Det burde vera opplagt no, men eg er redd eg må stava det uansett: Bitcoin, ikkje blokkjede. Bitcoin, ikkje krypto. Bitcoin, ikkje distribuert «ledger»-teknologi. Bitcoin, ikkje DeFi. Bitcoin, ikkje Web3. Bitcoin, ikkje digitale sentralbankpengar (DSP/CBDC). Bitcoin, ikkje sentraliserte neo-bankar som sel bitcoin som gira («fractional reserve») papirpengar. Bitcoin.
Viss du trur at Bitcoin er død har du vorte lurt av fiat-journalistar. Viss du trur at Bitcoin er treg, eller gammaldags teknologi, eller MySpace, eller Fords T-modell, har du vorte lurt av seljarar av varmluft.
I det første tilfellet tenkjer du truleg sjølvtilfreds: «Eg visste det var eit Ponzi-opplegg! Bra eg ikkje investerte i bitcoin. Eg sa heile tida at det ville gå mot null!».
I det siste tilfellet er du truleg framleis i sjokk fordi du mest sannsynleg har mista alle pengane dine. Kanskje er du framleis i ein fornektande fase. Kanskje er du sinna eller deprimert. Kanskje din førehands-definerte («premined») verdsdatamaskin-myntar er låste fast i eit sentralt kontrollert depositum («centrally controlled staking system»), og du kan ikkje få dei ut att (fotnote 1). Det er dessverre ingen rask veg ut av dei fem stadiane av sorg. Du må baska deg gjennom dei alle heilt til du når fram til ei forståing: «Eg hadde eigentleg aldri bitcoin, eg hadde berre IOU-ar («I Owe You») og papir-pengar. Eg var den avkastinga som vart skapt.
Å innrømma at du har vorte lurt er noko av det vanskelegaste som finst. Det krev audmjukheit, styrke, sjølvinnsikt og å svelgja stoltheit å innrømma at du har vorte lurt. Det er enklare å skulda på andre eller berre løfta hendene og overgi seg og deretter berre rusla bort. Det er den ubehagelege sanninga og ein gang i framtida vil du vera i stand til å høyra det:
Du har vorte rundlurt og du har ingen andre å skulda på enn deg sjølv.
Viss det er for smertefullt akkurat no, greitt. Ta eit steg tilbake. Finn på noko anna for ei stund. Bruk tida på familien, i skogen, gå ein fisketur eller noko anna. Og når du kjem tilbake må du prøva å få hjernen din til å forstå: Bitcoin er signalet og resten er støy. Alt av det.
|
Bitcoin er signalet. |
Eg skriv ikkje dette for å sparka dykk som ligg nede. Eg skriv dette fordi eg trur alle kan reddast. Eg skriv dette i håp om at enkelte av dykk, kjære kryptobrør, berre treng å ta på shitcoin-omnen ein gang for å bli brent. Eg skriv dette i håp om at enkelt av dykk, kjære fiat-brør, endeleg vil forstå at bitcoin ikkje berre er ulikt all «krypto», men at det er ulikt alle andre valutaer, inkludert dykkar elska shitcoin utgitt av styremaktene. Meldinga mi til dykk er den same:
Det er Bitcoin og det er alt anna
Du må forstå at Bitcoin ikkje er ein app, eller eit selskap, eller ein aksje eller ei investering. Bitcoin har ikkje noko styre, ein adm. dir. eller kvartalsvis inntening. Det er ingen «bak» Bitcoin.
Mange bitcoin-entusiastar har sterke meiningar om bitcoin vs. «krypto», og med gode grunnar. Ein av dei er eit gjennombrot av enorme dimensjonar. Dei andre er billege imitasjonar, kopiar som i altfor lang tid har fått veksa i kjølvatnet av nemnde gjennombrot og forvirra nybegynnarar og enkelt-investorar. «Krypto» er nerdar som har gjenoppdaga pengetrykking og pyramidespel. Tilsynelatande gratis lunsj støtta av evigheitsmaskiner drivne av tekno-babbel.
Krypto kan ikkje samanliknast med Bitcoin. Viss du vil samanlikna Bitcoin med noko anna, samanlikn det med eld, talet null, hjulet, boktrykkingskunsten eller elektrisitet. Ja, det er så viktig. Det er eit auto-poietisk nettverk som er internt stabilt og som ikkje kan gå konkurs. Det er antitesen til korrupsjonen av pengar.
Det er ein heilt ny ting, noko som er så djupsindig, så framand, så unikt at folk flest ikkje forstår å setja pris på det. Eg klandrar dei ikkje. Dei fleste forstår ingen ting av kryptografi, eller nettverk, eller pengar eller opne protokollar. Som ein konsekvens blir folk flest lett lurte.
Kva er så revolusjonerande med bitcoin?
• Bitcoin har ei absolutt endeleg mengde
• Bitcoins tilførsel er fastlagd i tid
• Bitcoin kan lagrast i hovudet
• Bitcoin kan sendast med lysets fart
• Bitcoin kan verifiserast av alle, enkelt og billeg
Kvart og eitt av desse punkta er revolusjonerande i seg sjølv.
Me har aldri hatt ein lett omsetteleg eigedel som har ei absolutt og endeleg mengde. Me har aldri hatt menneskeskapte pengar utan ein utgivar. Me har aldri hatt eit marknadsmessig gode som berre er ord, noko som framleis slår meg i bakken: lær å hugsa 12 ord og du kan flykta frå eit land med formuen din intakt. Me har aldri hatt raskt omsettelege pengar utan å måtta stola på kreditt.
Tillat meg å repetera det siste punktet som ei understreking: for første gang i den menneskelege historia har me pengar som berre er rein informasjon – noko som er lagra i bits og bytes direkte, utan å støtta seg på tiltrudde tredjepartar. Og fordi det er rein informasjon kan det sendast til kven som helst med lysets fart.
Dessverre forstår dei fleste ikkje denne eigenskapen: Bitcoin er ikkje kreditt. Det er ikkje ein IOU. Ikkje ein lovnad. Ikkje avhengig av ein motpart. Ikkje ein forpliktelse. Som gull tidlegare er det ikkje «backa» av noko. Det er eit attråverdig gode i seg sjølv. Det er pengar. Reine, ikkje-devaluerbare pengar.
Enten du er ein fallert krypto-bror eller ein fiat-venn er det ein ting som er særleg vanskeleg å akseptera. Den eine tingen som skil Bitcoin frå alt anna: det heile fungerer utan leiing.
Bitcoin er lettast å forstå som ei naturkraft; som tidevatnet som kjem og går, som sola som stig i aust og glar i vest. Du kan ha ei meining om det, men meininga di påverkar på ingen måte fenomenet. Tidevatnet vil komma og gå, sola vil stiga og gla og Bitcoin vil produsera ei ny blokk. Kvart 10. minutt.
«Amidst attention-grabbing headlines this week that will be talked about for decades, I want to bring your attention to one far more profound and awe-inspiring non-headline: every 10 minutes a new bitcoin block was produced. Every 10 minutes. Every 10 minutes.»
- Ross Stevens
Bitcoin berre fungerer. Som eit urverk. Det fungerer fordi du ikkje treng å stola på nokon. Det fungerer fordi det brukar matematikk og fysikk – naturens lover – til å fjerna all tillit frå systemet. Det fungerer fordi du kan verifisera alt sjølv. Det fungerer fordi det ikkje er ein ekstern ting (diktert av andre), men
ein ting som har oppstått: etablert ved utrøytteleg validering og verifisering. Det fungerer fordi du, og berre du, har kontrollen.
Viss du ikkje har kontroll, brukar du ikkje bitcoin. Då stolar du på andre med deira forståing av Bitcoin – eller endå verre – du stolar på nokon til å oppbevara bitcoin for deg.
«The root problem with conventional currency is all the trust that's required to make it work. The central bank must be trusted not to debase the currency, but the history of fiat currencies is full of breaches of that trust. Banks must be trusted to hold our money and transfer it electronically, but they lend it out in waves of credit bubbles with barely a fraction in reserve. We have to trust them with our privacy, trust them not to let identity thieves drain our accounts.
Bitcoin vart skapt som eit svar på svindelen («rug-pulls») i fiat-verda. Det er
anti-svindel-teknologi. Men det er berre anti-svindel-teknologi viss du brukar det rett: din node, dine reglar, dine nøklar, dine bitcoin.
Krypto er på den andre sida fiat på stereoidar. Verre, det er fiat på metamfetamin. Det er trua på at ærlege pengar ikkje betyr noko, noko som gjer at kvart einaste prosjekt, kvar einaste person, kvar einaste vekslingsteneste og nettverk, kvart einaste system og samfunn og kvar einast jpeg treng sin eigen form for pengar. Det er økonomisk nihilisme.
Dei to kunne ikkje vera meir ulike. Bitcoin fjernar seigniorage , Shitcoins gjeninnfører seigniorage. Bitcoin fjernar Cantillon-effekten . Shitcoins gjeninnfører Cantillon-effekten. Bitcoin fjernar tillit. Shitcoins gjeninnfører tillit, på same måten som sentraliserte finansielle tenester motiverte av fiat-tenking.
Men er ikkje Bitcoin død?
Nei, den er ikkje død. Den er heller ikkje eit raskt forbigåande fenomen eller plutseleg ubrukeleg eller plutseleg verdilaus. Det som skjedde er det som alltid skjer: folk blir for sjølvtilfredse, folk blir for grådige og folk lurer seg sjølve og andre.
Ved å stabla tillit lagvis på toppen av Bitcoin, blir sentraliserte feilkjelder og systemisk risiko gjeninnført – for alle systema som byggjer på toppen av dei sentraliserte institusjonane (fotnote 2). Dette har skjedd før og det vil skje igjen. Tida er ein flat sirkel.
Selskap Tapte btc
Mt. Gox 650.000
Bitfinex 120.000
Celsius 105.000
BlockFi 30.000 (?)
Voyager 10.000 (?)
FTX 70.000 (?)
Kjelde: Jameson Lopp (fotnote 3)
Igjen såg me at sentraliserte selskap kollapsa. Igjen er det uklart kor mykje som skuldast inkompetanse, kor mykje som skuldast vondsinna gjerningar og kor mykje som skuldast svindel. Igjen var Bitcoin-nettverket upåverka. Igjen sette folk si lit til tillit. Igjen vart dei lurte.
Det burde vera innlysande no at bitcoin oppbevart av andre ikkje er dine eigne bitcoin. Det burde vera innlysande at papir-bitcoin ikkje er ekte bitcoin. Vidare burde det vera innlysande at bitcoin og giring («leverage») er som eld og vatn.
Alt dette har skjedd før. Og sidan den menneskelege naturen er som den er, vil det skje igjen. Folk vil – igjen – gløyma å høyra på åtvaringar frå meir erfarne bitcoinarar. Folk vil – igjen –gløyma å halda på eigne bitcoin. Folk vil – igjen – bli offer for Sirene-sangen om meir gevinst, større avkasting, kjappare rikdom og lett-tente pengar.
«A fool and their leveraged bitcoin are soon parted.»
Og når tullingane på nytt har mistar alle pengane; og når de, kjære krypto-brør, blir svindla av dykkar kjære leiar; og når de, kjære fiat-brør, erklærer Bitcoin for død endå ein gang; og når den 500. bitcoin-nekrologen har vorte skriven, vil Bitcoin framleis marsjera uhindra fram. Men kva med prisen? Kollapsa den ikkje?
Jau, den kollapsa. Og den vil kollapsa igjen og igjen og igjen. Slik den har gjort tidlegare.
