tirsdag 1. februar 2022

Stærke påstandar på svakt grunnlag

Spaltist Bjørn Stærk tok for seg Bitcoin i eit innlegg i Morgenbladet 25. januar. Under overskrifta "Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett" raljerte han med Bitcoin og demonstrerte etter mitt syn eit kunnskapsløyse av dimensjonar. Det var difor naturleg å svara på dei mange feilaktige påstandane. Lesarinnlegget mitt er dessverre bak Morgenbladet sin betalingsmur, så eg gjengir det her.

Faksimile av Bjørn Stærks spalte:















Stærke påstandar på svakt grunnlag

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

Ofte er det dei som har sett seg minst inn i ei sak som kjem med dei sterkast uttalane. Slik ser det også ut til å vera med Bjørn Stærk. Raljeringa med Bitcoin i Morgenbladet 25. januar i artikkelen «Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett» er vanskeleg å ta på alvor.

Bitcoin er den største digitale innovasjonen sidan Internett, og mykje tyder på at den til liks med Internett og andre store innovasjonar, vil gå gjennom dei velkjende fasane Mahatma Gandhi skisserte:

“First they ignore you, then they laugh at you, then they fight you, then you win.”

Bitcoin vart først ignorert, så latterleggjort (haha, Bitcoin er håplaust tregt samanlikna med Visa), så er det fasen med intens motarbeiding som me er inne i no, og til slutt truleg opplagt for dei fleste at dette var ein både nødvendig og svært nyttig innovasjon.

Internett var ein frigjerande teknologi som gav stort håp for menneskeheita. Etter 30 år med kommersielt Internett er det tydeleg for dei fleste at me har vorte digitale leiglendingar. Bitcoin har gitt oss tilbake trua på at me kan ta kontroll over vårt eige digitale liv, i første rekkje det økonomiske og finansielle. Andre blokkjedesystem rettar seg mot andre digitale utfordringar, men felles for den revolusjonen Bitcoin starta, er å gå tilbake til dei desentrale røtene Internett opphaveleg var bygt på. Men med eit viktig tillegg: Pengar er også integrerte i dette prosjektet.

Silicon Valley-gründer Naval Ravikant er truleg den som har definert Bitcoin best:

«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a
get-rich-quick scheme.»

Å bli rik i ein fart, trekkjer nok mange til Bitcoin, men mange av desse oppdagar at det er kvalitetar og potensial i Bitcoin som langt overstig den økonomiske sida.

Av dei mange feilaktige påstandane i Stærks artikkel er det kanskje tittelen som skurrar mest. Den er sikkert meint å vera morsom, men blir ganske platt når ein ser på verdistiginga til bitcoin i heile den 13-årige perioden. Det er sjølvsagt ingen garanti for at det vil halda fram slik, men den historiske økonomiske utviklinga er udiskutabel.

Nokre andre utsegn som er verdt å kommentera:

«En spennende, men mindre viktig, del av forklaringen er at databasen er en åpen, distribuert blokkjede,...»

Mindre viktig?? Desentralitet og distribusjon er Bitcoins raison d’être. Bitcoin innførte eit sjølvkontrollerande nettverk der verdioverføringar kan skje utan mellomledd. Du har full kontroll med eigne verdiar og ingen kan ta dei frå deg. Du kan kryssa landegrenser med nøkkelen til verdiane bokstavleg tala i hovudet. Ikkje rart at Hongkong, Venezuela, Kviterussland, Nigeria, for å nemna nokre få, er stader der bruken av bitcoin har auka særleg mykje.

«energiforbruket er så stort at det truer både klimaet og energipolitikken..»

Ja, energiforbruket er stort, men det truar verken klimaet eller energipolitikken. La oss gjera nokre samanlikningar: Utvinning av gull krev dobbelt så mykje energi som Bitcoin og står for om lag tre ganger så store utslepp av klimagassar. Miljøbelastninga er i tillegg enorm (gruveavfall, kvikksølv i grunnvatnet ++). Merkeleg nok er det ikkje kampanjar for å få slutt på gullgraving, for me har jo eigentleg ikkje bruk for gull, har me? Energibruken til luftkjøling (air conditioning) krev i følgje US Departement of Energy 6 % av total energiproduksjon i USA. Omrekna blir det 240 kWt i året, om lag det doble av Bitcoins forbruk. Også  tørketromlar står for ein årleg energibruk som overgår Bitcoin-forbruket. Ingen har skrive harmdirrande om at folk kan hengja opp kleda og på den måten spara klimaet.

«Bitcoinkursen er så ustabil at du må være gal for å bruke det til å lagre eller måle verdier.»

Lagring og måling av verdiar er to vidt forskjellige funksjonar pengar kan ha. Du kan ikkje slå dei saman slik Bjørn Stærk gjer her, og viser dermed ein mangel på elementær pengeøkonomisk forståing. Når det gjeld bitcoin som verdilagring, viser verdistiginga dei siste 10 åra at dei som har investert,  heller har vore smarte.

«El Salvadors eksperiment er mislykket.»

El Salvador innførte bitcoin som lovleg betalingsmiddel i september i fjor og alt no kan Bjørn Stærk utan vidare slå fast at det har vore mislykka. Utsegna illustrerer godt mangelen på seriøsitet i heile artikkelen.

Heldigvis er det mange som er langt meir nysgjerrige på Bitcoin og kryptovaluta enn Bjørn Stærk. Eg underviser i emnet på Høgskulen på Vestlandet og i dette vårsemesteret tilbyr me eit kurs i samarbeid med Finansforbundet. Finansforbundet annonserte kurset i nyheitsbrevet sitt 26. januar, og etter ein halv time hadde 125 meldt interesse for å delta. Eg kan sikkert ordna ein plass til Bjørn Stærk også, sjølv om kurset eigentleg ser ut til å bli overfylt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar