Eg sende dette lesarinnlegget til Dagens Næringsliv som svar på finansredaktør Terje Erikstads kommentar 14.06 om bitcoin-graving og skatteunndragelse. Innlegget er ikkje publisert (enno).
Bitcoin-gravarar må
bli smartare
Svein Ølnes, seniorforskar
ved Vestlandsforsking
Finansredaktør Terje
Erikstad hissar seg som vanleg opp over Bitcoin og relaterte aktivitetar. I ein
kommentar 14. juni spør han kva kryptofabrikantane har å skjula, og svarer
sjølv på spørsmålet ved at aktørane på den måten slusar gevinstar skattefritt ut
av Norge. Til dette er det å seia at kryptoaktørane må bli smartare. Det er ingen grunn til å driva
på ein slik fordekt måte. Dei må læra av Internett-gigantar som Google og
Facebook som omset for milliardar av kroner i Norge, men likevel nesten ikkje betalar
skatt. Så er det også grunn til å leggja til at gevinst eller tap på bitcoin
berre skjer ved realisasjon slik at aktørane det her er snakk om, ikkje er i
skatteposisjon før det skjer.
Det er elles grunn
til å gi Dagens Næringsliv honnør for å ha fått fram at mykje eigedom i Norge har
ukjende eigarar. Det er etter mitt syn eit langt større problem at me ikkje
veit kven som eig Drammen hamn enn kven som har grave-aktivitet i eit gammalt
fabrikklokale i Vassbygdi. Her må politikarane uansett rydda opp og sørgja for
at alle eigarar er kjende, enten det gjeld hamner, vindmølleparkar
barnehagebygg eller kryptofabrikkar.
Mininggevinst gir vel skatteplikt når miner får en ubetinget rett til den virtuelle valutaen. Ellers takk for en fin blogg! Dag
SvarSlettJa, det gjer det jo. Men spørst kanskje kva land eigaren er busett i?
SvarSlett