Når dette blir skrive, er bitcoin-kursen 16.641 USD. Ja, den gjekk heilt til $65.000 før den kræsja heilt ned til $16.000.
Dette er det du må forstå: Bitcoins dollarpris er både viktig og uviktig.
Prisen er viktig på denne måten: BTC treng ein pris slik at Bitcoin-systemet kan sikra seg sjølv. Prisen er korrelert med hashrate , som igjen er korrelert med sikkerheit, eller meir presist: oppgjers-sikkerheit («settlement assurance»). Det er også ein bra indikator for global adopsjon. Og ja, me brukar vanlegvis USD for å måla prisen på BTC fordi, når dette blir skrive, USD er framleis den globale målestokken («unit of account») for prisar. Dessverre.
For å sjå at dollar-prisen er uviktig kan me stilla nokre spørsmål og svara på dei enkeltvis:
Vart BTC-tilførselen endra? Nei.
Kan du framleis senda sats til kven som helst utan å spørja nokon om lov? Ja.
Har eigarar av bitcoin framleis same mengda BTC? Ja.
Kan du enkelt og rimeleg verifisera alt ovanfor? Ja.
Sett frå Bitcoin-nettverket er ingenting endra.
Med andre ord: reglane i nettverket er ikkje endra. Tilførselen er framleis avgrensa. Kvart 10. minutt blir nye transaksjonar fastsette. Den monetære politikken vart ikkje endra. Eigenskapane til aktivaen vart ikkje endra. Ein BTC er framleis lik ein BTC.
Bitcoin fungerer akkurat like godt no som den gjorde då USD-prisen var null, noko som var tilfelle dei første 10 månadene Bitcoin eksisterte. Utan ein sentral utgivar måtte bitcoin, og må framleis, veksa
organisk i verdi, distribusjon og sikkerheit, noko som gjera at mange – meg sjølv inkludert – trur at Bitcoins historie ikkje kan gjenskapast; med andre ord at ei avgrensa, digital råvare er avhengig av ein spesiell utviklingsveg («is path-dependent»).
Og når me snakkar om pris: det hjelper å setja ting inn i ein større samanheng. Nominell pris er eit uttrykk for ein relasjon, og difor er alle prisar avhengig eininga du brukar til å måla den. Den økonomiske linsa du ser gjennom og som du ser verda gjennom.
Det er for eksempel verdt å nemna at M2 av USD, den breie pengemengda, har auka massivt dei siste tiåra. Den siste auken var på over 30 %, i stor grad grunna den pengemessige responsen til nedstenginga av samfunnet verda over. Når ting blir målte mot USD blir med andre ord blir alt forvridd med minst
30 %.
|
Shitcoin printer go BRRR (Kjelde: Porkopolis) |
Når det er snakk om økonomiske vurderingar ser me alt gjennom dei respektive valutaene me er tvinga til å rekna med. Om valutaen vår er USD, euro eller yen avheng av geografisk plassering. Bitcoin er heller ikkje brukbar som universell brille, det er så, men det er nyttig som samanlikning med fiat-briller. Det er nyttig fordi det gir ei motvekt til den inflatoriske pengepolitikken i fiat-valutaer. Det er nyttig fordi frå eit BTC-synspunkt syner det at alt blir prisa om i satoshi (sats). Til og med
det idiotiske mølet du kjøpte for eit par år sidan.
|
Enkelte briller er meir nyttige enn andre |
Det er grunnen til at bitcoin-entusiastar likar å snakka om kjøpekraft fordi det er uavhengig av den nominelle verdien til fiat-valutaen. Legg for eksempel merke til at BTC-grafen ser veldig ulik ut avhengig av kva du brukar som målestokk, enten der er amerikanske dollar (USD), argentinske pesos (ARS), Nigerianske naira (NGN), Venezuelansk bolívar (VED) eller – for å velja noko heilt anna – S&P 500-indeksen eller eit fat med olje.
|
Bitcoin-pris mot S&P 500-indeksen |
|
Bitcoin-pris mot gull |
|
Bitcoin-pris mot USD |
|
Bitcoin-pris mot oljepris (fat) |
I den vestlege verda er me spesielt lite merksame på fiat-brillene me ser verda gjennom. Me brukar for det meste «stabile» valutaer, det vil seia valutaer som mister kjøpekrafta gradvis, om enn sakte. Men ikkje misforstå: alle fiat-valutaer er inflaterer. Dersom pengar kan trykkast, vil dei bli trykte. Freistinga er rett og slett for stor.
Som ei følgje er alle fiat-pengar i tilbakegang. Og viss tilbakegangen skjer for fort – «
When Money Dies» - vil forstyrringa i prisar bli svært synleg. Og blir forstyrringa stor nok vil alle framtidige kalkuleringar – og med dei livet me er vande med – bryta saman.
|
Trur du kjøpekrafta steig betydeleg frå 2019 til 2022? |
Grafane over viser tydeleg to ting: fiat-valutaer er designa for å mista kjøpekraft over tid. Bitcoin er designa for å få auka kjøpekraft («monetize») naturleg, over tid, og det vil halda fram med å auka i kjøpekraft, alt anna likt.
Det vil halda fram med å auka i kjøpekraft fordi bitcoin er verdifullt. Det er pengane dine. Ingen kan blanda seg inn. Ingen kan devaluera dei. Ingen kan ta dei frå deg (om du har lagra dei som du bør). Ingen kan stoppa deg frå å bruka dei. I ei verd med plattform-nekt, bank-nekting og digitale sentral-bankpengar er det verdifullt i seg sjølv å ha sensur-resistent og ukonfiskerbare pengar. Viss du er ueinig i dette, inviterer eg deg til å
sjekka dine finansielle privilegium.
Akkurat no er BTC rangert på 28. plass i verda, både som
eit aktiva og samanlikna med
fiat-valutaer. Det er nr. 28 fordi kursen kollapsa, og den kollapsa fordi folk er grådige, låne-finasierte og det er ingen redningsaksjonar («bailouts»). Det ser likevel ut til at bitcoin kontinuerleg aukar i verdi, trass alt dette.
Som ei følgje av bitcoins fastlagde distribusjonsmodell, er den einaste meiningsfulle reaksjonen på bølgjer av adopsjon, prisen sjølv. Korleis elles enn på ein kaotisk måte kan ein ny aktiva monetisera naturleg – ein aktiva som ikkje har ein utgivar? Eller for å sitera
Allen Farrington:
"What would it seem like if it did seem like a global, digital, sound, open source, programmable money was monetizing from absolute zero?"
Men Bitcoin produserer ikkje noko!
Feil. Kvart 10.
minutt blir det produsert ei ny blokk. Det er alt som tel. Og med denne blokka
blir eit nytt kapittel av historia som ikkje er muleg å forfalska, skriven, og
Bitcoins løfte blir halde: «Egvil ikkje stela frå deg». Verken gjennom devaluering eller konfiskering.
Viss du trur at
bitcoin skal produsera noko anna – som avkasting for eksempel – ser du framleis
verda gjennom fiat-briller.
Du er bunden til synet om å «setja pengane i arbeid». Du tok ikkje ein pause og
tenkte gjennom avkastingfrå pengane du heldt.
Eg føler med deg. Eg
såg verda med dei same fiat-brillene for ikkje lenge sidan. Eg var til og med «bullish»
på krypto, og trudde ei ustoppeleg verdsdatamaskin var ein smart idé. Eg brukte
lang tid på å forstå at å trykkja pengar ikkje gjer samfunnet rikare, men det
motsette.
På same måten brukte eg lang tid på å ta eit steg tilbake og spørja meg sjølv, nesten som eit barn ville gjort: «Kvifor treng den hypotetiske verdsdatamaskina ein eigen valuta? Kvifor treng selskapet ditt ein eigen valuta? Kvifor treng den sentraliserte vekslingstenesta di ein eigen valuta? Kvifor må du trykkja eigne pengar for å bli å få suksess?».
Eg var ein «krypto-bro» sjølv på den tida og det var vanskane eg fekk når eg prøvde å svara sannferdig på desse spørsmåla som fekk meg til å venda meg bort frå «krypto» og over til bitcoin. Og då eg var ein «fiat-bro» forstod eg ikkje ein gang at det var verdt å stilla desse spørsmålet i det heile.
Det vanskelegaste er å bli kvitt fiat-tankesettet, som betyr å ta eit steg tilbake og spørja deg sjølv svært enkle spørsmål om pengar: kvifor har me dei, kvifor treng me dei, kvifor må dei vera knappe, kvifor kan enkelte trykkja pengar medan dei fleste må arbeida for dei, og så vidare. Dette er vanskelege spørsmål. Dei som styrer pengetrykkinga vil ikkje at du skal spørja «
WTF happened in 1971?». Dei som driv shitcoin-kasinoa vil ikkje at du skal spørja «men kvar kjem avkastinga frå?».
|
MEN KVAR KJEM AVKASTINGA FRÅ? |
Men sjølv med alt tullet som føregår no, er eg full av håp. Trass alt, «du kan lura enkelte folk enkelte ganger, men du kan ikkje lura alle heile tida» (fotnote 4). Fleire og fleire vil læra. Fleire og fleire vil ha kontroll på eigne nøklar. Fleire og fleire vil gjera reknestykket.
Denne antagelsen er ikkje basert på tru. Bitcoins on-chain-data syner visse mønster som eg vil oppsummera som «forståing aukar overtyding og overtyding aukar allokering» - eller: til meir du veit, til meir kjøper du.
|
73 % av alle satoshi er ikkje rørte på over eit år |
Desse «HODL-bølgjene» som dei blir kalla, syner at stadig fleire folk forstår den underliggjande dynamikken av, så vel som skilnaden på, den monetære politikken til fiat og Bitcoins monetære politikk, noko som får dei til å halda BTC på deira personlege eller
selskapsmessige balansar heller enn fiat-valuta (
fotnote 5).
Men volatiliteten!
Volatilitet, volatilitet, volatilitet. Alt dette snakket om volatilitet overser heile poenget med Bitcoin: djup, systemisk stabilitet.
Bitcoin er ikkje volatilt. Menneskeleg psykologi er.
Menneskeleg oppførsel er volatil. Bitcoin er ikkje. Som ei følgje, kan bitcoins marknadspris vera volatil. Men Bitcoin er ikkje. Bitcoin-nettverket har vore i drift kontinuerleg i meir enn eit tiår. Det er føreseieleg, stødig og påliteleg. Med det perspektivet er Bitcoin det mest stabile som finst.
Ei ny blokk blir funnen kvart 10. minutt. Kvart 10. minutt blir Bitcoin meir påliteleg og stabil, uavhengig av prisvariasjonar.
Så lenge nye blokker kjem er det ingenting å bekymra seg over. Endå ein gang, brillene du brukar for å sjå på Bitcoin betyr ein god del. Ta eit steg tilbake. Zoom ut. Sjå på blokkene, ikkje prisen. Tid, ikkje avkasting. Basis-pengar, ikkje kreditt.
Men ja, medan bitcoin blir monetisert er svingingar i kjøpekrafta å forventa. Den fornuftige reaksjonen er å justera kjøp av bitcoin i samsvar med appetitten på risiko. Ei null prosent allokering er ikkje fornuftig fordi det betyr 100 % allokering i aktiva som har betydeleg motpartsrisiko, eller endå verre: aktiva som eigentleg ikkje er aktiva, men forpliktelsar («liabilities»).
Men toget har gått!
