Kort om Bjørn Stærks siste "utblåsing":
- "Kryptokræsjet" er godt nytt for klimaet
- forbod mot "prosessorsløsing" (PoW-basert energibruk som Stærk kallar "sløsebevis"...)
- ingen plass for idealisme i Bitcoin, det er liberalisme som ligg til grunn for systemet
- usikkert om Lynnettverket vil fungera
Eg tek berre opp energibruken i svaret mitt sjølv om eg gjerne skulle svart på dei andre påstandane også.
Bitcoin som del av løysinga på klima-utfordringa
Svein Ølnes, seniorforskar
ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin og ether)
Det er på tide å få
ein meir nyansert debatt om energibruken i Bitcoin. Mykje tyder på at energibruken
i Bitcoin kan bli ein viktig del av framtidas fornybare energi og slik sett bli
ein del av løysinga på klimautfordringa heller enn problemet. Premissane for
ein slik påstand kviler på behovet for ei enorm utbygging av ny fornybar energi
i form av sol- og vindkraft. Dei er vidare henta frå det internasjonale
energibyrået, IEA, sine prognosar om framtidig energisamansetjing for å nå
målet om nullutslepp i 2050. Bitcoin kan bli ein drivar for utbygging av ny
fornybar energi, som Stærk også er inne på, men her vil eg ta opp den viktige
rolla bitcoin-graving kan spela i balanseringa av framtidas energinett.
For å nå målet om
nullutslepp, må dagens fossilbaserte energikjelder erstattast med ny fornybar
energi, og det vil i praksis seia enorme mengder sol- og vindkraft. Det trengst
sjølv om total energibruk skulle bli redusert i framtida. Sol og vind er
ustabile kjelder og skaper nye utfordringar for balansering av energinettet. I
staden for dagens produksjonsstyrte balansering, må balanseringa av
energinettet i stadig større grad skje på forbrukssida. Det betyr at forbruket
må kunna regulerast raskt, i takt med varierande sol- og vindforhold. IEA
meiner denne typen etterspørselsregulering (kalla «demand respons») må
tidoblast alt innan 2030; frå dagens 2-3 % av total balansering til 20-30 %.
Ei regulering av
forbrukssida kan neppe skje ved at du og eg blir bedne om å slå av
varmtvasstanken, eller varmepumpa/luftkjølinga. Den må skje ved at
storforbrukarar av energi går inn på avtalar der dei får billeg straum i byte
mot å kunna svara raskt på varierande etterspørsel etter energi. Det vil i
praksis seia enkle industriprosessar som krev mykje straum. Ikkje smelteverk,
ikkje sementproduksjon, men…. ja nettopp: bitcoin-graving! Det er ein
energiintensiv, men veldig enkel, prosess som kan regulera forbruket på svært
kort varsel. Dette er i bruk i dagens energinett i Texas og blir studert med
stor interesse.
Ein grunnleggjande
føresetnad er sjølvsagt at Bitcoin er nyttig. Med eit aukande tal autoritære og
totalitære land i verda er økonomisk sensur og kontroll stadig meir utbreidd,
og alternative system for overføring av verdiar er difor viktig. Om Bjørn Stærk
hadde delteke på Oslo Freedom Forum i mai, ville han høyrt historier frå
afghanske Roya som betaler sine tilsette med bitcoin, Farida frå Togo som
fortalde om eit pengesystem som framleis er dominert av den franske kolonitida,
Jaroslav frå Belarus som fortalde om faren for fengsling for dei som tok i mot
økonomisk støtte frå utlandet, Obi frå Nigeria og Dario frå Argentina om
galopperande inflasjon og mange fleire. Felles for dei var Bitcoin som gjorde økonomisk
og finansiell fridom muleg. Men for å forstå det, krev det at både Stærk og
andre fjernar skylappane og ser opp og ut frå sine privilegerte økonomiske nærområde.