fredag 22. januar 2021

Frykt og avsky i Dagens Næringsliv

Fig. 1: Alice sender bitcoin til Bob og dei same bitcoin til seg sjølv.

Fig. 2: Begge transaksjonane er gyldige, men berre ein av dei kan bli lagra på blokkjeda.

Eg har tidlegare kritisert Dagens Næringsliv si dekking av Bitcoin. Den byggjer opp om feilaktige mytar og er generelt lite opplysande for lesarane.

I DN 22.01 kunne me lesa om at «Bitcoin faller etter antydning om kritisk feil». Det er klart ei slik overskrift skaper både frykt og avsky. Til avisas fordel skal det seiast at Bitcoin-ekspert Torkel Rogstad i Arcane Crypto er intervjua for å forklara det som kunne sjå ut som ein sensasjon.

Og som Torkel Rogstad forklarer, er dette så langt frå ein sensasjon og ein kritisk feil som det går an. Det er derimot eit godt eksempel på korleis Bitcoin fungerer og korleis potensielle konfliktar blir løyste i eit desentralt, konsensusbasert system.

I dette tilfellet var det to blokker som vart funne på om lag same tid. Begge blokkene var gyldige, men blokkene inneheldt kvar sin versjon av ei bitcoin-betaling, noko som kunne oppfattast som eit forsøk på gjenbruk («double spending») utan at det dermed nødvendigvis var tilfelle. I slike tilfelle, der begge blokkene blir kringkasta til nettverket og aksepterte av kvar sin del av deltakarane, alt etter kva blokk dei får tilsendt først, oppstår det ei midlertidig forgreining med to alternative blokker å byggja vidare på. Begge blokkene, la oss kalla dei A og B, blir bygde vidare på av gravarane, men den neste blokka avgjer om det er A som til slutt blir lagra på blokkjeda, eller B. Om den neste vinnarblokka byggjer på A, blir alle transaksjonane i blokk B oppløyste og går tilbake for å bli plukka opp i neste omgang. Om vinnarblokka blir bygd på B skjer det same med blokk A.

Det er lite sannsynleg at to nye blokker blir funne på om lag same tid to ganger på rad, sjølv om det kan førekomma. I så fall gjentek prosessen seg heilt til nettverket har fått avklart kva grein som blir den rette (= den lengste).

Det er altså svært liten grunn til den frykt & avsky Dagens Næringsliv prøver å skapa her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar