I DN 22.01 kunne me
lesa om at «Bitcoin faller etter antydning om kritisk feil». Det er klart ei
slik overskrift skaper både frykt og avsky. Til avisas fordel skal det seiast
at Bitcoin-ekspert Torkel Rogstad i Arcane Crypto er intervjua for å forklara
det som kunne sjå ut som ein sensasjon.
Og som Torkel Rogstad forklarer, er dette så langt frå ein sensasjon og ein kritisk feil som det går an. Det er
derimot eit godt eksempel på korleis Bitcoin fungerer og korleis potensielle
konfliktar blir løyste i eit desentralt, konsensusbasert system.
I dette tilfellet var
det to blokker som vart funne på om lag same tid. Begge blokkene var gyldige, men
blokkene inneheldt kvar sin versjon av ei bitcoin-betaling, noko som kunne
oppfattast som eit forsøk på gjenbruk («double spending») utan at det dermed
nødvendigvis var tilfelle. I slike tilfelle, der begge blokkene blir kringkasta
til nettverket og aksepterte av kvar sin del av deltakarane, alt etter kva
blokk dei får tilsendt først, oppstår det ei midlertidig forgreining med to
alternative blokker å byggja vidare på. Begge blokkene, la oss kalla dei A og
B, blir bygde vidare på av gravarane, men den neste blokka avgjer om det er A
som til slutt blir lagra på blokkjeda, eller B. Om den neste vinnarblokka byggjer
på A, blir alle transaksjonane i blokk B oppløyste og går tilbake for å bli
plukka opp i neste omgang. Om vinnarblokka blir bygd på B skjer det same med
blokk A.
Det er lite
sannsynleg at to nye blokker blir funne på om lag same tid to ganger på rad, sjølv
om det kan førekomma. I så fall gjentek prosessen seg heilt til nettverket har
fått avklart kva grein som blir den rette (= den lengste).
Det er altså svært liten
grunn til den frykt & avsky Dagens Næringsliv prøver å skapa her.