Illustrasjon: Crypto Dost (CC-BY-2.0) |
For å få ei betre forståing av svaret mitt, må eg gjengi hovudpunkta i Thomassens kommentar. Det yter ikkje ET full rettferd, men er likevel einaste måten å gjera det på sidan kommentaren hans er bak betalingsmur hjå Morgenbladet, som også mitt innlegg er.
- ET beskriv FTX-kollapsen innleiingsvis og koplar den til idéen om at "framtida blir til på gutterommet" (ikkje jenterommet?), i pakt med anna teknologiutvikling
- Som følgje av krisa i 2022 er krypto som pengar daudt
- "Kryptovalutaer er bygget opp som åpne databaser. Det er disse databasene som kalles blokkjeder. For å motvirke manipulasjon har kryptopionerene fylt blokkjedene med tilsiktede tregheter."
- Tilsikta tregheit i blokkjeder skaper rom for mellommenn og dermed sentralisering
[ET påstår her at FTX' FTT-token vart laga for å overkomma tregheit i ordinære blokkjeder] - Folk flest er komfortable med sentralisering og verdset den overlegne fleksibiliteten, effektiviteten og tryggleiken det gir
Misvisande om kryptovaluta
Svein Ølnes,
seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin)
Eivind Thomassen vil ikkje vera dårlegare enn andre som har dømt kryptovaluta nord og ned og brukar FTX-kollapsen som grunngjeving for at draumen om kryptovaluta er død. Kommentaren er prega av misforståelsar og feil, og det må vera lov å forventa meir av ein person med økonomisk historie som fagfelt og som arbeider ved eit universitet. Det merkelege er at når det gjeld Bitcoin og kryptovaluta, ser det ikkje ut som det lenger er krav om kunnskap og kompetanse for å uttala seg; kven som helst kan skriva kva som helst så lenge det er negativt.
For å forstå det som
har skjedd i FTX og søsterselskapet Alameda Research, og også dei andre kollapsane
i kryptoverda dette året i selskapa Terra Luna og Three Arrows Capital, er det
viktig å forstå at Bitcoin skil seg radikalt frå det meste av eksisterande kryptovalutaer.
Bitcoin er desentralt der dei andre kryptovalutaene er til dels sterkt sentraliserte,
og i tillegg har Bitcoin frå starten av hatt ein «rettferdig» fordeling av
valutaen ved at alt har komme til gjennom graveoperasjonen. Andre
kryptovalutaer startar nesten utan unnatak med ei førehandsdefinert mengde av
valutaen («premine») som så blir fordelt til opphavspersonar, stiftingar,
utviklarar og andre.
Bitcoin har svært
lite med kollapsane i kryptoverda å gjera, men blir med i dragsuget. Bitcoin er
reservevalutaen i kryptouniverset, saman med ether, og blir stilt som
sikkerheit for lån i diverse andre valutaer. Kollapsen i FTX og i andre selskap
har skjedd etter god gammal oppskrift frå vanleg finans: Lån som er mange
ganger større enn eigenkapitalen, ofte utan noko form for sikkerheit, ein
eigenkapital av «luft» og på toppen spekulasjon med kundane sine innskot. Det
seier også bustyrar John Ray III om det han har sett i FTX så langt. Det er
ikkje snakk om nokon særleg sofistikert operasjon, men «godt», gammaldags
underslag. Dette kjem også godt fram i Jon Kåre Times interessante artikkel om
Sam Bankman-Frieds filosofi om effektiv altruisme.
Thomassen har rett i
at det har vore lite eller ingen smitte over i vanleg finans så langt. Det er
også viktig å merka seg at i motsetnad til finanskrisa er det ikkje nokon stat
som går inn og reddar selskap frå konkurs, med skattebetalarane sine pengar. Aktørane
bak kollapsane blir også arresterte og sikta, og truleg dømde, også det til
skilnad frå finanskrisa.
Beskrivelsen av
kryptovaluta bygt på blokkjeder «fylte med tregheit» er feil. I blokkjedeteknologien
er det eit velkjent trilemma mellom hovudeigenskapane desentralitet, sikkerheit
og kapasitet. Ikkje alle tre kan optimaliserast, og Bitcoin har bevisst ofra
kapasitet til fordel for maksimal desentralitet og sikkerheit. I Bitcoin er filosofien
at sjølve grunnmuren, blokkjeda og konsensusreglane, må vera så robust som
muleg. Så kan raskare betalingsløysingar byggjast på lag utanfor blokkjeda, men
likevel med ei forankring i den. I Bitcoin er det utvikla ei løysing for raske
betalingar kalla Lightning Network, lyn-nettet, og den har kapasitet til
millionar av transaksjonar pr. sekund og er i rivande utvikling.
Det er også heilt
feil at FTX’ eigen kryptovaluta FTT vart laga på grunn av tilsikta tregheit i
andre valutaer. FTT vart, som nesten alle andre kryptovalutaer, laga for å tena
raske pengar på det som heiter seigniorage; altså gevinsten av å laga og
selja sin eigen valuta. Det har tradisjonelt vore nasjonalstaten sitt monopol,
men Bitcoin opna Pandoras eske slik at private aktørar også kan få del i dette
privilegiet. Når kostnaden med å laga ein valuta er tilnærma null, blir
gevinstpotensialet enormt. Det er for freistande til å la vera, og difor ser me
så mange «pump & dump»-eksempel der småinvestorar blir taparane.
Dei fleste føretrekk
sentraliserte og enkle løysingar, skriv Thomassen, og det er nok rett. Men det
er også ein veldig nærsynt observasjon. Dei fleste menneska lever ikkje i Norge
eller i den vestlege verda med demokratiske styresett. Dei fleste menneska i
verda lever faktisk under meir eller mindre autoritære styre og får kjenna på
kroppen sensur på det økonomiske området.
Eg vil tilrå
Thomassen og andre som ønskjer å utvida horisonten på dette området, å delta på
Oslo Freedom Forum 13. og 14. juni neste år. Der får me høyra historier om folk
rundt om i verda som ved hjelp av bitcoin får fridom frå overvaking og tyranni.
13.-14.juni i år eller neste år (2024)?
SvarSlettI år (2023). Eg sende innlegget før jul, men gløymde å få det retta. Skal be om at det blir retta.
SvarSlettHar du link til Jon Kåre Time's artikkel som du referer til?
SvarSlettHer er Jon Kåre Times artikkel som eg refererer til i innlegget mitt:
SvarSletthttps://www.morgenbladet.no/aktuelt/2022/12/23/kryptokongen-bankman-frieds-moralfilosofiske-drom-om-en-stor-fremtid/
Men trur det er bak betalingsmur.