mange måtar det meste, vart styrt av patrisiarane gjennom senatet og magistratane (i første rekkje konsulane).

Ei viktig lovendring, sett frå plebeiaranen si side, skjedde i 326 f.v.t. då det vart slutt på at gjeld kunne føra til slaveri.

Frå republikk til diktator og imperium
Trass i utfordringar og uro, med borgarkrig og forsøk på å samla makta i ein diktator, klarte republikken i det store og heile å halda på grunnprinsippa heilt fram til midten av det første århundret f.v.t. Frå rundt år 60 samla dei tre leiande personane på den tida, Cæsar, Crassius og Pompeius, seg i eit makt-trekløver kalla det første triumviratet. Dei heldt kvarandre i sjakk så lenge dei var tre, og bytte på konsul-posisjonen. Det var også slik at dei to som var konsul, bytte annakvar månad på å vera den fremste av dei to.

Men då Crassius vart drepen i eit slag, tilspissa forholdet mellom Cæsar og Pompeius seg. Det enda til slutt med open kamp. Cæsar var hærførar i Gallia (Gaul) og hadde stor suksess, som Pompeius også hadde i austleg territorium. Cæsar var den første romaren som kryssa den engelske kanalen, og han var også den første til å kryssa Rhinen.

Då senatet vedtok at Cæsar måtte gi opp som hærførar og komma til Roma og stå til rette for det som vart påstått å vera overgrep, skjedde den kjende kryssinga av elva Rubicon og han sette kursen mot Roma for å ta over makta. Dette skjedde i år 49 og han møtte ikkje motstand, for Pompeius flykta. Cæsar følgde etter og Pompeius vart etter kvart drepen i Egypt. Men det var ikkje Cæsar som drap han, men lokale folk. Cæsar kom til Egypt, som den gangen var ein del av Romarriket, og straffa dei som hadde teke livet av Pompeius.

Cæsar hadde eit merkeleg ambivalent forhold til motstandarane sine. Han såg på Pompeius som både nær venn og farsfigur, samtidig som han var i open krig med han. På same vis benåda han mange av dei hadde valt feil side og kjempa med Pompeius, mellom andre Brutus og Cicero. Han vart åtvara mot dette, men følgde tydelegvis strategien "hald vennene nær, men fiendane endå nærare". Det skulle likevel kosta han livet.

Populistar og konservative
Cæsar var både elska og hata. Han var godt likt av folk i dei lågare laga fordi han gjennomførte reformer som var til fordel for fattige og som tok frå eliten ein del makt og goder. Det var sjølvsagt ikkje populært hjå eliten, og han hadde mange motstandarar i senatet. Dei som kjempa på Pompeius' side kjempa for idealet om republikken, sjølv om det i realiteten gjerne var ein kamp for å halda på privilegia til overklassen.

Dei to gruppene vart kalla Populares og Optimates. Populares var den tidas populistar, og Cæsar henta støtte hjå breie lag av folket i Roma. Optimates var dei konservative som ville halda på republikken, men helst med eit sterkt senat. Det var i stor grad senatorar og store landeigarar som tilhøyrde denne gruppa. Både Brutus og Cicero høyrde til gruppa.

Spora etter Cæsar er mange, men dei tydelegaste er inndelinga av året. Før Cæsar hadde romarane ikkje ein kalender som følgde jorda sin rotasjon rundt sola, og det førte til mykje rot. Dei kunne vera både ein og to månader etter den korrekte tida, noko som skapte problem. Cæsar innførte den greske kalenderen og juli månad vart kalla opp etter han. Den julianske kalenderen hadde 365 dagar og ein ekstra dag kvart fjerde år, som me også har i dag.

Cæsars fall
Det vart stadig meir uro og misnøye mellom senatorane og ei gruppe av dei samla seg til eit attentat. Det skjedde 15. mars år 44 (Ides of March) då senatat var samla. Ei gruppe senatorar samla seg rundt Cæsar og begynte å skubba og dra av han toga-en. Så kom knivane fram og han vart stukken ned. Det mest kjende sitatet frå denne hendinga er "Et tu, Brute?" ("Du også, Brutus?"), men dette stammar frå Shakespeare sitt stykke Julius Cæsar og stemmer ikkje med det som skjedde. Dei siste orda til Cæsar skal ha vore "Du også, barn?", men ingen veit sikkert om det var slik. Brutus var i alle fall sentral i attentatet og mordet på Cæsar.

Etter Cæsars fall, var det mange år med strid og borgarkrig, før Gaius Octavian overtok som keisar i år 27 f.v.t. [Gaius er eit personnamn og var så vanleg at det til slutt vart brukt som eit generisk namn for mann, og det feminine motstykket var Gaia].

Keisar Augustus
Cæsar hadde utnemnt grand-nevøen Octavian som etterfølgjaren sin, det stod også i testamentet hans. Octavius var son til Atia som igjen var dotter til Cæsar si søster Julia. Han tok namnet Augustus etter at han vart diktator. Han styrte som diktator frå år 27 f.v.t. til år 14 då han døydde.

I tida etter mordet på Cæsar, danna Octavian og Antonius eit andre triumvirat saman med Lepidus. Men då Lepidus vart drepen i eit slag, vart konflikten mellom Octavian og Antonius klar og krig uunngåeleg. Antonius styrte regionen i aust, med Egypt som hovudsete, og han innleia eit forhold til Kleopatra, og fekk to barn saman med ho.

Octavian vann eit avgjerande sjøslag nær Hellas, og sette etter kvart kursen mot Alexandria. Antonius tok sjølvmord då han trudde (vart forleda til å tru?) at Kleopatra hadde teke sjølvmord. Det stemde ikkje, men då ho innsåg at alternativet hennar var å bli ført til Roma som symbol på Octavians seier over ho og Antonius, tok også ho livet sitt. Historia vil ha det til at det skjedde ved eit slange-bit, men Mart Beard meiner det er lite sannsynleg. Kleopatras son Cæsarion som ho fekk med Cæsar [det er usikkert om Cæsar faktisk var far til barnet, og i "Rome" får me ei anna historie] vart drepen av Octavian. Guten var då 16 år, men Octavian såg han som ein stor trussel sidan han var påstått å vera Cæsar sin son.

Serien "Rome" tek seg visse fridommar akkurat på dette punktet, Ein annan ting er at Antonius nok blir framstilt i overkant eindimensjonal i serien.

Sjølv om denne tida er mellom dei best dokumenterte, med ei rekkje skrifter og kjelder, veit me likevel lite om personen Augustus. Ein viktig grunn var at han sjølv bevisst framstod som gåtefull. Han var både blodig tyrann og vismann, og det var ikkje alltid lett å sjå kva side som gjaldt. Namneskiftet frå Octavian til Augustus kan også tolkast som eit forsøk på å fjerna seg frå den valdelege fortida og introdusera ei ny tid der han tok rolla som statsmann.

I "Rome" blir Octavian framstilt som ein følelseskald og bereknande fyr, med klare autistiske trekk. Det kan godt henda det er ein del rett i dette, men han gjekk også gjennom ei stor endring frå tida før han vart diktator til etter at han tok full kontroll over Romarriket.

Han ville ikkje kalla seg diktator, som forgjengaren Cæsar, men vart i staden vald til konsul år etter år, i tillegg til at han også samla makta frå folket, tribunalet, på eigne hender. Han var diktator i gavnet om ikkje i namnet.

Han styrte Romarriket i 41 år, frå 27 f.v.t. til år 14 då han døydde. Det var på mange måtar ein gullalder, og riket var på sitt mektigaste. Augustus fullførde det Julius Cæsar starta på eit par tiår før.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar