Innlegg i DN 14.04.2020 |
Ingen svart svane
«Det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje» skal Aristoteles ha sagt. Sjølv om korona-pandemien var usannsynleg var det likevel sannsynleg med ein virus-pandemi av denne typen. Det blir difor feil å kalla dette «ei svart svane», som svært mange no gjer. Uttrykket «svart svane» karakteriserer ei overraskande hending med svært store følgjer. Bakgrunnen for uttrykket er at det lenge var tenkt at alle svaner er kvite og at svarte ikkje kunne førekomma. Det er særleg amerikanske Nassim Taleb som har gjort begrepet populært, med boka «The Black Swan» frå 2007.
Men ein virus-pandemi
har ikkje vore ei usannsynleg hending. Tvert om har det vorte åtvara mot det
frå fleire hald. I rapporten «Et sårbart samfunn» (NOU 2000:24) frå eit utval
leia av Kåre Willoch, står det mellom anna «Mest aktuelt i beredskapssammenheng
er smittsomme sykdommer med rask spredning. Sårbarheten
er stor i alle samfunn for sykdommer som smitter lett med dråpesmitte eller
luftbåren smitte,..». Også WHO
har fleire ganger åtvara om at farlege virussjukdommar sannsynlegvis vil oppstå
og at landa må vera førebudde på det.
Problemet med å kalla
dette ei svart svane, er at det frikjenner samfunnet frå å vera førebudde. Me
kan ikkje førebu oss på noko som er heilt usannsynleg. Men korona var ikkje usannsynleg,
og pandemien har avdekka sviktande beredskap på mange plan. Når denne pandemien
ein gang er over, er det opplagt at det må setjast i gang eit arbeid for å
styrka beredskapen her til lands.
...
Nassim Nicholas Thaleb, opprinneleg frå Libanon, men busett i USA, er forfattar og akademikar. Han har også vore investor og kjenner difor finansmiljøet godt. Boka "The Black Swan" frå 2007 er det mest kjende arbeidet hans. Den inngår i ein serie på fem bøker kalla Incerto, om usikkerheit. Bøkene er skrivne i perioden 2001 - 2018:
I "The Black Swan" skriv Taleb om korleis samfunnet handterer svært usannsynlege hendingar, såkalla "svarte svaner". Uttrykket "svarte svaner" er gammalt og kan sporast heilt tilbake til Aristoteles som brukte det i "Prior Analytics" i filosofisk diskusjon om det (nærmast) umulege. Men Aristoteles sa også at "det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje".
Nassim Taleb argumenterer sterkt for å byggja robuste ("antifragile") system, ikkje minst i sentrale delar av finanssektoren; som bankar. Interessa for bøkene hans blir ikkje mindre i desse korona-tider, og etterpå når me skal førebu samfunnet vårt på liknande katastrofar.
- Fooled by Randomness (2001)
- The Black Swan (2007)
- The Bed of Procrustes (2010)
- Antifragile (2012)
- Skin in the Game (2018)
I "The Black Swan" skriv Taleb om korleis samfunnet handterer svært usannsynlege hendingar, såkalla "svarte svaner". Uttrykket "svarte svaner" er gammalt og kan sporast heilt tilbake til Aristoteles som brukte det i "Prior Analytics" i filosofisk diskusjon om det (nærmast) umulege. Men Aristoteles sa også at "det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje".
Nassim Taleb argumenterer sterkt for å byggja robuste ("antifragile") system, ikkje minst i sentrale delar av finanssektoren; som bankar. Interessa for bøkene hans blir ikkje mindre i desse korona-tider, og etterpå når me skal førebu samfunnet vårt på liknande katastrofar.
Hjertelig enig i dette.
SvarSlettDe fleste vestlige land må ta tøff selvkritikk for å ha vært så dårlig forberedt med smittevernutstyr og testkapasitet. Rutiner for å håndtere smitte og for kontaktsporing og isolering har heller ikke vært gode nok. Det er vanskelig å se hva slags unnskyldninger man skulle ha her. Norge har gjort det bedre enn mange her, men ikke godt nok.
Og når det gjelder håndteringen av krisen da den faktisk kom så vil jeg si at den mange steder (Norge unntatt) har vært sjokkerende dårlig. Myndighetene i Spania, Storbritanni og Frankrike har håndtert dette så dårlig at det rett og slett er vanskelig å fatte at siviliserte land kan bomme så grovt. (Italia er faktisk mer tilgivelig. USA forventet vi vel egentlig ikke bedre av, gitt dagens regime.) Dette er nesten på et nivå der man må evaluere hva det er politikerne egentlig holder på med, og hvordan de tar beslutninger.