Nei, toget har ikkje gått. Det er framleis veldig tidleg i utviklinga av bitcoin. Alle trur dei er for seine. Alle trur toget har gått.
|
Bitcoin er ein hop-on-hop-off-buss, og rundt og rundt går den. |
Dei fleste bitcoinarar tenkjer ikkje på Bitcoin som ei investering. Det er ein gjennombrots¬teknologi som let deg flytta verdiane dine gjennom tid og rom. Det handlar ikkje om å bli rik i fiat-forstand. Det er ein utgang, ikkje ein retur. Det handlar om å måla verdiane dine i sats, ikkje USD, euro eller ein annan tilfeldig shitcoin. Dine verdiar. Haldne og kontrollerte av deg.
På grunn av dette er det aldri for seint å bruka det til din fordel. På same måte som det aldri er for seint å få tilgang til elektrisitet eller Internett. Det er aldri for seint å adoptera ein
Bitcoin Standard.
Men Bitcoinarar er slemme!
Gjer det rette. Dropp shitcoin-behaldninga di, om det er «krypto» eller fiat-denominert valuta. Start i det små. Ta ansvar. Lær korleis du oppbevarer bitcoin på eiga hand. Skap verdi, bruk mindre enn du tener og start å spara i bitcoin. Begynn å telja verdiane dine i sats.
Eller du kan velja å ikkje gjera det. Du kan velja å bli i «krypto wonderland», kjøpa NFT-ar av apekattar og delar av Ponzi-system bygd på kvikksand. Du kan endå ein gang tru alle løgner om det neste autisitiske vidunerbarnet og bli overbevist om at det fundamentale ikkje betyr noko og at prinsipp er verdilause. Du kan også bli verande i fiat-slaveriet og tru at pengar ikkje skal stelast frå deg (så lenge graden av steling er mellom, la oss seia, 2-9 %), at å trykkja billionar ut av lause lufta er fornuftig monetær politikk og at digitale sentralbankpengar er ein smart idé.
Bitcoin bryr seg ikkje uansett. Men når (ikkje om) den neste sentraliserte avskyelege tenesta imploderer, og når (ikkje om) bitcoin når nye høgder igjen, og når mainstream media ropar «boble» igjen, og når bitcoin-prisen blir korrigert endå ein gang etter det, og når tullingar igjen blir skilde frå pengane dei trudde dei hadde, så hugs dette: du burde visst betre. Du burde ha halde dine eigne nøklar. Du burde ha køyrt din eigen (full-)node. Du burde ha vore audmjuk. Du burde ha stabla sats. Du burde ha lytta til giftige bitcoin-maksimalistar. Du burde lese
ei bok eller to. Du burde ha halde deg unna shitcoins, og Ponzi-spel og sentraliserte «point of failures». Men du gjorde ikkje det. Og du har ingen andre å skulda på enn deg sjølv.
Lykke til.
Fotnotar
5.
«Crypto» har ingen monetær politikk så det er ikkje ein gang verdt å nemna. Om du er nysgjerrig, les
Lyn Aldens artikkel eller berre sjå på
eit av desse
to bilda.
Morsomt og interessant artikkel. Enig i at BTC skiller seg ut fra det meste innenfor krypto universet. Litt egne refleksjoner omkring BTC som sparingsalternativ. BTC har opplevd store prisendringer målt mot Fiat valutaer som USD og NOK. Har man kort perspektiv på sin sparing eller vurderer det som sannsynlig at man trenger midlene til å dekke utgifter i nær fremtid er det nok liten grunn til å spare slike midler i BTC sålenge Fiat systemet fungerer slik som idag. Jeg er ikke en av de som tror at Fiat systemet går mot en snarlig død selv om jeg også mener at et det et system hvor gjeldssårbarheten fort kan få veldig alvorlige konsekvenser for veldig mange.
SvarSlettMen for den som sparer med lengre perspektiv bør sparing i BTC være veldig aktuelt. For i alle 5 årsperioder siden startenfor BTC i 2009 har BTC økt sin relative kjøpekraftsevne betydelig relatert til USD og NOK. Også relatert til de store børsindeksene i USA og Norge har BTC hatt merkbart bedre prisutvikling i alle mulige løpende 5 årsperioder.
