Kontantar er i ferd med å bli spedalske, og kampen for å bli kvitt dei har pågått lenge. Men svært få tenkjer over konsekvensane av at eit anonymt alternativ for betaling forsvinn og me sit att med 100 % overvaka pengar. Den dagen det går opp for folk, kan det vera for seint. Men heldigvis har me kryptovaluta, og det kan bli alternativet me må setja vår lit til.
Sist ute med forslag om å fjerna kontantar, er økonomi-kommentator Christina Pletten i Aftenposten med artikkelen "Kontanter er ikke lenger konge". Artikkelen er dessverre bak ein betalingsmur, men kort fortalt meiner CP at fjerning av kontantar vil hindra svart økonomi, og det er grunn god nok.
Eg skreiv eit lesarinnlegg der eg tok til motmæle mot argumentasjonen til CP, men det er vanskeleg å få plass i Aftenposten, så då blir det med denne publiseringa.
Sist ute med forslag om å fjerna kontantar, er økonomi-kommentator Christina Pletten i Aftenposten med artikkelen "Kontanter er ikke lenger konge". Artikkelen er dessverre bak ein betalingsmur, men kort fortalt meiner CP at fjerning av kontantar vil hindra svart økonomi, og det er grunn god nok.
Eg skreiv eit lesarinnlegg der eg tok til motmæle mot argumentasjonen til CP, men det er vanskeleg å få plass i Aftenposten, så då blir det med denne publiseringa.
Retten til sporfri ferdsel
Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 06.07.2020
Jon Bing lanserte
begrepet «retten til sporfri ferdsel» som ein del av arbeidet med personvern,
på ei tid der det var ganske nytt. Økonomikommentator Christina Pletten i
Aftenposten er ikkje særleg oppteken av denne retten, og ser helst at all
økonomisk aktivitet blir overvaka (02.07). Me er snart der; berre 2-3 % av alle
betalingar skjer med kontantar, og i korona-tida er dette redusert ytterlegare.
Det er vel bra, som
Pletten konkluderer? Nei, det er ikkje bra, og me bør vera uroa over ei utvikling
som går mot total overvaking på det økonomiske området. Det er opplagt at
Skatteetaten, Politiet og andre delar av styresmaktene ønskjer dette velkommen,
men journalistar bør ikkje sjå det som si viktigaste oppgåve å springa deira
ærend. Dei bør heller setja søkjelyset på dei uheldige sidene ved utviklinga.
'
Det er mange eksempel
på at sporfri ferdsel er viktig, og må reknast som ein menneskerett. I Hongkong
har kontantbruk vore redninga for mange demonstrantar for å unngå å bli
registrerte av styresmaktene. Dei har ikkje kunna bruka det ordinære
billettsystemet for kollektivtransport fordi det ville ha avslørt kven dei var
og kor dei var på veg. I staden har dei kjøpt billettar med kontantar for ikkje
å leggja att spor. Slik er det dessverre i mange land, på mange område.
I Norge har me heldigvis
ikkje slike problem, og det difor lett å tenkja at det berre er fordelar med
eit 100 % kortbasert betalingssystem. Me har eit velfungerande demokrati og eit
godt utbygd og effektivt betalingssystem. Men det er naivt og farleg å gå ut
frå at slik vil det bli i all framtid. Det er ikkje paranoid å førebu seg på ei
framtid der dagens demokratiske styresett kan bli utfordra, det er tvert om
viktig og nødvendig. Då må me ikkje utvikla eit system som er perfekt for dei
som ønskjer å misbruka det. Difor er det viktig å halda på retten til sporfri
økonomisk ferdsel i form av kontantar; rett nok digitale kontantar.
Veldig bra at du tar opp dette, og godt argumentert.
SvarSlett"The Narrow Corridor" av Acemoglu og Robinson har veldig bra argumentasjon for hvorfor det er viktig å begrense statens makt selv i demokratiske samfunn. Den satte problemstillingen i et helt nytt lys for meg, i hvert fall.