Enig i at BTC systemets pålitelighet og funksjonsdyktighet ikke i nevneverdig grad har blitt påvirket av prisutviklingen til BTC. Systemet leverer trofast sine tjenester. Måtte det også bli slik når BTC miningen går mot null. Prisutviklingen eller BTC sin kjøpekraftsevne over tid vil være hovedfokuset til de som vurderer BTC som objekt for fremtidig sparing. Med tanke hvor inflatoriske Fiat systemene er, har absolutt BTC systemet et sterkt konkurransefortrinn.
Det store spørsmålet er hvor stor den politiske risikoen knyttet til BTC er. Vil myndighetene tillate at "penger" utenfor deres kontroll vokser seg så store at de i merkbar grad mister kontroll over pengepolitikken. Penger skal jo dekke veldig mange funksjoner i samfunnet. Det er jo på mange måter myndighetenes viktigste virkemiddel til å få samfunnets ressurser til å samvirke for å oppnå mål.
Takk for gode refleksjonar, som eg er veldig einig i.
SvarSlettDen største trusselen er nok frå politisk hald, og det blir spennande å sjå kva regulatoriske innstrammingar som kjem i den nærmaste tida.
Bitcoin vil ikkje forsvinna sjølv om det skulle bli veldig streng regulering. Men synd om den da i større grad må gå "under jorda".
Veldig ålreit at du fortsatt har bloggen selv i disse tider hvor blogging generelt virker å være på vikende front kontra mer lettfattelige kommunikasjonsformer.
SvarSlettJa selve BTC systemets levedyktighet har nok voldsom overlevelsesevne selv om diverse myndigheter ønsker det til livs. Men diverse myndigheter kan nok hindre dets mer naturlige utbredelse og anvendelsesområde. Da det aktive BTC miljøet oppnådde nivået for kritisk minimumsmasse og geografisk diversitet, noe det for lengst har greid, ble det ekstremt vanskelig å sette det ut av spill. BTC fungerer til tross for myndighetene. Det er så mange folk fra hele verden som bidrar til å holde systemet i ånde.
I mitt hode innebærer BTC en større grad av forutberegnelighet med henblikk på eierskap enn nasjonal valuta. Det er mye klarere forutsetninger knyttet til mine BTC enn relatert til mine norske kroner. Utvanningsfaktoren er bestemt på forhånd, men utvanningsfaktoren til mine NOK er helt umulig å forutsi. Deres verdi vil være opp til det de enhver tid styrende myndigheter,og i stor grad har heller ikke desærlig makt gitt at internasjonale rammevilkår vil det annereledes.
En beslutning om devaluering av den norske kronen kan nok sitte løst i enkelte tider. Og bakteppet er jo at vårt økonomiske system tilsier at myndighetene ønsker at folket i en viss grad skal være gjeldsslaver slik at de må stille sin arbeidskraft til sin disposisjon. Det skal være lett å skape nye penger i form av gjeld. Økt aktivitet innebærer økt vekst, og pengene skal over tid miste sin kjøpekraftsevene for å holde det gjeldsdrevne vekst maskineriet i gang.
Når økonomisk vekster målet, nærmest uansett forutsetninger, blir nye penger hele tiden viktigere enn gamle penger. BTC derimot åpner for at man faktisk kan få muligheten til å plassere sine økonomiske midler i noe som har pengeverdi uten at myndigheten bestemmer hvordan kjøpekraftsevnen skal fortæres over tid. Gamle penger og nye penger har samme verdi i BTC systemet. Der er det ikke noe ønske om å svekke kjøpekraftsevnen til den eksisternde kapitalen mer enn en det som er nødvendig forå holde kostnadene ved holde systemet i gang. For meg innebærer denne valgmuligheten et gode, og et supplement til å holde endel av mine midler i mer
tradisjonelle verdigjenstander. For meg representerer BTC økte frihetsgrader samt forventet gunstig avkastning på lenger sikt. Så takk for en fin blogg som fortsatt lærer meg mye nyttig.